Sin stil
På duoen Mean Steel si første plate spelar dei nordnorske komponistar, men musikken er frå kvar som helst.
Eg må innrømme at eg sperra opp øyrene då eg trykte på play. På høgt volum fylde barytonsaksofonar stova med eit krispt riff. «Stakhlijan» av Torbjørn Ingvaldsen lét syltøft. Eg snudde undrande på omslaget – kven er dette?
Fuglesong? Vindaugspussing, kyrkjeklokker. Til og med den pensjonerte FM-radioen spelar ei sentral rolle i forteljinga «Scener fra et nabolag», komponert av Lars Skoglund.
Fortejlarstemmene er cellist Hans-Urban Andersson og saksofonist Ola Asdahl Rokkones. For øvrig på cello, trommer, saksofonar og elektronikk i tomannsorkesteret Mean Steel. Andersson er mellom anna kjent frå MiN-ensemblet, som kanskje har fått mest merksemd for sin herleg respektlause leik med Grieg på OleBullsHits frå 2006. Rokkones har dei siste åra vore i krikar og krokar i det musikalske landskapet, frå symfoniorkester til støymusikk.
På Zwei-Mann-Orchester er komponistane frå Nord-Noreg, men musikken frå kvar som helst andre stader. Det er seks ulike komponistar på plata, og stilen spenner på mange måtar vidt. Likevel er vi i det same lydlandskapet, snakkar det same tonespråket og er på den same reisa gjennom heile plata.
Det heilskaplege uttrykket på denne plata er jazza. Eg er ikkje sikker, men eg trur dette påverkar lyttinga å vite at det er komponert. Det som er sikkert er at om du får komponert musikk til å låte improvisert, må du ha klart å dynke notane i augeblikkets vitalitet. Dette er i stor grad tilfellet her.
Komposisjonen «Zwei-Mann-Orchester» av Erik Stifjell kunne jo like godt vore Eirik Hegdal eller ein av hans medsammensvorne. Temaet på den slappe fløyta er mystisk meir enn noko. Eg tenkjer Tarantino. Når dei tette, varme firklangane frå dobbelsaksofon og cello kjem inn høyrer vi kor genial den besetninga er.
Einmannsorkestertradisjonen er lang. For nokre år sidan laga animasjonsimperiet Pixar eit vidunderleg portrett i kortfilmen «One man band». Assosiasjonane til denne ligg ikkje berre i ordet, men det er som om musikken kjem frå eit slags lydmaskineri, meir enn eit orkester. Og så ligg der ein slags animasjonsfilmhumor i musikken. For eksempel på tittellåta «Mean Steel».
«Smelt» av Erik Håkon Halvorsen er eit lydmåleri som blir ei drøymepause på plata. «Huttetutt» av Rune Larsen (ikkje han med Mozart-kuler), ein musikar som i fylgje Salangen-nyheter har ein uoffisiell verdsrekord i samanhengande akkordeonspel. Ei lita Mozart-kule på plata.
Cellostemma «Purgazione» av Bjørn Breimo har eit hint av Arvo Pärt si Berlinmesse. Og i saksofonen kjem til og med nokre linjer eg assosierer med «Moldau» av Smetana. “Purgazione” stikk seg ut på plata. Smått impresjonistisk, og kanskje den minst jazza. Kanskje er det då det funkar best?
Den komponerte jazzen fell nemleg litt mellom to stolar for meg inn i mellom. Av og til undrar eg meg over om ikkje dei har lyst å bryte meir ut frå oppskrifta. Fri seg meir. Dét sagt er ikkje det eit poeng i seg sjølv, nødvendigvis, men det er noko med dei klanglege assosiasjonane til det frie som får meg på tanken.
«Detta är inte begynnelsen» av Lars Skoglund er hardtslåande. Den har eit fantastisk lydspor frå omgjevnadane. Replikkar. Skoglund sine komposisjonar er verdt lytten aleine. Ein slags musikalsk variant av Roy Anderssons surrealistiske komedier. Eg lo høgt.
Mean Steel er i alle høve musikk som bør oppdagast av fleire enn dei ivrigaste lesarane av opa klasse-posten.
Mean Steel – Zwei-Mann-Orchester
Finito Bacalao Records 2019
Ledige stillinger
Stipendiatstilling i musikkterapi
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Stipendiatstilling i musikkvitskap
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Kantor/kirkemusiker
Vågsbygd menighet - Kristiansand Søknadsfrist:06/02/2025
A&R Manager
Universal Music ASSøknadsfrist:05/02/2025
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025