Hopp til innhald

Rff-prisen til Kirsten Bråten Berg

Det var ikke bare Lindemanprisen som ble delt ut denne helgen. Rådet for folkemusikk og folkedans delte nemlig ut sin årlige Rff-pris til kvederen Kirsten Bråten Berg, som i desse dagar er aktuell med si første solplate på tretten år: «Syng du mi røyst».

På Representantskapsmøtet sitt delte Rådet for folkemusikk og folkedans ut Rff-prisen for 2001. Prisen gjekk til Kirsten Bråten Berg.

Rådet grunngav utdelinga slik:

«Prisvinnaren står for ei stor breidde i arbeidet innafor folkemusikk og folkedansfeltet. Ho har virka både som utøvar og pedagog og har vore sentral for feltet i kulturpolitisk samanheng, og ho har lagt ned ein omfattande innsats både for musikken og dansen.

Ho har vunne fleire prestisjetunge musikkprisar og på folkemusikkfeltet har ho vunne Landskappleiken 2 gonger, ein gong med Kongepokal.

Ho har som utøvar halde eit utal konsertar og kurs og har vore med på 20 ulike fonogramutgjevingar. Tre av desse har fått Spelemannsprisen. Den 21 utgjevinga hennar «Syng du mi røyst» vert sleppt på onsdag.

Kirsten Bråten Berg har lenge vore ein av dei viktigaste aktørane for å gjera folkemusikken til ei sentral ytringsform i dagens musikkbilete. Hennar musikalske og kunstnarlege arbeid har gitt henne ein sterk posisjon, ikkje berre i folkemusikkfeltet, men i breie krinsar av av norsk og internasjonalt musikkmiljø generelt.»

Kirsti Bråten Berg har m.a. vore med på desse CD-utgjevingene: «Slinkombass» (1979), «Kirsten Bråten Berg» (1980), «Slinkombas og bas igjen» (1982), «Min kvedarlund» (1988), «Juletid» (1991), «Sagn» (1992), «Cohen på norsk» (1993), «Våre beste barnesanger 2» (1993), «Arv» (1993), «Suède et Norvège» (1993), «Pilgrimen» (1996), «Frå Senegal til Setesdal» (1997) og «Runarstreng».
 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Folkemusikk i solnedgang?

I samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag inviterer Den Norske Folkemusikkveka i Ål til åpent debattmøte fredag 25. mai. Tema...

Blåmann Blåmann

Tre plateslipp i Ål

250 artister og tre plateslipp fra blant annet Blåmann Blåmann (bildet) er status for Den Norske Folkemusikkveka i Ål 22....

Flere saker

Stine Janvin Morten Joh Or Gare

Vil vekke til live sang for de døde

Hvorfor så stille når noen blant oss dør? Det trenger ikke være det, mener duoen bak denne prosseserte prosesjonsmusikk.

Grafitti av Bob Dylan

Fem dylanske landskap

«Diktaren Dylan er uløyseleg lenka til songaren Dylan, og framføringa er like viktig som orda og tonane. Dylan er ein...

Tine Thing Helseth med hvit kjole mot rosa bakgrunn. Hun holder trompeten i hendene.

Ballade klassisk: Triumfklang og økt livskvalitet

Klinger symfoniorkestrene for likt? Og hva har Helseth puttet i trompeten denne gangen? Dette, og mer til funderer Ola Nordal...