Randi Nygårds installasjon "Måkane"
Randi Nygårds installasjon 'Måkene' (Foto: Istvan Virag)

Signalfeil på Olaf Ryes plass

Ordet signalfeil assosierer vi fort med irriterande forseinkingar – men det tvingar oss også til å finne nye vegar og sjå stader frå ulike vinklar. Fram til 16. mars kan du sjå korleis ei rekkje kunstnarar viser deg nye vegar gjennom Olaf Ryes plass i Oslo, både bokstaveleg og biletleg.

Kalender

Monument Festival 2020

12/06/2020 Kl. 16:00

Viken

Opera for kidsa – Mozart og prinsessen

18/06/2020 Kl. 15:00

Innlandet

Legg til arrangement
Se alle

Kanskje har du gått gjennom Olaf Ryes plass i Oslo i det siste og blitt forvirra av kva som eigentleg er beste vegen gjennom? Kanskje har du gått forbi kunstverket Origo til HC Gilje utan å legge merkje til den? Eller kanskje har du aldri tenkt at det er måkar såpass langt unna sjøen, og ikkje berre duer?

Oppgraderinga av gatene, trikkeskinner og bygg i Oslo fører på sikt til eit forhåpentleg betre bymiljø. I mellomtida har Kulturetatens prosjekt “SAMMENomGATA” blant andre spurt Atelier Nord om å gjere noko for å levandegjere området.

HC Giljes Origo på Olay Ryes plass i Oslo. Foto: Istvan Virag (Foto: )

Mellom 16. januar og 16. mars har Atelier Nord arrangert gruppeutstillinga Signalfeil på Olaf Ryes plass. Direktør Ida Lykken Ghosh inviterte med seg kunstnar Mai Hofstad Gunnes og sette saman utstillinga i fjor.
– Vi ville ta tak i den mørkaste tida og opne opp nye stader i området rundt. Vi synst det var interessant å sjå på kva endringar som skjer i slike byggjeprosessar – korleis bevegelsesmønster forandrar seg, fortel Ida. – Vi assosierte ganske raskt til ordet signalfeil, og ville sjå på korleis feilkoplingar fører til nye bevegelsesmønster.
– Det er signalfeil både i ei bokstaveleg forståing, men også overført til andre system som nevrologi, språklege misforståingar, hukommelse, genetikk, legg Mai til.

Lydvandring med Nora Joung. Foto: Istvan Virag (Foto: Istvan Virag)

Då Hofstad Gunnes og Lykken Ghosh drog på studiobesøk til fleire kunstnarar, vart det tydeleg for dei at prosjektet sette i gang masse tankar umiddelbart: – Vi let det vere særs ope for ulike tolkingar av tematikken, og det har det også endt opp med å vere frå dei seks kunstnarane som er involvert i utstillinga.

Alle verka er laga spesielt til utstillinga, bortsett frå tekstane til Inger Wold Lund. Utdrag frå boka Ingenting skjedde (Flamme forlag 2015) er trykt i vinyltekst på veggar inne og utanfor Atelier Nord. Poetiske tekststubbar ein snublar over i dei nye bevegelsesmønster.

– Det er jo ikkje ein park som så veldig mange er i, men som veldig mange beveger seg gjennom, fortel dei to. – Folk har eit mål, men så blir dei konfrontert eller avbrote. Og det forplantar seg jo også i fleire system – tre, planter og fuglar blir påverka på måtar som vi ikkje heilt veit korleis.

Kunstnar Randi Nygård har observert måkane på Olaf Ryes plass over tid, og korleis dei blir påverka av endringane. Installasjonen Måkane blir synt framfor eit vindauge der vi ser ut, og kanskje legg merke til ein måke på statuen av Eilert Sundt.

Noko av tanken har vore å prøve å få inn nokon som kanskje synst terskelen inn i eit galleri er høg. Ved sidan av utstillinga har Atelier Nord blant anna også hatt ein serie med foredrag og paneldebattar annankvar måndag som i særleg grad har handla om byen og byutvikling.
– Sjølv om det primært har vore mediekunst – video og lydinstallasjonar, har vi også vore opptekne av å opne for andre uttrykk – også for å få eit anna publikum inn. Vi har hatt eit heilt anna publikum enn berre dei typiske kunstinteresserte, særlig under arrangementa. 70-80 prosent av folka som kjem hit er folk eg ikkje kjenner frå tidlegare.

