Sangensemblet Tabula Rasa i produksjonen BEDEHUS under Bergen Kirkeautunnale i slutten av september (Foto: Nayara Leite)

Sjølvrefleksjon i bedehuset på Bergen Kirkeautunnale

Komponisten Else Olsen S. har lurt på om fenomenet bedehus er i ferd med å miste seg sjølv. Undringa vart til arbeidsskissa BEDEHUS, eit musikkteaterverk, som ho testa ut på eit publikum henta frå både bedehuskulturen og samtidsmusikken.

Kalender

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Kreativt Mandagsmøte

07/12/2020 Kl. 14.00

Vestland

Cikada – Ultima 2020

19/09/2929 Kl. 16.00

Oslo

Den årlege haustfestivalen i Bergen viste eit spekter av musikk knytt til kyrkja, frå tradisjonell salmesong og klokkespel til utfordrande samtidsmusikk. Haustens tema ‘bedehus’ fekk eit humoristisk, sjølvironisk skråblikk då røystene i vokalensemblet Tabula Rasa tolka verket BEDEHUS. Verket tinga dei spesielt for anledninga av komponist Else Olsen S.

Bedehuset var tidlegare ein viktig arena for samvær i lokalsamfunn, og på 70-talet var det meir enn 3000 bedehus i Noreg. Men no vert brukarane av huset stadig eldre og behovet mindre. Bedehuset har hamna på bustadmarknaden, og huset for gudstru vert gjerne sett på som litt kitsch. Med årets tema ynskja aktørane bak autunnalen å reflektera rundt bedehuset si rolle i dagens Noreg.

Tabula Rasa er eit vokalensemble med føremål om å fremme ny klassisk vokalmusikk og arbeidar mykje med improvisasjon og teatrale verkemiddel. Komponisten Else Olsen S. arbeidar med eksperimentell musikk, gjerne med innslag av folkemusikk. Ho vaks opp i bedehuskulturen, med ei mor som akkompagnerte allsong på pianoet. Saman ynskja Tabula Rasa og Else Olsen S. å grave i bedehusets tradisjonar og sette det inn i eit samtidsmusikalsk perspektiv. Resultatet vart eit sjølvreflekterande verk som ser på ritual og sosiale kodar som oppstår når menneske kjem saman i større grupper. Til dømes på bedehuset.

Eg oppsøkte kyrkja før eg tok ein prat med Olsen S. og medlem av ensemblet, Arild Rohde.

Fredag kveld på bedehuset
På veg til å sjå arbeidsvisinga av stykket, forvilla eg meg nesten inn på ei korøving for ungdommar, men vert rettleia til Nykirken menighetshus. Eit smilande ensemble og Olsen S. kledd i kvitt tek oss i mot. Saman med regissør Ingrid Askvik og scenograf Silje Sandodden Kise har dei laga musikkteaterverket BEDEHUS.

Det startar forsiktig med «hoho». Som i når ein helsar på gode vener. Ensemblet let små hoho fly ut av munnen deira medan dei står med opne andlet vendt mot oss. Atmosfæren er ufarleg og uhøytideleg. Bedehusaktig, kanskje.

Sandodden Kise brukar overhead for å skape projeksjonar som vert bakgrunn for ensemblet. Ho skriv løkkeskrift på overheaden, og tek meg tilbake til skulen. Eg er elev, og ho er lærar. Det er tyst i rommet. Eg kjenner på min eigen mangel på tolmod. Eksperimentell musikk krev sitt frå publikum. Lytting.

I dette bedehuset snakkast det ikkje i tunger, men i koppar. Ensemblet held kvar sin kaffikopp foran andletet og pratar inn i porselenet. Dei ser på oss. Tilsynelatande opne og vennlege, men me får ikkje høyre kva dei pratar om. Dei held koppane mot øyrene og lyttar. Me får ikkje høyre kva dei høyrer. Me vert heldt utanfor.

