Hopp til innhald

Kulturmeldinga: Særskilt om kor

– Noreg har bare eitt kor i dag som er profesjonelt i den meining at songarane er yrkesutøvarar, og det er koret ved Den Norske Opera. Fleire andre kor held likevel eit svært høgt kunstnarleg nivå og har markert seg internasjonalt. Når ein skal vurdera korsituasjonen i Noreg i dag og tiltak for å betra tilhøva, høyrer det òg med at ein vesentleg del av kulturarven vår er komposisjonar for kor, heiter det i Stortingsmelding nr. 48.

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.2.1: Særskilt om kor

Stortinget har bede om at korfeltet skal vurderast særskilt. Korfeltet er med som ein del av utgreiinga Musikkliv og musikkpolitikk (Norsk kulturråd 2002, rapport nr. 31). Utgreiinga peiker på at det er behov for eit lyft for dette feltet.

Utgreiinga drøftar om dette best kan gjennomførast ved å etablera ein ny nasjonal korinstitusjon som kan fungera som eit lokomotiv for heile feltet, eller ved å vidareutvikla dei eksisterande vokalensembla på profesjonelt nivå. Konklusjonen er at eit nytt nasjonalt kor oppretta på kulturpolitisk initiativ vil vera altfor ressurskrevjande. I staden rår utgreiinga til å bruka dei ulike eksisterande tilskotsordningane meir målretta; dvs. generell ensemblestøtte, reisestøtte, aspirantstøtte, plateinnspelingsstøtte osv. På den måten kan ein gje fleire av dei eksisterande korensembla eit profesjonelt lyft.

Ikkje minst vil ei romslegare økonomisk ramme for den generelle ensemblestøtteordninga kunna gje grunnlag for å vidareutvikla og profesjonalisera eksisterande vokalensemble og fanga opp nye kunstnarlege initiativ på korområdet. Den breie, lokale koraktiviteten bør kunna styrkjast gjennom auka midlar til lokal, friviljug verksemd, jf. kap 15.

Det må òg strekast under at ei styrking av kyrkjemusikken i Noreg, jf. nedanfor, implisitt vil kunna innebera eit viktig lyft for kormusikken.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Valgerd Svarstad Haugland

Kulturmeldinga om musikk – ei innleiing

Norsk musikkliv framstår i dag som ein frodig og livskraftig del av norsk kulturliv. Innanfor eit stort mangfald av musikalske...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

Kulturmeldinga om ensemblestøtte

Mange ensemble driv ei langsiktig eller permanent verksemd som i stor grad medverkar til å oppfylla dei musikkpolitiske måla. Samstundes...

Plateillustrasjon

Kulturmeldinga: Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast

– Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast for å tryggja at ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og...

Frode Haltli

Kulturmeldingen: En styrking av det frie profesjonelle musikklivet

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fremhevet en utvidelse av støtteordningene for frie grupper og musikkensembler spesielt da hun ble spurt om...

PNEK – fra prosjektet RAM

Kulturmeldinga om PNEK og elektronisk kunst

– Elektronisk baserte kunstuttrykk reiser eit sett av nye utfordringar. Tiltak for dokumentasjon, bevaring og formidling må vurderast særskilt, skriv...

Noter

Kulturmeldinga om MIC, dokumentasjon og informasjon

– Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv, heiter det i Kulturmeldinga. Dokumentasjonen...

Flere saker

Bård Vegards Solhjell taler til Norsk Musikkråds årsmøte

Bård Vegar Solhjell ny styreleder i Norsk musikkråd

Den tidligere SV-politikeren ble valgt under musikkrådets landsmøte i Molde i helgen, der det også ble vedtatt nytt handlingsprogram.

Nordic Music Days 2017, Southbank Centre, London.

Lite norsk blant det nordiske i London

Av 41 nordiske komponister var kun fem norske på Nordic Music Days i London. Det er lite i et jubileumsår.

Nils Henrik Asheim Foto: Emile Ashley

Nils Henrik Asheim utnevnt til ridder

Organisten og komponisten får utmerkelsen for sin innsats for norsk musikk.