Hopp til innhald
Terry Riley

Minimalistlegende til Borealis-festivalen: Guru med svigermor frå Bergen

Nicholas Møllerhaug, som er nyutnemd direktør i Borealis-festivalen, røper alt no at ingen ringare enn Terry Riley vil vere festivalkomponist under neste års festival. – Stefano Scodanibbio sa til oss at Riley antakeleg hadde bestemd seg for å ikkje reise til Europa meir i dette livet. Trass det prøvde me i Borealis oss, fortel Møllerhaug. No er det klårt at minimalistlegenden frå San Fransisco er æresgjest i Bergen ei heil veke, frå 13. til 20. mars 2005.

— Ein av dei framste komponistane i verda, Terry Riley – 70 til neste år – har sagt ja til å kome til Borealis 2005, fortel Møllerhaug.

— Ikkje berre vil Riley sjølv delta som songar, keyboardist, ragakunstnar på ei rekke arrangement. Fleire av hans like legendariske musikarvener vil også kome. Særleg vil hans nære tilknytning til India åra vil vise seg. Det heilsprø miljøet hans heime i San Fransisco blir også godt representert, lovar Borealis-direktøren.

— Sjølv er Riley også kjend som ein uredd kritikar og samfunnsborgar. Det vil vise seg gjennom m.a. det ferske og diverre altfor aktuelle verket «Night Shields over Baghad», sier Møllerhaug. – Dette vil Terry Riley Vigil Band framføre i Bergen. Verket er ein direkte kritikk på det amerikanske krigsmønsteret dei siste åra.

Riley sjølv er langtifrå ein dødsalvorleg aldrande samtidsmusikk-hero, meiner Møllerhaug. Han beskriv verkas til Riley som «ofte prega av store ladningar humor og sjølvironi kombinert med samfunnsengasjement».

— Masterclassane, foredraga og konsertane hans er unike happenings kor humor går i ledtog med stor kunst. At han syng indiske raga er ikkje ein ulempe. Størsteparten av Rileyverka me får høyre i mars har aldri blitt framførd i Noreg før. Borealisfestivalen er også i samtale med norske utøvarar om framføring av m.a. Rileyverk, seier Møllerhaug.

— Då me tok kontakt med Terry Riley i sommar var det med assistanse frå ein god italiensk ven av han. som var med på Music Factory i Bergen i 2003 kjende han godt. Han sa at Terry antakeleg hadde bestemd seg for å ikkje reise til Europa meir i dette livet. Trass det prøvde me i Borealis oss. Eit overraskande svar kom raskt tilbake: ikkje berre syntest Riley festivalen høyrdest ok ut – kanskje endå viktigare var det at svigermor hans var bergensar.

Interesserte kan lese meir om om Terry Riley på http://www.terryriley.com, og elles vitje Borealisfestivalen på denne adressa.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Aurora Borealis

Borealis har funnet en navigatør

Borealisfestivalen i Bergen har lenge stått uten festivalsjef. Fjorårets festival avfødte et brev som ble publisert i Bergens Tidende og...

BIT 20 Ensemble

Borealis søker festivalsjef, BIT 20 søker produksjonsassistent og teknisk ansvarlig

Samtidsmusikk-festivalen Borealis søker ny festivalsjef. Festivalsjefen har det faglige, administrative og økonomiske ansvar og rapporterer til styret. Festivalsjefen står ansvarlig...

Glenn Erik Haugland, 2003 (Foto: Morten Løberg)

Krass Borealis-kritikk: – Ta Bergens musikkmiljø på alvor!

Borealis-festivalen har i sitt første år slitt kraftig med publikumsoppslutningen,tross offentlige tildelinger på drøyt 1,5 millioner kroner. En konsert med...

Lydmur av Maia Urstad (sidestilt)

En mur av lyd

Er 1980-tallet våre dagers Egypt? I Maia Urstads installasjon «Lydmur», som vises i Bergen under Borealisfestivalen, utforskes forholdet mellom nær...

Jazzkammer

Startskudd for ny festival

Den første Borealisfestivalen åpner i Bergen i kveld. Byens to tidligere samtidsmusikkfestivaler Music Factory og Autunnale valgte i fjor å...

Cikada i aksjon (Dark Matter)

Cikada gjør nordisk program i Bergen

Cikada strykekvartett og Hans Christian Bræin (klarinett) gjester Borealis, Bergens nye samtidsmusikkfestival, søndag 21. mars kl. 14 på USF. På...

Flere saker

EtnaVenture1 JPEG sRGB 2048px for web 0046

Starter psykologtilbud for kulturaktører: – Ekstra sårbare.

Bransjeselskapet Etna og psykolog Inger-Johanne Borch Rove starter ny psykologpraksis skreddersydd for kulturutøvere, profiler og apparatet rundt dem. Ballade har...

Hagen / Utsi

Kulturrådet ber om å få to navn

Rådsleder og nestleder i Kulturrådet vil ikke deles – men ber om to navn som tydeliggjør Kulturrådets forskjellige oppgaver.

Kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Et avventende kulturfelt for 2023-budsjettet

Hvilke kulturpolitiske mål blir satt på vent? Se ministeren legge fram sitt kulturbudsjett i en presset tid her kl 13:30.