Stemninga vekslar mellom sakral og opphøgd til overfladisk og sladrete. Dei seks songarane pratar mot oss idet det brytas opp av eit strengt «hysj!». Nokon har misforstått dei sosiale kodane, eller utfordra dei, og vert irettesett. Dei fortset. Kviskrar og ler i koppane. «Hysj!». Igjen er det nokon som har mistolka fellesskapets normer. I dette kaffeslabberaset er ikkje limet hygge, men kutyme.

Fleire gonger under stykket tek utøvarane opp industrirøyr og bles i dei. Noko opphøgd bind dei saman, og den tilsynelatande felles trua fungerer som eit sterkt lim. For ei kort stund i alle fall. (Foto: Nayara Leite)

Dei kvite porselenskoppane står i stil med resten av bedehusestetikken; kvite hekledukar, sitronkaker, kaffikanner. Det er som frå ei anna tid. Hekledukar vert lagt på overheaden og ensemblet vert til broderi. Kaffi helles over overheaden og skikkelsane står på skjelvande kaffihav. Eg har lagt merke til den eksperimentelle musikkens elsk på overhead. Det fungerer godt.

Dei ser på oss. Tilsynelatande opne og vennlege, men me får ikkje høyre kva dei pratar om.

Gjennom denne korte timen finn songarane kvarandre fleire gonger, og fellesskap oppstår. Men den selskapelege stemninga vert heile tida avbrott. Dei prøvar å finne den igjen. Dunker stemmegaffelen mot hovudet for å finne tonen. Ein gitar vert dratt fram – eit sikkert teikn på jovial, gladkristen stemning. Akkorden set heile ensemblet i Ten Sing-modus, men like fort som det starta, vert det avslutta, og den gufne stemninga kjem tilbaka. Lyden av forvrengt klokkespel forsterkar uhygga og det er tydeleg at ein ikkje kan slappe av i dette fellesskapet. Det er ikkje trygt.

Dei mest harmoniske augeblikka oppstår når ensemblet vert drege mot vindauget, med blikka festa på himmelen. Når dei fokuserer på trua oppstår fellesskapet, og dei smålege, overfladiske gnissingane gløymes. Eller rundt fellesprosjektet om å vaske golvet, i tilfelle Jesus kjem. Då er det greitt å ha reint golv.

Samhaldets utalte normer
Opedal: Etter førestillinga sat eg igjen med inntrykk av at stykket ertar kyrkja litt, og eg syns denne sjølvironien eller sjølvrefleksjonen sat kyrkja i eit positivt lys.

Olsen S.: Bedehus er jo eit sensitivt tema. Det betyr utruleg mykje for nokon, mens for andre er det kitsch. Så eg kjenner på eit visst ubehag. Også har eg ei kjensle av at det ikkje er kult å blande inn religion i kunst og eg trur ikkje det er politisk korrekt å vere kristen no for tida. Ikkje muslim heller. Det meir riktig å vere buddhist eller agnostikar. Sjølv vaks eg opp i bedehuskulturen kor hekledukane hang tett. Tanken bak bedehus er at absolutt alle kan koma. Du skal ikkje ein gong trenge å køyre der til ein gong, men berre gå bort. Det er derfor ein ser bedehus rett ved vegen – det skal ikkje vere noko som hindrar ein frå å kome.

Eit av medlemma av ensemblet, Arild Rohde, er ikkje kristen sjølv, men meiner kodane som oppstår i eit bedehus er overførbart til andre grupper.

