Jana Winderen gjør hydrofon-opptak i Hudson River, New York, for prosjektet "The Art of Listening: Under Water" for Columbia University i New York, januar 2022. (Foto: Gavin Browning)

Lydkunstnar Jana Winderen lærer oss å lytte

Pandemien opna kreativitet og nye nettverk for lydkunstnar Jana Winderen. Ho oppfordrar oss til å lytte – vi har så bra øyrer!

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Kva no, musikkarbeider? Korleis har pandemien påverka den enkelte i musikklivet? I denne serien rapporterer Ballade.no frå musikklivet i augehøgd – om det er dystre utsikter eller eit blømande kreativt liv med ei aktiv framtid i sikte. Samstundes noterer vi nokre tendensar og trender som peiker på vegen vidare for musikklivet. Serien er støtta av Fritt Ord.

 

16. mars 2020 skulle eg på konsert med Jana Winderen i samband med eventet Signalfeil på Olaf Ryes plass. Den vart, saman med alt anna, avlyst.

RETT FØR PANDEMI-AVLYSNING: Faksimile av Ballades Facebook-post om saka artikkelforfattar Torkjell Hovland gjorde om prosjektet og gruppeutstillinga Signalfeil på Olaf Ryes plass 9. mars 2020. (Foto: )

Jana Winderen sjølv skjønte at ho måtte tenkje nytt denne tida, og heldigvis har ho gjennom sine over tredve år som kunstnar fleire bein å stå på og eit nettverk rundt om i verda.

Jana Winderen bur i Oslo, men no møter eg ho på videosamtale frå Stange i Hedmark, der ho har studioet og atelieret sitt midt ute på eit jorde saman med fuglane og dyrelivet rundt. Bak henne heng våtdrakter, mikrofonar i alle former og storleikar, og høgtalarar – mange høgtalarar.

Jana Winderen samlar på lyd – over og under vatn, over heile verda. Også lyd som det menneskelege øyret ikkje kan høyre.

Winderen er nettopp kome heim frå New York, der ho i februar presenterte installasjonen «The Art of Listening: Under Water» på Lenfest Center for the Arts ved Columbia University.

Installasjonen var eit samarbeid med professor og lydkunstner Tony Myatt, og samtalen kan du sjå og høyre her:

 

Jana Winderen har utdanning innan fiskeøkologi, biletkunst og ein bachelor i Fine Arts frå Goldsmiths University of London. Lista over verka dei siste 25 åra er lang og variert, og har hausta stor internasjonal anerkjenning. Ho er ein allsidig kunstnar, og dette vart ein fordel då pandemien kom.

I Shanghai tok det nesten eit halvt døger før eg såg nokon fugl i det heile tatt. Det var skremmande.

Det har ikkje vore stille gjennom pandemien for Jana. Sjølv om det var store prosjekt som vart utsett, så kom nye prosjekt og planar til. I Portugal var ho gjestekunstnar på Nanoteknologilab med installasjonen «Surviving the Impact of Raindrops», som kan opplevast i Braga fram til 30. april.

Men det var ikkje berre utstillingar og installasjonar. Ho har også holda foredrag, workshops over nettet og rettleia studentar på universitet rundt om i verda, på tvers av fagfelt – arkitektur, film, antropologi, design. Og så ei rekke podkastar og intervju.

Ho gjorde det som var mogleg å gjere då.

KUNSTEN Å LYTTE: Studentar lyttar til «The Art of Listening: Under Water», ein 24-kanals lydinstallasjon på Lenfest Center of the Arts, Columbia University i New York, februar 2022. (Foto: Jana Winderen)

Jana har eit sterkt indre driv, som nærmast lyser gjennom skjermen: – I starten takka eg ja til det meste, men etterkvart fekk eg liksom to-tre tilbod om dagen, så eg måtte jo seie nei også, sjølvsagt.

– Eg er jævlig glad i det eg gjer, og om eg ikkje får tilbod om noko, så finn eg på noko å gjere.

– Men det er viktig å hugse på at ein må ta betalt for ting, legg ho til. – For meg har det vore viktig å ha fleire bein å stå på. Men eg er veldig klar over at det ikkje har vore slik for alle andre.

– No er eg i ein situasjon der eg har studio med mykje plass, eg sit ikkje fast i ei lita leilegheit ein stad. Så eg har stor forståing for at det er vanskeleg for folk.

– Hadde du takla det? Å berre vere i ei leilegheit i byen?

– Hehe – eg hadde nok trekt veldig mykje til skogen og på sjøen, trur eg.

Det nære lydlandskapet
Midt i intervjuet stoppar Jana opp for å sjå etter fuglane utanfor vindauget.

Då det stengte ned for to år sidan, slo isolasjonen hardt for mange. Nokre kjende på det tomme, og lengta etter å reise vekk. Medan andre vart meir merksame, og kanskje sette meir pris på det i sin umiddelbare nærleik.

Ekorn skravlar kjempehøgt!

– Når det stengte ned – opna det opp for det rundt deg?

– Eg har vore mykje meir observant på livet rundt meg gjennom nedstenginga. Ringduer, hakkespett og mus som var under snøen, for eksempel. Ekorn skravlar kjempehøgt! Skjorereiret rett utanfor studioet her – om natta seier dei altså så mykje forskjellig om du lyttar etter. Og vinden vart veldig sterk!

– Eg trur det har vore ein generell ting, at vi fekk eit sterkare forhold til det som er rett rundt oss. Eg høyrer det same frå både studentar, kollegaer og folk eg møter.

