Hopp til innhald

Telemarksfestivalen 2001

Telemarkfestivalen 2001 går av stabelen i tida 2. – 5. august 2001, og har som hovudtema «eit moderne folkemusikkprosjekt». Festivalen har eit omfattande og rikhaldig konsertprogram med ei artistliste som no har passert 140 utøvarar. Billettar er lagt ut for sal på Billettservice, Posten og i Gullbring kulturanlegg i Bø.

Telemarkfestivalen kan no presentere eit fullstendig festivalprogram med fleire nyheiter og ekstra godbitar i konsertprogrammet.

Telemarkfestivalen vil vere ein møtestad og ein arena for fornying av folkemusikken – ein stad der det eksperimentelle skal møte det tradisjonelle, der det nasjonale skal møte det internasjonale. Undertittel og tema på årets festival er «eit moderne folkemusikkprosjekt». Telemarkfestivalen har samtidig eit uttalt mål om å arbeide for å få fram dei mangfaldige tradisjonane i vår eigen kultur innan folkemusikk- og dans.

Arrangørane vil trekkje fram følgjande viktige og store satsingar på årets festival:

* Heile fire urframføringar/ bestillingskonsertar
* Stort bestillingsverk «Aslaug Vaa» av og med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga; nyskrive musikk til tekstar av lyrikaren og dramatikaren Aslaug Vaa frå Vinje.
* «Kveding på nye spor» – storsatsing på nyskaping innan kvedartradisjonen; kvedarkonsert med fire kvedarar og musikarar
* Artistbudsjett i overkant av jubileumsfestivalen i fjor
* Ein variert konsertmeny, med open programprofil på kvelds-/ nattkonsertane
* Myllargut-jubileum

Nyheiter sidan programmet blei lagt fram i mars:

* Utvida opningskonsert med fleire smakebitar frå programmet; Márta Sebestyen (Ung) og felespelarane Piia Kleemola (Fin), Krista Sildoja (Est) og Tove de Fries (Fin). I tillegg blir det lokale innslag med Spelemannslaget Bøheringen, Bø Juniorspelemannslag og Bø Dansarring. Kåre Willoch vil stå for den offisielle opninga, som vert etterfulgt av konserten «Kveding på nye spor» i regi av Telemarkkonsertar. Til saman vil 40 personar vere involvert på scena under opningskonserten!
* Åsne Valland Nordli skal dele nattkonserten i Gamlekyrkja laurdag med Márta Sebestyen (Ung). Åsne er elles med i stumfilmorkesteret til Nils Økland og er plateaktuell med salmeplata «Himmelske balsam og sødeste drue».
* Ekstra barneforestilling «Den vesle svarte høna» – eit sigøynareventyr av og med Cirkus Sibylla
* Eventyr og forteljingar for born i Møllarstugo på Kvennøya med Astrid Holtskog

Ledige stillinger

Relaterte saker

Quartpublikum

Klar for festivalsommer

Ballade tar sommerferie fram til 30. juli, men musikk-Norge tar på ingen måte ferie. Riv deg løs fra datamaskinen og...

Flere saker

Nicholas Sillitoe i sitt hjem, ved piano; hans «happy place»

From England with love

Du har kanskje ikke fått med deg navnet Nicholas Sillitoe før, men du har sikkert hørt noe av film- eller...

Tons of Rock har fått «full pott» på sin koronakompensasjonssøknad

Konsentrasjoner i europeisk konsertbransje

Europeiske sceners interesseorganisasjoner vil at flere snakker om eierkonsentrasjon og «de fire store».

Anette Trettebergstuen. Første nestleder i familie og kulturkomiteen på Stortinget og kulturpolitisk talsperson i Arbeiderpartiet.

Pandemier er alltid uforutsigbare, Raja!

INNLEGG: Hva med et «unnskyld, jeg løy»? Raja burde ha innrømmet at det er han som nå har satt kulturlivet...