Bedehuset står for samhald. Ope for alle, rett over gata. Hekledukar og kviskring i kaffikoppar. Innanfor og utanfor. (Foto: Nayara Leite)

Rohde: Det er avgrensa kor interessant det er med eit stykke som handlar om bedehus spesifikt, så me har valt å sette det i ein større kontekst og sjå på det menneskelege som bedehuset står for. Samhaldet. Og diskusjonen som oppstår av det: Kva er innanfor, og kva er ikkje innanfor? Og dette kan relaterast til alle sosiale settingar. Kva er punk, og kva er ikkje punk til dømes? Kva skjer når du kjem inn på ein punkestad, og ikkje er punk nok? Man merkar gjerne ikkje reglar eller normar før dei vert brotne. I eit fellesskap er det kanskje til dømes nokon som kan reise seg opp og sei noko, mens andre kan ikkje.

Olsen S.: Når nokon kviskrar inni kaffikoppen så forstår me kva det betyr. Det å i teorien vere inkludert, men likevel ha ei kjensle av å vere usynleg. Det å kome inn i eit rom å veta at ein vert sett, men samtidig ikkje. Dette skjer i alle fellesskap.

Fleire gonger under stykket tek utøvarane opp industrirøyr og bles i dei. Eit samhald oppstår. Noko opphøgd bind dei saman, og den tilsynelatande felles trua fungerer som eit sterkt lim. For ei kort stund i alle fall.

Seks menneske som bles i plastikkrøyr
Olsen S. dreg opp ei bunke med ark og viser meg døme frå partituret. Ho er oppteken av at det er eit organisk verk som kan utviklast kontinuerleg, og at alle deltakarane er med på å laga forma. Ikkje berre ensemble, regissør og scenograf, men også publikum. Eller konsertdeltakarane, som regissøren likar å kalle oss.

Når nokon kviskrar inni kaffikoppen så forstår me kva det betyr. Det å i teorien vere inkludert, men likevel ha ei kjensle av å vere usynleg.

Olsen S.: Eg kunne skrive ut nøyaktige tonar og hatt ein viss kontroll, men eg vil sleppe den kontrollen og la utøvarane vere med å eksperimentere. Partituret er skrive i ti satsar, men har ikkje noko fastsett rekkefølge. Og fleire deler kan spelast samstundes – på fredag spelte me fire satsar samstundes til dømes. Så ein opparbeider seg ein palett på ein måte. Det kan samanliknast med eit sett med skispor. Du kan føle deg trygg i eitt spor, men du kan også velje mellom alle dei ti andre skispora, og hoppe inn og ut av dei alt etter kva tonane ber deg om – om du berre lyttar.

Skisse av partituret til BEDEHUS (Foto: Åsa Opedal)

– Det kan samanliknast med eit sett med skispor. Du kan føle deg trygg i eitt spor, men du kan også velje mellom alle dei ti andre skispora, og hoppe inn og ut av dei alt etter kva tonane ber deg om – om du berre lyttar, seier komponist Else Olsen S. om partituret. (Foto: Åsa Opedal)

Rohde: Og det kan samanliknast med bedehuset. I teorien er bedehuset ope for alt og alle, men i praksis utviklar det seg reglar. Både uttalte og ikkje uttalte. Partituret er ein instruksjon som me improviserer rundt, så kjem Else med tilbakemeldingar, og undervegs oppstår retningslinjer. Det som er kjekt med dette partituret er at alle kan lese det. Ein treng ikkje fem år på høgskule. Eller det vil sei, alle kan lire det av seg, men om det skal fungera så er det mykje jobb. Ein må kome djupt ned i det og eie det. Oppriktig og personleg. Nokre gonger har eg følt at no er me berre seks menneske som bles i plastrøyr. Mens andre gonger tenker ein ‘no skjer det! Der er me!’. Og det er veldig spannande. Kva er forskjellen? Forskjellen på å skape musikk og berre tute i eit røyr?

Sånn vert det også ein tidskapsel som fangar tida og den verda me er i no. Me håpar at dette verket kan vere med å opne dørene litt meir til bedehuset.