– Og så vil vi at noko skal kunne opplevast ganske umiddelbart utan at det krev noko forkunnskap eller veit noko om kunst, seier Ida.

Nora Joung har laga ei lydvandring der du tek på deg øyretelefonar og går ut. Slik opnar ho historia til plassen, og opnar også opp for tanken om at dette ikkje er første gong Olaf Ryes plass går gjennom endringar.

Lydlandskapet blir forandra gjennom slike oppgraderingar, for det første gjennom sjenerande byggestøy undervegs, men også ein endra akustikk i ettertid. Kva gjer endringane med dyrelivet? Kva gjer det med oss? Kva gjer det med merksemda vår?

HC Gilje sine verk, Night shift og Origo. Night shift lagar nærmast ein scenografi på veggane på Atelier Nords kontor i 3. etasje. Lysverket er meint å sjåast utanfrå etter mørkets frambrot. Origo er plassert midt på fontena i sirkelen. Roterande lys sender lyssignal frå ein liten tallerken. Det er svake lys, det er subtilt. Lysforureining frå for eksempel gatelykter demper effekten av lyssignala.

På same måte som lyset blir slukt av lys, blir lyd slukt av lyd. Merksemda vår blir slukt. Når ombygginga fører til nye vegar – signalfeil – kan den føre merksemda vår inn mot lyd, lys, andre menneske, andre dyr, ei historie.

Frå Jana Winderens lyd- og videoinstallasjonar. Foto: Istvan Virag (Foto: Istvan Virag)

Jana Winderen ville i prosjektet Stikk finger’n i jorda i utgangspunktet jobbe med røtene til trea på plassen, og korleis dei blir påverka av lyd. Winderen har jobba mykje med lydar under vatn, gjennom hydrofon, og lydar du ikkje kan høyre. Lydkomposisjonen Calibrate, og videoinstallasjonen 59°55’20.4”N 10°45’29.8”E utgjer Stikk finger’n i jorda. I videoen spelar ei tordivelbille og ein magnet ei viktig rolle. Billa kalibrerer eit indre kompass etter magnetiske polar, og magneten påverkar dette – signalfeil.

På utstillingas siste dag, 16. mars, vil Jana Winderen halde ein konsert under tittelen utveksling under overflaten.

Hofstad Gunnes er sjølv representert på utstillinga med videoinstallasjonen When A is G. Ho vart invitert til utstillinga som kunstnar før ho vart involvert i kurateringa. When A is G er ein videoinstallasjon som består av korte videosekvensar og stillbilder. Fire skodespelarar og dansarar spelar rollene til Adenine (A) og Guanine (G), Cytosine (C) og Thymin (T) – DNA-ets fire basar.
– Ein kan tenkje seg at ein skannar seg gjennom DNA-sekvenser – kva skjer ved ein feil i sekvensen?, spør Mai. – I tillegg er eg interessert i hukommelse – kva bilete hugsar ein? I kva rekkefølge kjem det?

Det er altså tydeleg at det er vidt forskjellige innfallsvinklar til denne utstillinga. Det er jo fort å tenke på slikt vegarbeid, byggearbeid i negative ordelag. Det er lett å bli oppgitt – men så kjem det jo noko bra ut av det til slutt.

Men denne utstillinga er kanskje ikkje nødvendigvis ein kritikk?
– Nei, og det treng ikkje å vere negativt med signalfeil heller – det kjem jo heller ut av ei nysgjerrigheit, meiner Mai. – Ei nysgjerrigheit for ulike system og korleis signalfeil fører til nye mønster.

Stillinger

Professor/ førsteamanuensis i trombone

Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK)

Pianostemmere/ klaverteknikere

Norges musikkhøgskole (NMH)

Kontrabass og fiolinlærer

Children’s International School Fredrikstad AS

Pianostemmer / pianotekniker

Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK)

Trekkspillpedagog 10 %

Nordre Follo kulturskole

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev