Hopp til innhald
Lars Petter Hagen, sittende

(Foto: Ultimafestivalen)

Stor interesse for Ultimafestivalen

Ultimas festivalsjef Lars Petter Hagen kan fortelje om godt besøkte arrangement, og engasjement utover det vanlege samtidspublikummet.

Så langt har gjennomføringa av festivalen gått veldig bra! Vi har hatt fleire store prosjekt med mange aktørar involvert, og trass i dette har alt gått smertefritt. Med tanke på publikum, har arrangementa vore veldig godt besøkt, og vi har hatt publikum frå alle aldersgrupper. Det verkar absolutt som at engasjementet for festivalen har nådd utover det vanlege samtidsmusikkpublikummet.

— Er det ein post på programmet du vart særskilt positivt overraska over, eller har ekstra store forventingar til?

— Det er vanskeleg å trekke fram ein konkret programpost, men eg vil sei at heilheita er det beste, og at arrangementa snakkar til kvarandre på ein fin måte. Eg kan jo nemne at opningskonserten med 900 personar i rådhuset, var veldig spesiell. Det er alltid ein risiko med store arrangement, men dette er ein risiko Ultima må ta for å få dei unike resultata. Det er lett å fokusere på dei store hendingane i ei oppsummering, men styrka ligg i balansen mellom dei store arrangementa og dei små, meir undergrunnsprega arrangementa.

Med handverk på agendaen

Handverk har vore det overordna temaet for årets Ultima. I forkant av festivalen at han ynska å nytte moglegheita til å diskutere kva «godt handverk» vil seie innanfor ulike sjangrar og tradisjonar.

— No som festivalen nærmar seg slutten, har du nokre fleire tankar om kva som kan seiast å vere godt handverk?

— Godt handverk er når det er optimalt forhold mellom ide og gjennomføring, og det har vi hatt mange eksempel på gjennom festivalen. Eg kan til dømes nemne opningskonserten, Rosenfeld sin cover av Ligeti sin «Lontano» for tenåringskor, Oneohtrix Point Never på Ultima Noise Fest og bratsjisten Ida Bryhn sin solokonsert. Alle desse er dømer på ulike kunstnariske strategiar som utvilsamt kan seiast å vere godt handverk trass i store skilnadar. Omgrepet handverk må sjåast i kontekst, og kan bety forskjellege ting innanfor forskjellege estetiske paradigme. Eit av måla med dette temaet har vore å engasjere publikum for å få til ein konstruktiv diskusjon kring kvalitet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Lars Petter Hagen, sittende

Håndverkstedet Ultima

Håndverk kan brukes som en form for hersketeknikk, mener Ultimasjef Lars Petter Hagen. Han vil bruke festivalen til å diskutere...

Lars Lillo Stenberg

Ultima-programmet klart

Luciano Berios Sequenza -serie for soloinstrumenter er en rød tråd, og vi får hilse på Lars Lillo-Stenberg i en helt...

Flere saker

Susanna mottar EDVARD prisen Foto: Jonathan Vivaas Kise

EDVARD-pris til Susanna

Susanna Wallumrød vinner prisen i kategorien «Åpen klasse».

Edvard 2021 Collage 2 1280x600 TONO kollasj Kristian Dugstad

Nominerte til Edvard-prisen 2021

Blant årets nominerte er Mimmi Tamba, Ole Paus, Agnes Ida Pettersen, Jan Martin Smørdal, Tine Surel Lange og Lasse Marhaug.

Gadarene Wine

En evig Musikkens dag

– Det er en magisk verden. Så la oss utforske den, skriver Arvid Skancke-Knutsen i dette essayet om norsk og...