Skisser av partitur
Olsen S.: Det handlar om intuisjon og å la seg følgje av tonane som kjem. Ensemblet må lytte undervegs, og er sjølv med å skape verket. Dei er ikkje nikkedokker for mitt verk. I partituret så står det til dømes at om du kjenner sterkt behov for å gjere noko anna enn instruksjonen, så gjer du det.

Rohde: I dag, forsterka av sosiale media, er ein meir opptatt av kva ein skal sei og sende ut, enn å lytte. Men om ein ikkje lyttar vert det kaos. Me arbeider mykje med improvisasjon i ensemble, men utan rammer vert det stort sett kaos.

I eit partitur har Olsen S. gitt instruksjon om at ensemble skal bake ei kake kvar frå botn av, og deretter ete den og prøve å synge med munnen full av mat.

Rohde: Dette var veldig gøy. Og det banale og trivielle i å lage ei kake er typisk for bedehuset. Dei har ikkje ein katedral, men eit trehus og finner det heilage i det alminnelege. Som å ete sitronkake saman eller å vaske golvet.

Hymne eller dødsmesse?
BEDEHUS hadde nyleg urpremiere i Bergen, og vegen videre er vonleg bedehus i små bygder rundt om i landet. Og kanskje Ultima? Etter urpremieren samdest dei involverte i å la prosjektet halda på si opne form og ha ein kontinuerleg dialog med publikum.

Rohde: Eg har veldig lyst å spele for dei som brukar bedehusa. Og eg er veldig spent på deira reaksjon. Eg vil ikkje kome inn i eit bedehus for å sette dei i ein bås. Me gjer det med stor respekt og det er møtet med publikum som er kjernen i prosjektet. Det er til dømes ei sekvens kvar ei salme, som mange har eit sterkt forhald til, vert overdøyva av masse lyd i piano. Eg er spent på korleis dei som har sterk identitet knytt til den vil reagere. Kva skjer med verket i dei ulike møta, med dei ulike menneska?

Komponist Else Olsen S. (Foto: Tonje Li)

Olsen S.: Eg har fått spørsmål om dette er det ei hymne eller ei dødsmesse for bedehuset. Det er ein hymne for framtidshåp for fellesskapet. Me vil ta med den opne forma som ei arbeidsskisse og reise rundt med eit ‘bedehus-laboratorium’. Me opplevde at folk var veldig interesserte i å dele tankane med oss etter visninga og me ynskjer å ta dette med vidare på turné. Tanken er at publikum kan vere med å kommentere etterpå, skrive ned minner eller refleksjonar rundt bedehus-fenomenet. Sånn vert det også ein tidskapsel som fangar tida og den verda me er i no. Me håpar at dette verket kan vere med å opne dørene litt meir til bedehuset.

Dei forlét scena. Eller golvet. Og låser døra. Lyden av døra som går i lås utløyser latter frå oss. Dei oppfører seg som eit lukka samfunn som har noko å skjule. Og me er invitert inn.

OM FRAMSYNINGA

 
BEDEHUS er eit verk tinga av Tabula Rasa, laga spesielt til Bergen Kirkeautunnale
 
Vist i Nykirken menighetshus under Bergen Kirkeatunnale – festival for kirkemusikk fredag 25. september 2020 kl. 19.00
 
Medverkande:
Tabula Rasa: Sigrun Jørdre, Rikke Lina Sorell Matthiesen, Elise Thorgersen Varne, Zsuzsa Zseni, Tord Kalvenes og Arild Rohde
Else Olsen S. – komposisjon, tekst og preparert piano
Ingrid Askvik – regi
Silje Sandodden Kise – scenografi

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Teknisk koordinator

Carte Blanche

Prosjekt-/ medlemsansvarlig

Musikkforleggerne

Førsteamanuensis i musikkteori

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis II i obo og engelsk horn

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis II i eufonium

Norges musikkhøgskole (NMH)

Festivalprodusent

Oslo Jazzfestival

Kulturskolelærer pianist/ pianolærer

Lillehammer kulturskole

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev