Hopp til innhald

Professor til Høgskulen i Telemark

Frå komande haust kan høgskuleavdelinga på Rauland i Telemark invitere til hovudfagsstudium i folkekultur, og det er spelemannen og filosofen Vidar Lande som blir den første professor i Øvre Telemark og den første som er utøvar på hardingfele, meldar Kvinten.

Av Tore Skaug, Kvinten

Lande (53) er født i Arendal og har universitetsutdanning både frå Noreg og Canada, der han mellom anna henta seg ein doktorgrad i filosofi. Han er busett på Romerike der han har undervist i den vidaregåande skulen og ved Ullersmo landsfengsel. Dei siste åra har han også vore knytta til Høgskulen i Telemark og hatt undervisningsroppgåver både på Rauland og i Bø.

Som utøvande spelemann på hardingfele har han bakgrunn i Setesdals- og Agder-musikken, men har med åra tileigna seg kunnskap og dugleik innan det meste av norsk folkemusikk. Han har vore med på fleire plateprosjekt, gitt ut bøker og skrive ei rad artiklar med emne frå norsk folkemusikk, blant anna i Årbok for norsk folkemusikk.

— Når Høgskulen i Telemark vurderer meg som aktuell for dette professoratet i folkekultur, er det av di eg i tillegg til den akademiske bakgrunnen min også er utøvar på eit visst nivå, seier Lande som ser fram til å ta fatt med master-studentar i folkekultur øvst i Telemark og som tek til i stillinga 1. mars.

Med Vidar Lande på plass som professor og frå hausten 12 hovudfagsstudentar har høgskuleavdelinga på Rauland nådd eit lenge etterlengta mål, seier instituttleiar Bodil Akselvoll. Ho ser Lande som svært godt kvalifisert. Det er ikkje mange som stiller så sterkt på den utøvande sida, legg ho til.

For avdelinga på Rauland og for studentmiljøet er det svært viktig at ein opnar for eit masterstudium. Då kan ein få eit 5-års studium i fjellbygda ved Totak, og dei som satsar på det, kan også skaffe seg forskarkompetanse. Skulle det på noko tidspunkt vore tvil om høgskulestudiet på Rauland var eksistensberettiga, er all tvil med dette feid til side.

— Og så blir det spennande å sjå kva studentane vil arbeide med, seier Bodil Akselvoll som har 11 studieplassar å by på, ettersom ein studieplass alt er fylt av ein kvotesøkjar, ein ungarsk spelemann.

Denne artikkelen kjem i bearbeidd utgåve i den nyaste utgåva av Kvinten, meldingsbladet til Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arne Nordheim

Internasjonal munnharpefestival i Rauland

I tiden 11. – 14. september arrangeres en helt spesiell festival i Rauland: den 4. internasjonale kongress og festival for...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

Diktarpresten og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad blir feira over store delar av landet 200 år etter sin fødsel. Slekta hans...

Folkedans

Folkemusikkutdanningane på høgare nivå – Utnyttar kvarandres ressursar for lite?

Rauland, Voss, Oslo, Bergen, Stord, Nesna, Gjøvik? Det er mange stader du kan studere folkemusikk, anten som del av anna...

Anne Hytta

Anne Hytta ny redaktør i Kvinten

Folkemusikkbladet Kvinten har ansatt Anne Hytta som ny redaktør. Hun er ellers kjent som hardingfeleutøver i toppklasse og har en...

Torild Wagle Christensen, Høgskolen i Telemark

Nytt fleksibelt deltidsstudium i Musikk- og kulturadministrasjon

Høgskolen i Telemark i Bø tilbyr fra høsten 2004 et nytt og fleksibelt deltidsstudium i musikk- og kulturadministrasjon. Temaer i...

Slagr (Foto: Mona Møllebakk)

Slagr!

Slagr et et band som unndrar seg kategorisering. Bestående av Anne Hytta på hardingfele, Amund Sjølie Sveen på vibrafon og...

Flere saker

Langeleikkurs i Gjøvik spelmannslags musikkhelg.

22,5 millioner delt ut til utstyrs- og rombehov

Tross ekstra «julegave» med Tippemidler: Kulturrom mener det er et større utstyrsbehov blant kulturaktørene de er til for, enn de...

Jaga Jazzist Foto: Bjørn Lier

Jager etter i sømmene

«Sømløs» ser ut til å være den mest utbredte karakteristikken om Jaga Jazzists musikk. Men det er nettopp sømmene man...

Oslo rådhus

Kulturetaten beklager lang klagebehandlingstid

Oppfordrer Oslo musikkråd, NMF Øst og Korforbundet til å samarbeide om tilskudd på tvers av forbundene.