Hopp til innhald
Anne Karin Sundal, 2005 (Foto: Blunderbuss)

Konkurrerer for musikalske opplevingar

– Konkurransene gjev korsongarane lyst til å øva og yta meir, seier dirigent Anne Karin Sundal-Ask til Ballade. Denne hausten deltek kora hennar i opptil fleire konkurranser, og har så langt gjort det godt.

Av Ida Habbestad

For ein knapp månad sidan vann Kammerkoret NOVA første pris i klassene for sakral og profan musikk under Grieg Internasjonale Korfestival i Bergen. Denne månaden gjer dei seg klare til å representera Noreg under finalen i Let The Peoples Sing.

Sistnemnte er den europeiske kringkastingsunionens sin konkurranse for amatørkor, som i år er lagt til Oslo i NRK sin regi.

18. oktober møtest ni finalistar (meir om desse hjå NRK.no) til konsert og kåring i Store Studio. Finalen vert direkte overført samtlege land i kringkastingsunionen.

Alt før den tid varmer NOVA opp med konsert i Kanonhallen. 7. oktober syng dei saman med Det Norske Jentekor, som dagen derpå reiser for å delta ved Landskonkurransen for kor i Trondheim.

Anne Karin Sundal-Ask er dirigent for begge kora, og meiner dei mange tevlingane utløyser ein god energi.

— Konkurransene gjev korsongarane lyst til å øva og yta meir. Ein får ut betre musikk heilt enkelt, seier ho til Ballade på spørsmål om den hyppige konkurreringa.

Sundal-Ask bedyrer at målet ikkje først og fremst er å gå heilt til topps, men å laga fin musikk. Og denne er ofte meir oppnåeleg gjennom konkurranseverksemd enn gjennom normal konsertering, hevdar ho.

— Eg har opplevd gong på gong med kora at me har ei felles energi; at der oppstår større musikkopplevingar under konkurransene enn ved konsertar. Der er sjølvsagt gode opplevingar under konsertane òg. Men eg trur nok at konkurranseinstinktet spelar ei rolle.

Ulike ideal

Ledige stillinger

Det norske jentekor er ei sjølvstendig vidareføring av NRK sitt jentekor som i dag består av fire kor med songarar frå 6-20 år. Jentekoret vart oppretta i 1947, medan Kammerkoret NOVA vart oppretta i 2001 og kom til på Sundal-Ask sitt eige initiativ.

Let the Peoples Sing er mellom fleire internasjonale konkurranser koret har delteke i. Kva betyr det for NOVA å delta i nettopp denne konkurransen?

— Det er ein kjempefin konkurranse, og det er veldig kjekt å vera Norge sin representant. Det er fine kor som er med, og eg ser ikkje minst fram til konserten dagen før – då alle kora skal synga i Frogner kirke under Care sin innsamlingsaksjon, seier Sundal-Ask.

Sist konkurransen vart arrangert – i 2007 – var det norske Schola Cantorum, leia av Tone Bianca Dahl, som gjekk av med seieren.

Det er gode tider for norske kor?

— Eg veit ikkje om eg kan kommentera om dei norske kora er betre enn kor frå andre land. Men me har jo eit godt rykte, seier Sundal-Ask.

Ho peikar på at der – uavhengig av kva ein opplever som kvalitativt godt – er nokså store skilnader i måten kora syng på og at der, avhengig av kvar ein kjem frå er ulike musikalske ideal som vert vektlagt. Slik kan det vera enkelt å høyra forskjell på kor frå nordiske land og kor frå lenger sør i Europa, trur dirigenten.

— Det er særleg klangleg sett ein finn skilnader. Nordiske kor nyttar gjerne mindre vibrato, har ein slankare klang, og ikkje den store, meir buldrande fylda me finn sørover. Så er det også lysare vokaler i Norden, seier Sundal-Ask.

Målet hennar, òg for kommande konkurranser, er uansett ikkje berre å vinna.

— Motivasjonen er at det skal bli fin musikk. Eg er sjølvsagt glad om me vinn, men er aller mest glad om me har ei god kjensle og syng optimalt, seier Sundal-Ask.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kammerkoret NOVA/Foto: Blunderdbluss

NOVA til Let the Peoples Sing

Kammerkoret NOVA har gått videre til finalen i den internasjonale korkonkurransen Let the Peoples Sing 2009. For første gang arrangeres...

Schola Cantorum 2007 1/Foto: www.scholacantorum.no

Schola Cantorum til topps

Kammerkoret Schola Cantorum helt til topps i den internasjonale kor-konkurransen Let the People Sing.

Schola Cantorum 2007 2/Foto: www.scholacantorum.no

Schola Cantorum tatt ut til Let The Peoples Sing

Kammerkoret Schola Cantorum har blitt tatt ut til den prestisjetunge finalen i Let The Peoples Sing som går av stabelen...

Schola Cantorum,

Schola Cantorum gjorde rent bord i Spania

Kammerkoret Schola Cantorum, som er tilknyttet Institutt for musikk på Universitetet i Oslo, vant mandag alt som var å vinne...

Det norske jentekor

Det Norske Jentekor urfremfører Ratkje-stykke i Japan

Det Norske Jentekor reiser til Japan den 27. juli. Med seg har de en nyskrevet komposisjon av Maja Ratkje. Stykket...

Anne Karin Sundal, 2005 (Foto: Blunderbuss)

Anne Karin Sundal overtar Det Norske Jentekor

Fra tirsdag 31. mai overtar dirigent Anne Karin Sundal den kunstneriske ledelsen for Det Norske Jentekor. Sundal kan alt se...

Flere saker

Utsnitt fra posteren til Black Hearts

Er det riktig å selge sjela si til Satan for å komme til Norge?

Det var et av spørsmålene som ble stilt i dokumentaren Black Hearts som ble vist på Fritt Ord torsdag. Et...

Brasswind2 sjoeforsvarets musikkorps

BrassWind-festivalen: Musikk med en tyfon i lungene

Sist helg var BrassWind-festivalen tilbake i Bergen, i år med blant annet 19 urfremførelser og andre gangs fremførelse av Knut...

Hallvard T. Bjørgum, Knut Buen, Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Hallgrim Hansegård. Foto: Sara Rose www.ajhs.no

Disse får Anders Jahres Kulturpris

Utdeling til de fem folkemusikerne deles ut i Universitetes aula i Oslo torsdag.