Spirande Hardingtonar
INTERVJU: Geirr Tveitts musikk står som vanleg i fokus under den 18. gjennomføringa av Hardingtonar i Nordheimsund. I jubileumsåret for komponisten slår dei på stortromma med ein ferdigstilt versjon av Tveitts fiolinkonsert. Dessutan har dei invitert ei rekkje nolevande kunstnarar til å la seg inspirera av Tveitts komposisjonar. – Spire er eit ganske anna konsertkonsept enn kva me er vande med, fortel sekretær i festivalen, Solfrid Aksnes, til Ballade.
Av Ida Habbestad
Festivalen vart i si tid etablert med ynskje om å auka kjennskapen til
Geirr Tveitt sin store produksjon, og har gjennom åra bidratt til å setja
eit større søkjelys på komponisten.
I Tveitts jubileumsår er dermed Hardingtonar ein sjølvsagt aktør, og under
ei festframsyning markerer dei dessutan medjubilanten Olav H. Hauge.
Festivalen er for høvet utvida med ein dag, og byd på ei eiga nysatsing
i tillegg til det meir tradisjonelle programmet. Ei rekkje kunstnarar involverte
i Spire er invitert til Nordheimsund med sine kommentarar til Tveitts musikk.
— Det er fem musikarar som kjem, som alle har fordjupa seg i musikken hans.
Kurator Mike Harding vitja Nordheimsund tidlegare i år og fekk med seg
mykje musikalsk materiale. Det har vore inspirasjonskjelda deira – og
me meiner det er eit fruktbart utgangspunkt, seier Solfrid Aksnes.
Aksnes er sekretær i Hardingtonar og fortel at det var viktig for festivalen
å finna fram til noko fornyande dette året – dei ville bidra med ei større
spennvidde til jubileet.
— Det er noko med å sprenga grenser, seier ho.
— Og dessutan å kunna presentera ting me ikkje så ofte har høve til å høyra
her i kommunen. Eg kan i alle fall ikkje hugsa at me har gjort noko liknande!
Ulike utspring
Det var Borealis-festivalen i Bergen som formidla kontakt mellom Hardingtonar
og kunstnarane i Spire. Spire er produsert og kurert av Mike Harding (som
òg er kjend frå Touch) og spring ut frå fascinasjonen for orgelet som instrument.
”Orgelet er keisaren av instrumenta”, skriv Harding i ein artikkel
om prosjektet, der han i utgangspunktet
inviterte ei rekkje kunstnarar og utøvarar til å la seg inspirera av klangar,
historikk eller andre aspekt ved instrumentet, som utgangspunkt for nye
verk.
Med varierande besetningar har dermed ei rekkje prosjekt funne stad, mange
av dei i store europeiske katedralar. Nordheimsund kyrkje er difor eitt
viktig lokale når artistane i denne venda – Marcus Davidson, Philip Jeck,
Charles Matthews, BJNilsen og Jana Winderen – vitjar Hardanger i midten
av juni.
Men størst forventning har Aksnes til eit innslag som finn stad i hagen
utanfor Sandven hotell.
— Medan dei fleste kunstnarane har teke utgangspunkt i Tveitts musikk åleine,
tek Marcus Davidson utgangspunkt i lokalområdet kring Nordheimsund, fortel
ho.
— Davidson har engasjert ei rekkje hardingfelespelarar, både profesjonelle
og amatørar, vaksne og barn til å delta. Målet har vore å få med seg 50
utøvarar, og eg trur dei nærmar seg det talet no.
Dei femti felespelarane deltek under den første av fire programpostar,
alle med ulik lokalisering. Philip Jeck skal til dømes opptre i den lokale
kinoen. Med 2 platespelarar, eit keyboard og ein samplar vil han improvisera
kring ”100 folketonar fra Hardanger”.
Davidson og Charles Matthews vil begge opptre inne i kyrkja; Davidson med
eit stykke basert på Tveitts Pianosonate nr.29, medan Matthews presenterer
sin versjon av tre av Tveitts orkesterstykke; reisebileta ”Via Appia”,
”El Escorial” og ”Stjernehimmel over Sahara”.
Som Davidson er òg den norske kunstnaren Jana Winderen oppteken av natur
– og heller enn å ta utgangspunkt i eit verk av Tveitt, har ho valt naturområde
som Tveitt var oppteken av som sitt startpunkt. Opptak frå Folgefonna,
lydar inne i og utanfor isbreen er dermed sentralt materiale i hennar verk,
medan BJNilsen har vald å la seg inspirera av lyden av Tveitts musikk.
Eit opptak av ”Rjupo pao Folgefodnæ”, ligg til grunn for hans improvisasjonar.
— Det fine med prosjektet er at det er så fritt, fortel Aksnes.
— Publikum får mange sjanser til å oppleva utøvarane, og dei kan komma
og gå litt som dei vil. Dei kan dessutan velja om dei vil ta del i alle
fire – eller kanskje berre ein av konsertane. Spire er eit ganske anna
konsertkonsept enn kva me er vande med.
Nyorkestrert fiolinsonate
I tillegg til nysatsinga vert det fleire andre storhende under årets Hardingtonar.
Den alt nemnde festframsyninga, ”Under bergfall” opnar festivalen, og
er kunstnarleg leiia av Hildegunn Riise, og der artistar og utøvarar som
Herborg Kråkevik, Liv Bernhoft Osa, Lars Klevstrand, Njål Sparbo, Berit
Opheim, Valkyrien Allstars, Einar Røttingen og Geir Botnen tek del.
Like spesielt er det kanskje at ein nyleg bearbeidd versjon av Tveitts
fiolinkonsert vert framført av Bergen Filharmoniske Orkester. Til no har
den berre eksistert i ein versjon for fiolin og klaver.
— Fiolinsonaten vart framført før krigen, men vart liggjande ikkje heilt
avslutta. Kaare Dyvik Husby, som har arbeidd mykje med Tveitt har ferdigstilt
den på bakgrunn av opptak som fanst, fortel Aksnes entusiastisk.
Vilde Frang Bjærke er solist, medan Ole Kristian Ruud dirigerer, og Aksnes
lovar spanande opplevingar, både her og under resten av festivalen.
Det fullstendige programmet finst på
hardingtonar.no
Ledige stillinger
Stipendiatstilling i musikkterapi
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Stipendiatstilling i musikkvitskap
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Kantor/kirkemusiker
Vågsbygd menighet - Kristiansand Søknadsfrist:06/02/2025
A&R Manager
Universal Music ASSøknadsfrist:05/02/2025
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025