Hopp til innhald

Enkel uhyggje

KONSERTMELDING: Operaen ”Rebekka” hadde premiere denne helga, som del av opningshelga under årets Ultimafestival. – I sin nye opera har Glenn Erik Haugland, saman med librettist Rolf Norsen, regissør Michael McCarthy og scenograf Simon Banham gjort ei modig og dramatisk iscenesetjing med valdtekt som tema. Men kanskje burde verkemidla vore endå råare for at tematikken skulle komme heilt til sin rett, skriv Ballades meldar om framsyninga.

Av Ida Habbestad

I forspelet til operaen er Rebekka like taus som søstera, Katrina, som er valdteken og som sidan har vore innlagt på ein psykiatrisk institusjon. Rebekka står der, taus, og formidlar ei valdsam uhyggje. Det same gjer den oppstilde folkemassen bak henne, og berre orkestret talar – rytmisk poengtert, lett dissonerande – verkeleg og fjernt på same tid.

Valdtekt er eit sterkt og ubehageleg aktuelt tema. I sin nye opera har Glenn Erik Haugland, saman med librettist Rolf Norsen, regissør Michael McCarthy og scenograf Simon Banham gjort ei modig og dramatisk iscenesetjing av emnet, fortald gjennom Rebekka sitt sterke ynskje om hemn.

Me er med heile vegen, frå Rebekka sine hysteriske og overdrivent beskyttande tilnærmingar til søstera, til ho tek saka i eigne hender og med list klekkjer ut ein plan, der ho utnyttar så vel overgriparens kjærast som andre for å få gjennomført sin hemn. Dermed gjer ho på mange måtar seg sjølv til overgripar – og i mellomtida har søstera teke sitt eige liv.

Realisme og kvardag

”Rebekka” er og blir ei modig framstilling, og langt på veg har ein lukkast i å finna gode løysingar der operamediet lett kunne ha komme til kort.

Ein opera på norsk kan til dømes raskt verta patetisk, men Hege Høisæter si tolking av hovudrolla på klingande bergensdialekt gjev det heile eit jordnært og realistisk preg. Hjå dei aller fleste songarane er uttalen upåklageleg.

Å basera ein opera på tekst av Ingvar Ambjørnsen er dessutan sprekt – og, tenkjer ein, lite operatisk – men storparten av librettoen fungerer overraskande bra, med eit folkeleg språk, kraftuttrykk, realisme og kvardag.

Men der er augneblikk eg tenkjer at ein kunne tjent på å vera mindre konkret.

Dømevis i presentasjonen av Roger, overgriparen. Me møter han i rolla som forretningsmannen som skal byggja kulturhus. Han har nyleg underteikna byggjekontrakten og kjem glad og nøgd inn i lokalet og syng om ”kultuuuurhuset” – og bestiller samtlege porsjonar fiskepudding i cafeen for å feira.

Ledige stillinger

For meg bryt denne humoristiske scena med den brutale røynda ein eigentleg ynskjer å seia noko om. Den minner meg om at dette ikkje er verkeleg, men på liksom, og ikkje på ein brechtsk måte der tilhøvet mellom kunst og røynd, tilhøyrar og framførar, vert problematisert, men som ein unødvendig påminnar om distansen mellom scene og sal.

Ikkje minst av di ovargriparen dermed framstår som ein harmlaus og tufsete fyr som ikkje skremmer meg – før i innleiinga av andre akt, der Rebekka i ein draum gjennomlever overgrepet på søstera.

Tilsvarande bit ikkje dei mest realistiske valdsscenene; der motorsykkelgjengen bankar opp Tommy (ein tilfeldig cafegjest) og når dei seinare gyv laus på Roger; utan at eit einaste slag verkeleg treff. Eg ynskjer sjølvsagt ikkje å sjå reell vald på noka scene – men stiliseringa av eit nesten reelt bilete virkar på meg meir ufrivillig morosam enn ubehageleg – og syner kor vanskeleg det kan vera for operamediet å gå inn på actionsjangerens domene.

Dobbel botn

Ubehageleg er imidlertid dei enkle verkemidla. Den ukunstla scena – imellom med grelle bilete, som i slaktariet der daude dyreskrottar heng frå taket, eller i scenene der kormedlemmene skapar tause formasjonar – talar for seg, og skapar uhyggje nettopp i kraft av desse klåre og reinskorne bileta.

Og der er fleire scener som grip sterkt. I ”Eg er ditt skjold” formidlar Rebekka sin beskyttartrong for Katrina, prosjisert på Roger sin kjæraste Nina, som ho forvekslar med søstera. Gjennom denne omsuten for Nina kjem ein dobbel botn fram, som både syner galskapen i Rebekka sitt prosjekt, og den sterke kjærleiken som ligg bak.

Også i draumen forvekslar Rebekka Nina med søstera, og gjennom denne scena som både syner overgrepet og set Rebekka på tiltalebenken presenterast kjerneproblematikken i dramaet.

Ved slike høve kjem det musikalske sterkast til sin rett – men gjennomgåande er Haugland sin musikk velfungerande; melodisk, nært lagt opp til teksten, samstundes som orkestret spelar ei viktig funksjon. Både orkester og songarar gjer gode jobbar, og songarane imponerer dessutan med sine gode sceniske prestasjonar. Hege Høisæter i sær; med ei høgst truverdig formidling av hysteri, list, beskyttartrong og sårbarhet gjennom den to timar lange framsyninga.

Andre krav

Kanskje stiller ein høgare krav til operakomponistar i dag kva gjeld heilskapleg samanheng, enn kva ein gjorde for eitt og to århundrer sidan. Standardlitteraturen har haugevis av døme på god musikk til dårlege historier, som ein yndar å elska allikevel.

Denne operaen har både tekst og musikk som held mål, og belyser dertil eit emne som er viktig. Men med framføringa av Rebekka har eg meir lete meg fascinera av gode songprestasjonar, godt orkesterarbeid, ein spanande libretto enn eg har tenkt på grusomme og brutale overgrep. Kanskje burde derfor verkemidla vore råare for at tematikken skulle komme heilt til sin rett.

Rebekka
Musikk: Glenn Erik Haugland
Libretto: Rolf Norsen etter romanen «Dukken i taket» av Ingvar Ambjørnsen
Regi: Michael McCarthy
Scenografi: Simon Banham
Kostymer: Inger Kari Rosten
Lysdesign: Gretar Sveinbjørnsson
Det Norske Operas Orkester, dirigent: Trond Korsgård
Det Norske Operas Kor, Kormester: Steffen Kammler

Ledige stillinger

Relaterte saker

Equatorial Rhythms (Ultima 2007)

Equatorial Rhythms – live

Ultimafestivalen inviterer til live-event med musikere fra lydkunstutstillingen Equatorial Rhythms.

LabField

LabField

Ny Musikk/Ultima presenterer fiskeformede lydinstallasjoner i Kulturkirken Jakob. Stackenäs/Zach utforsker etterklangens verden.

Equatorial Rhythms (Ultima 2007)

Ultima 2007: Å lytte til rytme i kunst

UTSTILLING: Equatorial Rhythms gjenspeiler livets rytmer, slik de er reflektert både i musikk og kunst, skriver Selene Wendt om denne...

Glenn Erik Haugland

Ultima 2007: Rebekka

IINTERVJU: Ultimas åpningskonsert er i år Glenn-Erik Hauglands opera Rebekka, som framføres i Bærum Kulturhus. Rebekka har en dypt alvorlig...

Geir Johnson (foto: mic.no)

Ultima 2007: På tvers av modernismen

INTERVJU: Ultima 2007 åpner fredag. Helt fram til 14. oktober kan festivalen blant annet presentere en mengde urframføringer av norske...

Ultima, skyskraper

Ultima søker: 100 fløytister, 100 saksofonister

Fremføringen av Sciarrinos ”Studier for å stemme havet” krever en smule ekstra ressurser…

Flere saker

Utan Dom. En duo fra Sarpsborg som staver bandnavnet fast med punktum.

Gå din vei, plag noen andre (snart er det jul)!

Mange i norsk musikkliv kjenner Ballades redaktør. Men hva velger hun seg før jul? Historien om drankeren, den skjelvende, den...

Mezzosopran Sunniva Eliassen, kunstnerisk leder og initiativtager Bachfest

Sunniva Eliassen fra Bachfest nord: Vi får tilgang til noe som er større enn oss selv

I dette intervjuet forteller mezzosopran Sunniva Eliassen om minifestivalen Bachfest nord som endelig kan sjøsettes, om Bachs fengslende polyfoni, om...

Leif Ove Andsnes Tveitt Helge Hansen

Ballade klassisk: En ny vår

Eivind Buene spinner i gang assosiasjonsapparatet mitt. Mørk spiller truende. Andsnes eterisk. Herman Vogt lar lyset skinne. Ballade klassisk gir...