Hopp til innhald
Ensemble recherche 2/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ultima.no

Transparente klangar

KONSERTMELDING: – ensemble recherche har stått bak ein av dei meir stemningsfulle konsertane under Ultima dette året. Når mange komponistar står på programmet er det ofte det ueinsarta som kjem fram. Det var spanande å sjå korleis resultata her – skrivne av så vidt ulike opphavsmenn – gjennom utforskinga av dei felles historiske utgangspunkta ofte hadde liknande utfall, skriv Ballades meldar om konserten.

Av Ida Habbestad

Som namnet tilseier er ensemble recherche kjend for sin søken og nyfikne haldning. Ensemblets fløytist formidlar det i programmet gjennom Emil Bernhardt: Hovudmotivasjonen har vore å oppfatta recherche-omgrepet i vidast mogleg forstand, og ein har medvite søkt mot nye stykke, speleteknikkar, fremføringssituasjonar og publikumsgrupper.

«The Witten In Nomine Broken Consort Book» er eit godt døme på dette. Den første versjonen i 1999 besto av 14 komposisjonar, der ulike komponistar var inviterte til å skriva ein kort komposisjon med utgangspunkt i eit renessanseverk frå den engelske In Nomine-tradisjonen.

I dag er verka meir enn 45 i talet – og ideen er stadig den same: Frå den originale antifonen skal komponisten laga eit kort verk for ein fritt valt samansetjing av musikarar frå ensemblet.

Transparent klang

Det var eit snev av ECM-sound over dei 15 «In Nomine»-verka på programmet i Jakobskirken laurdag. Her var transparente, lyse og velintonerte klangar – få store utbrot og heller ei meditativ og stille utforsking.

I programmets første halvdel var det lett å gå vill. I programmet sto verkkommentarar i hytt og pine, og ein skulle halda tunga rett i munnen for å få med seg kva verk som vart framført til eikvar tid.

Men denne moglege forvirring var til sjuande og sist ikkje særleg problematisk. Istaden tydeleggjorde den korleis kvart verk kunne inngå som satsar i eitt større verk, komponert av mange.

Når mange komponistar står på programmet er det ofte det ueinsarta som kjem fram, og det var spanande å sjå korleis resultata her – skrivne av så vidt ulike opphavsmenn – gjennom utforskinga av dei felles historiske utgangspunkta ofte hadde liknande utfall.

Flyktig og mediterande

Ledige stillinger

Til dømes virka det som om mange av komponistane freista plassera musikken utanfor tid og rom, truleg inspirert av den polyfoniske tankegongen i renessansestykka. Ut frå dette fekk me fleire døme på lineære, ikkje-horisontale og ikkje-pulserande forløp som svevde i rommet meir enn å gå framover.

I dei mange korte verka var det sjeldan rom for store og komplekse forløp, men heller presentasjonen av ein enkelt ide, ein tanke som vart skissert, tidvis fragmentarisk, før den var over.

Dette flyktige og samtidig mediterande lydde overveldande vakkert. I tillegg hadde mange komponistar valt eit lite instrumentarium, ofte med sopraninstrument eller ein let instrumenta spela lyse klangar. Mest ekstremt var det kanskje i «Schnee» av Abrahamsen, der det skimrande rådde grunnen, og ein kunne telja få innslag av djupne, medan Sciarrino sto bak eitt anna stillfare stykke, som krinsa kring enkelt-tonar, klaffelydar og stille. Kurtag sitt verk for bassklarinett var ei kjærkomen avveksling i så måte – med ei større utforsking av den instrumentmessige djupna.

Odde og vakkert

Fleire komposisjonar likna Webern sin orkestrering av Bachs «Ricercare», og med dei lange linjene som utgangspunktet klang desse meir poengterte versjonane underleg avbrotne, skrudde, «out of style».

Sjeldan høyrer ein musikk så heilskapleg samansett, så odde og stemningsfull på same tid. Det einaste eg kunne ha å utsetja på denne konserten var lengda – som i den seine nattetimen vart eit ørlite bel for lenge.

Men at det ni mann store ensemblet er mellom Europas ledande innan samtidsmusikk – og ikkje minst innan samtidsmusikkformidling – er det ikkje tvil om, og for underteikna var opplevinga mellom dei større i årets festival.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ole Henrik Moe, Kari Rønnekleiv

I orkan-auget

INTERVJU: Ole-Henrik Moe, fjorårets vinnar av Nordheim-prisen, er dette året aktuell med fleire urframføringar under Ultima, samt lansering av ein...

Ultima Ung, Coucheron/Foto: www.ultima.no

Gamalt nytt på Ultima

KONSERTMELDING: Innimellom ei rekkje urframføringar, baud gårsdagens konsertrunde òg på ein serie eldre verk. Her var komposisjonar som «Suite i...

Black Box: Louder,

louder

Høylydt orkesterverk med bakgrunn i drivgods og rekved fra Mekong-elven.

Edvin Østergaard (Foto: Håkon Sparre – Universitetet for miljø og biovitenskap)

Ultima 2007: Den 7. himmelretning

INTERVJU: Tidlegare i sommar vann komponist Edvin Østergaard ein internasjonal konkurranse i regi av Det Nederlandske Radiokor, med verket «The...

Rebekka 2/Foto: Jörg Wiesner, www.operaen.no

Enkel uhyggje

KONSERTMELDING: Operaen «Rebekka» hadde premiere denne helga, som del av opningshelga under årets Ultimafestival. – I sin nye opera har...

Equatorial Rhythms (Ultima 2007)

Equatorial Rhythms – live

Ultimafestivalen inviterer til live-event med musikere fra lydkunstutstillingen Equatorial Rhythms.

Flere saker

Rebekka Gardens video Kontæiner

Ballade video: Årskavalkade for 2022

Godt nytt musikkvideoår! I årets første utgave av Ballade video har vi samlet høydepunkter fra året som gikk: her er...

Kenneth Ishak: artisten som også produserer andre artister, i Ballades serie Inspirasjoner.

– Mystikken er nøkkelen. Kenneth Ishak velger Hval.

Den alltid aktuelle Kenneth Ishak trenger å høre noe som ikke er så opplagt. Derfor valgte han seg Jenny Hval...

Kristine Tjøgersen

Ballade klassisk: Den nye hellighet

Natur, kirkerom, ord og klang. Ballade klassisk har lyttet til aktuell kunstmusikk som på ulikt vis utforsker hellighet.