Electrical Walks under årets Ultima, her på lyttetur i rulletrapp (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ultima)

Ultima: Inn og ut av kontekst

“Det er både ei aktiv og passiv oppleving”, fekk eg beskjed om før eg skulle fly til månen.

Kalender

Gammal Maiden med Egil Hegerberg

05/12/2024 Kl. 19:00

Oslo

Lunsj med kultur – Operettelunsj

06/12/2024 Kl. 12:00

Oslo

Lørdagsopera

07/12/2024 Kl. 1400

Oslo

Denne teksten er ein refleksjon over erfaringar frå Ultimafestivalens kontekstprogram og -produksjonar, som Ballades anmeldar og skribent Torkjell Hovland har gjort seg under nokre av arrangementa under festivalen i år.

Festivalar har ei viktig rolle i dag som ein vegvisar inn til musikk og andre kunstuttrykk vi ikkje visste vi trengte, likte eller fanst. Ultima er ein slik vegvisar meir enn dei fleste andre.

Slik sett er det synd at Ultima, som også Oslo World og fleire andre festivalar, har slutta med festivalpasset. Med festivalpass er risikoen låg for å gå på ting du ikkje anar noko om. Det har nok sine grunnar i at salet av festivalpass var labert, men like fullt eit tap.

Å sette musikken i kontekst gjennom tekst, rammer, konsept, kan på sitt beste opne opp for nye musikkopplevingar. Og ofte er det ein del av kunsttuttrykket, ein kan ikkje isolere musikken frå desse rammene. På sitt verste lukkar slike kontekstar og står i vegen for opplevinga. Ei problemstilling som er særleg relevant kva gjeld formidling av samtidsmusikk og sjangernaboane – ny musikk. Korleis påverka dette lyttinga gjennom Ultima 2019?

Til månen gjennom Oslos usynlege lydar
I eit av mange mørke rom på Sentralen var Laurie Anderson & Hsin-Chien Huang sitt To the moon installert. Trygt plassert på ein stol, vart eg påkledd VR-briller og hovudtelefonar. Eg fekk også beskjed om at dette både var ei aktiv og passiv oppleving. Lyssignal på kontrollane gav meg signal om at eg kunne fly – eg strekte ut armane og flaug til månen.

Virtuell røynd (ja, tenk, det er VR på nynorsk også!) har funnest nokre år, men eg har endå til gode å sjå nokon bruke det til noko anna enn ein tekno-“gimmick”. Anderson og Huang har i alle fall prøvd. Eg tok del i ei historie og kunne flytte meg rundt i scenene. Tenk om vi om kort tid kan få ein spelefilm som for eksempel Interstellar på denne måten. Musikken var så som så, det høyrdest mest ut som generisk dataspelmusikk, svevande ambient.

Bilde fra «To the Moon» av Laurie Anderson & Hsin-Chien Huang (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ultima)

Det som vart hengande med meg etter To the moon var instruksjonen ”Det er både ei passiv og aktiv oppleving”. På eit tidspunkt vart eg sittande passivt. Eg var usikker på om eg skulle gjere noko. Gjer eg feil? Går eg glipp av opplevinga no? Heldigvis – etter kort tid smuldrar planeten opp under beina på meg, og eg ser nokre lysande figurar framfor meg. Det må vere dit eg skal. Aktiv.

Nede i førsteetasje fekk eg utdelt hovudtelefonar og eit kart med rute. Eg var klar for Christina Kubisch sitt Electrical Walks. Dei to Ultima-frivillige understreka at det var valfritt å fylgje ruta, men eg måtte passe meg for å gå inn i butikkar då lyden kunne bli så høg at eg skada øyra. I Electrical Walks skal ein nemleg lytte til dei elektromagnetiske frekvensane som omgir oss. Nervøst gjekk eg ut på gata. Med Peltor-øyreklokkene såg det mest ut som vi var anleggsarbeidarar av ein sort.

Det summa lågfrekvent då eg gjekk mot trikkeskinnene i Prinsens gate. Tonehøgda endra seg radikalt. No var det dessutan to tonar. Eg snudde på hovudet og tonehøgda endra seg. Ei aktiv og passiv oppleving. Eg hadde ei superkraft; “de kan berre le av meg, men eg høyrer dei lydane de ikkje ser”.

Electrical Walks: De kan berre le av meg, men eg høyrer dei lydane de ikkje ser (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ultima)

I samarbeid med Ultima laga Kubisch ein særs vellukka virtuell versjon av Electrical Walks Oslo her.

Inn og ut av kontekst
Dei siste åra har Ultima hatt eit parallelt program under overskrifta Context. Gjennom paneldebattar, foredrag, intervju blir musikken sett i ein kontekst. På kritikarsalongen diskuterte fire kritikarar sine ferske meldingar av opningskonserten Lyden av Arktis. Diskusjonen tok ei interessant vending då komponist Lasse Thoresen sjølv var tilstades og sjølv fekk høve til å stille spørsmål og kome med svar. Noko av det Thoresen der stilte spørsmål om, var førehandsomtalar, programnotisar. Han fortalde at han ofte blir spurt om å skrive slike tekstar, somme gongar meir motvillig enn villig. Det skumle med slike tekster er at dei kan lukke verket. Som kritikar kan ein lese teksten og bruke den – får komponisten til det han har sett seg føre? Gode tekstar kan opne verket, eller gi lyttaren nokre lytteknaggar.

Dagen etter Time Time Time i operaen deltok komponist Jennifer Walshe og Timothy Morton i samtale under overskrifta Dark Future. Å høyre om arbeidsprosessen, å bli (litt) kjende med desse menneska, å høyre dei vere ueinige og å høyre dei svare på kritiske spørsmål frå salen tilførte definitivt noko til opplevinga av verket. Gjennom samtalen fekk vi reflektert og grunda djupare og slik blir verket med oss lenger.

Då Du Yun og Ali Sethi vart intervjua, var det like før konsertstart. Samtalen var minst like interessant, men då konserten starta hadde eg mogleg fått litt for analytiske øyrer. I løpet av kvelden kjende eg meg til tider nesten distansert. Då klokka bikka 22 og Ali Sethi Trio gjekk på scena var hovudet fullt. Eg ville berre lytte.

Konklusjonen er vel, som vanleg, at det handlar om ein balanse. Ein heilt vanleg, gamaldags, tradisjonell konsertsetting er både ei aktiv og passiv oppleving. Vi vekslar heile tida mellom ulike måtar å lytte til musikken. Vi lyttar til detaljar, vi leitar i lyden etter det vi las i programheftet, vi leitar etter noko å kjenne att, vi undrar oss over kva i alle dagar dette er. På eit tidspunkt gir vi opp, vi mislikar det vi høyrer – eller kunne det at vi gav opp å forstå endeleg opne opp lyttinga vår? Vi hoppar inn og ut av verda rundt oss. Inn og ut av kontekst.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo