Hopp til innhald
Bergen Filharmoniske Orkester – fioliner (foto: Eirik Reitan)

Historisk ekko i Bergen

KONSERTMELDING: Torsdag baud Bergen Filharmoniske Orkester på innblikk i «Berios Univers», og ein begeistra Ballade-meldar tok turen til Bergen. – Det var eit orkester i strålande form som henta fram verka for oss denne kvelden, aller mest i si magiske og skjøre tolking av Bach-fuga samt i mykje omtalte «Sinfonia», lyd Ballade si oppsummering av orkesterkonserten.

Av Ida Habbestad

’The great rememberer’ er musikkhistorikar Paul Griffiths’ karakteristikk av Berio i det musikkhistoriske verket «Modern music and after». I boka som tek for seg utviklinga frå 1945 og vidare, har Luciano Berio fått ein sentral posisjon, mellom anna avdi han heller enn å streba etter lausriving frå fortida sette lys på historia i verka sine.

Under gårsdagens konsert framførde Bergen Filharmoniske Orkester eit program som tydeleggjorde dette særpreget ved komponisten, og først gjennom verk der Berio gjekk i dialog med éin komponist om gangen. Dei byrja med Berio si orkestrering av den ufullførte sistesatsen av «Die kunst der fuge», der nettopp dialogen mellom gamalt og nytt – utan meir radikale omleggjingar enn utleggjinga i instrumentkombinasjonane – skapte ei ny og moderne klangverd.

Frå denne skjøre og delikat anlagte starten med ei besetning på 24 mann, bygde orkestret seg større; gjennom Variasjonar over Mozart sin «Ein Mädchen oder Weibchen», ei bearbeiding av utdrag frå Boccherini-stykket «La Musica notturna delle strade di Madrid» – som opplevdest som det minst spanande av verka denne kvelden – og fram til Mahlers «Scherzo» frå Oppstandelsessymfonien, der eit fulltallig orkester sette punktum over den første, «historiske» delen av konserten.

Den store material-veven

Men framfor alt er det «Sinfonia», framført etter pause, som står att som sjølve kjerneeksemplet på Berio som ein ivaretakar av historia. I verket som var ferdigstilt i 1968 – året då Martin Luther King vart skoten og året det var studentopprør i Paris – er komponisten i dialog med mange, og verket er soleis eit samansurium av lånt og eige musikalsk og tekstleg materiale.

Mest kjend er 3. sats, med alt nemnde «Scherzo» av Mahler som underliggjande skjelett. Over dette finst sitat frå 1800- og 1900-tals komponistar som Debussy, Ravel, Stravinskij, Strauss, Boulez, Berg, Schönberg, Stockhausen og Webern med fleire – til ein viss grad systematisk arrangert; først sitata frå fiolinkonsertane, så symfoniske scherzi, ballettar, operaer og til slutt verk av Darmstadt-komponistane.

Intrikate er òg 2. sats og 5. sats; førstnemnde med ei bearbeidd og utvida versjon av Berio sitt eige verk, «O King» med borgarrettsforkjemparens namn som tekstleg utgangspunkt, sistnemnde som ein analyse eller kommentar til dei foregåande satsane.

Fragment av meining

Berre fragmenterte inntrykk av alt dette får ein med seg som publikummar. Den store blandinga gjev utgangspunkt for eit særprega språk med samanhengar og betydning i mange retningar; utan klåre svar.

Ledige stillinger

Så òg under gårsdagens konsert, der Swingle Singers – forlenginga av ensemblet som framførte verket første gong – tok del. Dei åtte songarane sat saman med orkestret som ei integrert stemmegruppe i ensemblet, og slik fekk dei inngå i veven av alle sitat – der små meiningsfulle einingar trer ut og inn, og ein oppfattar ulikt frå gong til gong.

Ved denne tolkinga forsvann songarane meir enn eg har høyrt på innspelingar tidlegare, og dei tekstlege utdraga; Claude Levi-Strauss si beretning om opphavet til vatnet, tekstar frå studentopprøret i Paris, instruksjonar frå Mahler sitt partitur og Beckett sin roman «The Unnamable»; gjennomgåande emne som vatn og død – og, som forteljaren seier, berre ei lita von om oppstoda – var tidvis utilfredsstillande langt vekk. Men om meiningsinnhaldet ikkje dermed kom like mykje til rett, opplevde eg at denne versjonen tok verkets intensjon på alvor, der nettopp alt er sinfonia – samklang.

Skuffande ekstranummer

For øvrig var det eit orkester i strålande form som henta fram verka for oss denne kvelden, aller mest i si magiske og skjøre tolking av Bach-fuga samt i mykje omtalte «Sinfonia». Programsamansetjinga er dessutan sjeldan – og me merka oss fleire som hadde tatt turen over fjellet for denne konserten.

Òg Swingle Singers gjorde overtydande inntrykk, og formidla mykje og godt i Berio-verket. Ekstanumra i god gamal Swingle-stil; Bach-songar i a capella, jazza versjonar, vart imidlertid meir skuffande. Som den tredje besetninga under namnet Swingle Singers – stadig med Swingle sjølv som mentor – ligg lista høgt, og med Bach-versjonar som rett nok groova, men som tidvis var svevande intonert, nådde dei ikkje heilt opp denne gongen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bergen Filharmoniske Orkester (foto: www.harmonien.no)

Bergen – Nye styreledere i Filharmonien og Festspillene

Advokat Pål W. Lorentzen går av som styreleder i Stiftelsen Harmonien, og er av staten oppnevnt som ny styreleder for...

Bergen Filharmoniske Orkester (foto: www.harmonien.no)

Bergen Filharmoniske Orkester i Mangfoldsåret

Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) har informert Kulturdepartementet (KKD) om sin programmering i forhold til Mangfoldsåret 2008. BFO vil arbeide tett...

Carmen plakat, Den Nye Opera

Carmen – tidenes operasatsning i Bergen

13. oktober har Den Nye Opera premiere Georges Bizets Carmen i Grieghallen.

Bergen Filharmoniske Orkester (foto: www.harmonien.no)

Vellykket utenlandsturné

Bergen Filharmoniske Orkester har sendt oss utdrag fra et knippe anmeldelser etter deres turné tidligere denne måneden til Amsterdam, Birmingham...

Sanae Yoshida

De Unges Konsert

Norge har en bemerkelsesverdig tilvekst av unge musikktalenter, og mange av dem vil gjerne gripe den sjansen en solistopptreden med...

Bergen Filharmoniske Orkester – fioliner (foto: Eirik Reitan)

Frå det vesle til det store

Bergen Filharmoniske Orkester sitt bidrag til Borealis i år var ein konsert med verk av dei tre festivalkomponistane Luigi Nono,...

Flere saker

Festkonsert for langeleiken 500 år, Riksscenen nov

Langeleiken 500 år: – En bro til en annen tid

Sist helg ble langeleikens 500-årsjubileum markert med en storslått feiring på Riksscenen i Oslo, med musikk, faglige innslag, plateslipp, fest...

Loppemarked for Ila og Bolteløkka Foto: Anke Imsen

Høy pris for restlopper

Skolekorps i Oslo får levere rester gratis på Grønmo. Men frakten etter loppemarkedene må de betale selv.

Tone Østerdal

Fratrer på grunn av sykdom

Music Norways direktør trer til side på grunn av alvorlig sykdom.