Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen
Troldsalen er ein kammersal med sær utsikt: ned gjennom steinjuvet til komponisthytta til Eddie, japanarar med kamera og undarlege båtkrusningar på Nordåsvannflata.
Konserten i går var ein av mange Festspillkonsertar på Troldhaugen. Den stappfulle salen fekk meir enn dei forventa. Då Austbø møtte opp med sine lange armar serverte han eit sjeldant foredrag. Eit uendeleg originalt spel. Opningsnummeret – utdrag frå Grieg sine ‘Slåtter’ op. 72 var mektig imponerande i spenst og dristigheit. Austbø let slaga i dei dansande rytmande ‘suga seg’ sjølv opp i ein annan – det rytmiske foredraget blir transformert. Ein musikkvitar finn betre ord for dette – men, du kor godt det river! Raffinementet i konserten haldt eit slikt nivå under heile konserten. Her bør arrangøren også få skryt for programsamansetjinga. Ein glitrande rekke av stykker -etter ‘Slåtter’ kom Debussy sine ‘Estampes’. Med merkeleg orientalisme og instrumentglede eit utmerka kontrapunkt til Grieg i starten. Iallefall når det Håkon Austbø som får det til synge. Direktør v/ Troldhaugen, Erling Dahl jr. fekk på ein fin måte også fram desse kontrapunkta. Inkje er som konsertar kor det også er nokon som snakkar til ein. Dette er Dahl veldig flink til – og på ein fin måte fekk han også fram dei historiske særtrekka ved komponistane. Ein supersamansatt konsert vart endå tettare.
Då Debussy var ferdig kom Janácek ut flygellokket – via Chopin. ‘I Tåken’ er eit verk mange i Noreg fekk introdusert av Leif Ove Andsnes. Difor lurde ein på korleis herr Austbø sitt piano kom til å synge ‘I Tåken’. Kva kom han til å trekke opp or sitt kjensleregister?
Konklusjonen er at ein gler seg til Austbø sin variant også finns i CD-hylla . Tolkinga hans er verkeleg storarta og gripande. Austbø har nærvær og kjensleregister som er alt anna enn likegyldig. Eit merkeleg nærvær. Dette merka ein også godt i ‘Improvisasjonar’ av Bartok og ‘Ungarsk Rhapsodi no. 13’ som Austbø avslutta konserten med. I stor kontrast til japanarane med digitalsurr utanføre -og perfekt introitus til raudstrupene i tretoppane over japanarane.

Tekstforfatterpris til Ane Brun
– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter
Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne
Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon
Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...
Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.




















































