Noter

Kulturmeldinga om MIC, dokumentasjon og informasjon

– Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv, heiter det i Kulturmeldinga. Dokumentasjonen av og informasjonen om norsk musikkliv er organisert på ulike måtar. Dels er arbeidet knytt til bestemte musikkformer og lokale miljø innanfor musikkfeltet og dels til meir landsomfattande institusjonar og nettverk med verksemd på tvers av sjangergrenser. Fellesløysingar og fagleg samarbeid kan medverka til å styrkja denne delen av musikklivet, meiner Kultur- og Kirkedepartementet, som særleg tar opp Musikkinformasjonssenterets si rolle.

Kalender

BYOHP: Numinous Beginnings

28/11/2020 Kl. 12.00

Vestland

Kampenjazz Lyder Røed kvintett

29/11/2020 Kl. 20:00

Viken

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Cikada – Ultima 2020

19/09/2929 Kl. 16.00

Oslo

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.12: Dokumentasjon og informasjon

Musikkinformasjonssenteret (MIC) har som føremål å arbeida for auka bruk av norsk musikk i inn- og utland. Informasjonssenteret skal aktivt informera om og profilera kvaliteten i musikklivet i Noreg (komponistar, utøvarar og andre aktørar som har norsk statsborgarskap, eller som bur og i hovudsak har verksemda si i Noreg) uavhengig av sjanger og kunstnarleg/estetisk ståstad.

Musikkinformasjonssenteret produserer framføringsmateriell for norske musikkverk og distribuerer og formidlar dette til framføringsinstitusjonar og utøvarar verda over. I tillegg står dei for informasjon om og profilering av norske skapande og utøvande tonekunstnarar og andre bransjeaktørar i inn- og utland. MIC er ansvarleg utgjevar av ballade.no, som er Noregs største nettavis for musikk, og av mic.no/english, som er ein viktig nettportal til norsk musikkliv for utlandet, med mellom anna nyhende, oversyn over skapande og utøvande kunstnarar, innhaldsliste over verk, diskografiar, kalender over tiltak, institusjonar og bransjeregister. MIC medverkar òg til å organisera norsk deltaking på sentrale musikkmesser i utlandet. Senteret har vidare ansvaret for distribusjon og profilering av innkjøpsordninga for nye norske fonogram og for Utanriksdepartementet si reisestøtte til profesjonelle musikarar i utlandet.

Oppgåva med vedlikehald og oppdatering av landets mest komplette kontakt- og bransjeregister for norsk musikkliv og forvaltninga av ei manuskriptsamling med over 7000 norske musikkverk gjer Musikkinformasjonssenteret til eit sentralt miljø for dokumentasjon av norsk musikkliv.

Det er eit udekt behov for systematisk å samla, oppbevara og leggja til rette brukarvenleg dokumentasjon over norsk rock og populærmusikk. Norsk kulturråds utgreiing om populærmusikken peiker på at eit arkiv for populærmusikk bør utviklast i eit samarbeid med arkiva for dei nærskylde musikkformene viser og jazz, der Norsk Jazzarkiv og Visearkivet er sentrale miljø.

Musikkinformasjonssenteret, Norsk Jazzarkiv og Visearkivet vil ha behov for meir tidhøvelege lokale og betre infrastruktur. Den rehabiliterte hovudbygningen for Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling vil ha rom for ei samlokalisering av de nemnde institusjonane. Ei samlokalisering hjå Nasjonalbiblioteket vil òg fagleg kunna medverka til å styrkja dokumentasjonsverksemda omkring norsk musikkliv. Nasjonalbiblioteket har omfattande samlingar av lydopptak, frå dei eldste voksrullane til dei nyaste DVD-platene, og samlingane veks uavbrote gjennom den tilførsla som følgjer av lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument.

Ei slik samlokalisering legg til rette for eit styrkt miljø både musikk- og dokumentasjonsfagleg. Ei samlokalisering av dei tre miljøa og Nasjonalbiblioteket vil ikkje minst gje høve til meir kostnadseffektiv utnytting av teknologi og styrkja kompetansegrunnlaget når det gjeld å ta i bruk ny informasjonsteknologi på området. Eit arkiv for norsk rock og populærmusikk vil høva godt innanfor eit slikt større miljø.

Departementet tek sikte på at alle desse skal vera på plass når den rehabiliterte bygningen for Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo opnar for publikum i 2005, jf. kap. 11.5.3.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Prosjekt-/medlemsansvarlig

Musikkforleggerne

Førsteamanuensis i musikkteori

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis II i obo og engelsk horn

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis II i eufonium

Norges musikkhøgskole (NMH)

Festivalprodusent

Oslo Jazzfestival

Produsent

Midtnorsk jazzsenter, Trondheim

Virksomhetsleder kultur

Eidsvoll kommune

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev