Oddrun Lilja leverte Sjølvaste Tingingsverket til Vossa Jazz 2023. Med det vart hennar debut-trilogi komplett. (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Uredde Lilja

Gitaristen Oddrun Lilja leverte Sjølvaste Tingingsverket til Vossa Jazz 2023, og med det vart trilogien ho debuterer med komplett. Lilja har ikkje berre invitert musikken inn i si verd, men ho har invitert musikarane til å skape ei ny verd saman.

Kalender

Reza e i Ragazzi

12/04/2024 Kl. 20:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

13/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Engegård, Svendsrud og Haugen trio i Trysil

13/04/2024 Kl. 15.00

Innlandet

Oddrun Lilja har gjennom dei siste åra merka seg som ein allsidig og nytenkande både musikar og komponist. Difor er det ikkje så rart at ho fekk spørsmålet om å levere det prestisjetunge tingingsverket til Vossa Jazz i år – som den yngste nokon gong.

I har ho kalla verket, som vart urframført i Idrettshallen på Voss søndag 1. april. Dette er siste del av ein trilogi der debutalbumet Marble frå 2020 var den første, og Mirage den andre, som kjem ut fredag 14. april.

Det pirrar lytteinteressa allereie å lese kven musikarane Oddrun Lilja har fått med seg til Voss er – ei musikalsk fargerik samansetjing. Denne utgåva av bandet Lilja består av Anders Røine med langeleik og vokal, Helga Myhr med hardingfele og vokal, Beate Lech på vokal og elektronikk, Helge Norbakken på trommer og perkusjon og Jo Skaansar på bass.

LES OGSÅ Røine/Warg & Dahlen: Sexy greier

Musikalsk fargerikt verkar å vere eit slags motto for Oddrun Lilja. Gjennom dei siste åra har ho reist rundt i sjangrar og verdskrokar, og gjennom Lilja blir all denne fargen kasta utover lerretet.

Tingingsverket I opnar med Helga Myhr si stemme, som er sterk gjennom å vere sårbar. Vi får sidan høyre tittelen «Stillhetsveldet» – det ligg ei heil oppleving berre i ordet.

Verket tek utgangspunkt i eit skaldedikt frå Island. Mor hennar er islandsk og far forskar på skaldedikt. Lilja har altså gått til røtene her – musikalsk, genetisk, geografisk. Ho seier at verket tek utgangspunkt i hennar liv og alt liv, og kallar det sjølv ein non-dualistisk sjølvbiografi, ei sjølvmotseiing. Og i sjølvmotseiing ligg det som kjent spennande kunst.

LES OM LILJAS DEBUTPLATE i Debutantene: Pandemispesial, del 2

Gitaristen Lilja er uredd i spelet sitt, og som komponist er ho uredd dei estetiske vala ho tek – og akkurat slik oppstår det nye.

Lilja på scenen under Vossa Jazz. (Foto: Sverre Hjørnevik/Vossa Jazz)

Når ho introduserer neste låt, «Fra min barndoms dal, som tilfeldigvis også er Anders (Røine) sin», tør eg tippe at dei fleste i salen tenkte noko slikt som «åja har ho vekse opp i Gudbrandsdalen? Hallingdalen?».

Det er liksom slike dalar ein tenkjer på når ein høyrer «Min barndoms dal». Men neida – Groruddalen! Og denne låta er jublande gøy! Det kunne fort blitt flaut med ei tekst som «Groruddalen… jeg elsker deg… jeg hater deg». Men tvert i mot fungerer det, og treff publikum fordi det er så direkte, utilslørt og fritt for «ikkje-reglar». Eg gliser til den deilige linja «Fy faen for et sted» som ligg så godt i stemma til Røine.

Beate Lech tek laust i sjelfull song.  (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

I notata mine skriv eg BEATE med caps lock fleire gongar i løpet av konserten. Det er spesielt spennande at Oddrun har invitert Beate Lech (Beady Belle) inn i denne miksen. Med glitrande discobukser og solbriller kjem ho med soulful song inn i det elles så folkete akustiske. På «Ørkenstjerne» tek ho av, godt hjelpt av effektboksen sin, i ein kraftfull improvisasjon. Jo Skaansar har ein skilsetjande bassintro på høgdepunktet «Beloved One», som er skrive til dottera Oddrun og Jo har i lag. Slik blir det kanskje ekstra sterke melodiar av.

Oddrun Lilja har blitt ein stadig meir interessant gitarist. Ho spelar nokre heftige linjer, og er fri i spelet sitt. Under intervjuet med Audun Vinger tidlegare på dagen fortel Oddrun om gitarsoloen ho vart kasta ut i under sin første konsert med Paal Nilssen-Loves Circus. Dynamikken var på max, og her skulle ho ta over – kvar skulle ho løfte det? Då fann Oddrun noko i seg ho ikkje hadde kjent på før. Denne augneblinken er ein vi som var der hugsar – du kan lese mi melding av den konserten her.

Poenget med den forteljinga er kanskje ikkje kva som faktisk skjedde under den soloen, men måten ho møtte denne situasjonen på. Denne openheita for å finne ting ho, dei andre i bandet eller publikum ikkje visste om var mogleg. I denne modige leitinga finn vi gull.

Og medan vi ventar på plata med tingingsverket I, kan du altså høyre Mirage, det andre bindet i trilogien, som kjem fredag 14. april.

Lilja – Mirage (Jazzland Recordings 2023) (Foto: Jazzland Recordings 2023)

Mirage går rett i eksposisjonen av prosjektet til Oddrun. Første spor og singel, «On Your Shoulders», flettar samisk joiketradisjon frå Sara Marielle Gaup og song frå Bafana Nhlapo, fødd i Soweto, Sør-Afrika. Oppå flyt Lilja i luftige gitarlinjer. Mirage – ei luftspeiling av verda frå hennar perspektiv.

Oddrun Lilja har invitert inn fire tradisjonsberarar frå ulike delar av verda med seg på denne plata: Sara Marielle Gaup frå Sápmi, Celio de Carvalho frå Brasil, Zakaria Houaoura frå Marokko og Ashraf Sharif Khan frå Pakistan.

Trass i alle fargane som er kasta utover det musikalske lerretet, er biletet klårt og tydeleg. Det er nysgjerrig musikk som leitar etter det som er felles i musikalske uttrykk, gjennom å la kvart uttrykk stå fritt. Lilja har ikkje berre invitert desse musikarane inn i si verd, men ho har invitert musikarane til å skape ei ny verd.

Det er sterke enkeltståande komposisjonar og låtar. «Lila» er eit høgdepunkt, der Zakaria Houaouras groove på marokkanske instrumentet guembri naturleg spelar opp for Beate Lech (Beady Belle) sin moderne soulvokal. Også bassist Skaansar og trommeslagar Erik Nylander er sentrale for dette heilskaplege uttrykket. Og lydbiletet er stort sett mjukt og definert miksa av Mike Hartung. Det lét rett og slett digg.

I fleire av soloane til Oddrun Lilja gjennom Mirage, går tankane mine til gitarist Lionel Louke, som på vellukka vis har skapt sitt eige jazzgitarspråk gjennom å integrere tradisjonar frå Benin, der han er frå. Musikken rører seg leikent mellom mange impulsar frå ulike sjangrar. Noko av det som eg kosar meg mest med er Bafana Nhlapo sin akrobatiske vokal. Han eksperimenterer med klangar i stemma som gir eit fascinerande løft.

Det er ikkje nok å berre plukke opp all verdas impulsar, ein må skape noko heilskapleg meiningsfullt ut av det. Og nettopp det har Oddrun Lilja fått til. 

 

Du kan oppleve Lilja live på desse stadene i tida framover:

15. april: Jazzprisen, Skien
16. april: Ringerike kultursenter, Hønefoss
27. april: Jazzahead, Bremen
13. mai: Victoria Nasjonal jazzscene, Oslo
25. mai: Nutshell (Nattjazz), Voss
26. mai: Storstova, Jæren
27. mai: Intro in Situ, Maastricht, NL
28. mai: Jazz in Duketown, Hertogenbosch, NL
1. juni: House Concert, Utrecht, NL
6. juli: Kongsbergjazz (LILJA extended)
15. september: Riksscenen (Tingingsverket)

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.