LYTT TIL LYDANE OMKRING DEG: – Eg har vore mykje meir observant på livet rundt meg gjennom nedstenginga, sier lydkunstnar Jana Winderen. (Foto: Jana Winderen)

Denne forsterka merksemda vart også eit kreativt utgangspunkt for Jana. Verket Surge vart laga som eit bidrag til albumet Touch: Isolation med bidragsytarar frå ei rekke internasjonale komponistar. I verket har Jana gjort opptak i det over hundre år gamle grantreet utanfor studioet, grantreet som oldefaren hennar planta. Opptaket gjorde ho under ein voldsom storm i mars 2020.

Du kan høyre Surge her:

– Eg vart også meir medviten på størrelsen av lydlandskapet. Eg var i Jurafjella før pandemien, der det er høge tre som fuglane sit i – det vart eit veldig høgt lydlandskap. Men om fuglane sit i busker, så blir det jo mykje lågare.

Dette lydlandskapet ute vart også forandra under nedstenginga. Jana fortel om svanene som flyg over huset hennar:
– Rommet ute vart veldig mykje større fordi eg kunne høyre svanene komme frå langt borte, sjølv om eg berre så vidt kunne skimte dei. Det tok veldig lang tid før lyden tok slutt etter at de hadde flydd over. At eg kunne høyre dei så lenge utvida rommet.

– Vi er så styrte av kva vi ser.

Grunnen til at ho høyrde dei så lenge, var at det ikkje var trafikk på vegen i det heile når folk hadde heimekontor og ikkje pendla. Trafikkstøyen er breispektra og innskrenkar lydrommet, og dette får konsekvensar for dyrelivet. Om ein fugl varslar «her er eg», og så blir blokkert av ein slik breispektra lyd, vil ikkje fuglane høyre kvarandre og området deira blir veldig lite.

HYDROFONEN: Jana Winderen gjer hydrofon-opptak ved Belmar, New York, for prosjektet «The Art of Listening: Under Water» for Colombia University, januar 2022. (Foto: Gavin Browning) (Foto: Jana Winderen)

Det same gjeld for fisk, og for pattedyr under vatn. Er det skipstrafikk gjennom habitata, så skjer det same. Og det er kanskje verre under vatn. Dette har Jana gjennom sine opptak med hydrofon (ein slags undervassmikrofon) opplevd.
– Det er også ute av vårt visuelle medvit – vi er så styrte av kva vi ser.

– Vi har skikkelig bra øyrer!

Men vi har så bra øyrer!
– Vi har så bra øyrer, så det er ikkje så interessant å ta opp lyd over vatn, synest eg. Då vil eg heller oppfordre folk til å lytte med øyrene. Vi har skikkelig bra øyrer! Og kropp til å ta opp vibrasjonar.

Og det finst mange ulike lytteperspektiv. Når Jana gjer opptak under vatn, så lyttar ho etter desse ulike perspektiva. Noko er langt vekke, noko er nære. Desse perspektiva jobbar ho også med i installasjonane sine. Sjølv jobbar ho mykje med kringlyd-installasjonar, og har mange høgtalarar rundt seg i studioet. Men desse perspektiva kan ligge i sjølve komposisjonen, uavhengig av kor mange høgtalarar du lyttar på.

DØDSONEN: Jana Winderen arbeider med komposisjonen Listening through the Dead Zones, ein 14-kanals lydinstallasjon for IHME Helsinki. Bildet er frå Helsinki Ro stadion i august 2021. (Foto: Veikko Somerpuro)

– Planlegge betre!
No jobbar Jana mellom anna på eit prosjekt gjennom sitt fellowship på Universitetet i Durham, der ho undersøkjer den undersjøiske geografien og korleis dyrelivet orienterer seg under vatn med lyd. Spermkvalen, for eksempel, orienterer seg gjennom ekkolokalisering. Jana reiser til Andenes for å studere og gjere opptak av spermkvalen, og intervjuar lokalbefolkninga der.

GRENLAND GREENLIGHTDISTRICT: Jana Winderen henter lyd fra Skienselva i forbindelse med hennes samarbeid med Kunsthall Grenland og deltakelse på den tverrfaglige biennalen og kunstfestivalen Greenlightdistrict i 2019. I bakgrunnen ser vi deler av den nå nedlagte cellulosefabrikken Norske Skog Union. (Foto: Lena Winderen)

I tillegg vil ho gjere fleire lokale prosjekt. Ho har mellom anna forskjellige prosjekt på gang rundt Glomma, i Mjøs-området og i Vestfold.

– Er det noko som har forandra seg etter pandemien for deg?
– Ja, eg har blitt meir medviten på å planlegge betre, gjere fleire prosjekt når eg først reiser langt og unngå å fly for mykje. Ein del kan jo også framleis gjerast over Zoom, som foredrag og slikt.

– Eg er veldig oppteken av at vi deler denne planeten med veldig mange andre vesen. Alltid når eg reiser, så ser eg etter den første kråka når eg har landa. I Shanghai tok det nesten eit halvt døger før eg såg nokon fugl i det heile tatt. Det var skremmande.

– Mens i Oslo er det for eksempel ein kjempekoloni med kaier på flyplassen.

Så lytt, bruk øyrene, sansane – og legg merke til den første kråka du ser.

 

LES OGSÅ DISSE SAKENE I SERIEN OM MUSIKKARBEIDERES LIV ETTER PANDEMIEN:
FLTY BRGR GRL: Rosa drømmer
Vi oppsummerer pandemi: Nyutdannede Annie og Vibeke brukte tida godt

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.