Hopp til innhald
Eir Vatn Strøm – Årest unge folkemusikar

Eir Vatn Strøm vann IntroFolk ved siste runde i 2022, og blei kåra til Årets unge folkemusikar. (Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Ny runde med Introfolk: Opnar for folkedansarar i talentprogrammet

– Det er fleire og fleire folkedansarar som satsar på dette som yrkesveg, og derfor ynskjer vi å gje dansen plass på Introfolk, seier Aslak Brimi i FolkOrg. Søknadsfrist er 5. august.

IntroFolk er ein arena der unge folkemusikarar kan få utvikle seg som kunstnarar og få erfaring med å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, opplyser FolkOrg. Det er også eit poeng å vise breidda av musikarar og dansarar både innanfor norsk og samisk folkemusikk. Folkemusikarar og -dansarar fødde i 1994 og seinare kan søkje om å bli med i IntroFolk.

Det er organisasjonen FolkOrg som driftar mentor- og talentprogrammet IntroFolk, som dei tre neste åra har fått støtte frå Talent Norge og Sparebankstiftelsen.

Seks unge artistar skal velgast ut til programmet, og ein av dei utvalgte endar opp som Årets unge folkemusiker 2024. Både soloutøvarar og duoar kan søkje, og FolkOrg opnar frå i år opp for at eit dansepar som høver ein musikar kan søkje med til saman tre utøvarar, opplyser dei.

Aslak Brimi er dagleg leiar i FolkOrg. (Foto: Johannes Selvaag)

Den av dei seks som vert utvalgt til Årets unge folkemusikar 2024 får ei mentorpakke på nyåret, samt festivaljobbar på Folkemusikkveka, Førdefestivalen, Hilmestemnet og Farsund Folk Festival, og ein turne i september hos ei rekke folkemusikkarrangørar i Trøndelag og på Austlandet.

Alle kandidatane skal halde eit profesjonelt nivå, og ha eit klart potensial for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ein profesjonell karriere innanfor musikk, melder FolkOrg.

– Det gror godt i folkemusikken og -dansen for tida, så vi gler oss til å motta søknadene, seier Ann Helen Erichsen, prosjektleiar for Folkelarm og IntroFolk.

Søknadsfristen er 5. august.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Aslak Brimi

Aslak Brimi er ny leiar i FolkOrg

Felespelaren frå Lom tiltrer i slutten av august.

Gangar SHOWCASE SCOTLAND 01 FOTO THOMAS KOLBEIN BJORK OLSEN BERLINKONTORET

En halv million for showcase i Skottland

Dyrt, men garanterer resultater, ifølge Music Norway.

Aslak Brimi

– Som skapende utøver kan man sitte og lure

Folkemusikerne ønsker større gjennomsiktighet på hvordan saksbehandlere kommer fram til satser i Tono-utbetalinger – spesielt for det som ikke er...

Eir Vatn Strøm, Rasmus Kjorstad, Kajsa Balto, Karl Seglem, Anne Hytta og Ingrid Jasmin er blant mange musikere som har engasjert seg for større uttelling av vederlag. No skriv leiarane i tre tradisjonsmusikkorganisasjonane om det same.

Må tradisjonsmusikarar vere meir kyniske for å få meir attende frå TONO?

Den nye folkemusikkdebatten: – Må tradisjonsmusikarar vere meir kyniske i innmeldinga av verk for å få meir attende frå TONO?...

Flere saker

Karl Vestli i Tono uttrykker glede på musikkbransjens vegne etter at tysk rett har satt foten ned for en av verdens mektigste KI-aktører, i det som kan markere et historisk veiskille for både teknologi og opphavsrett.

– En historisk seier for musikkskapere

En fersk dom i Tyskland kan endre spillereglene for hele den europeiske KI-økonomien, og gi musikkskapere langt sterkere rettigheter.

Oslo Circles 2024 2520 Photo Anna Julia Granberg

Ballade klassisk: Ba-rock og spillelistetilpasset Bach

Ballade klassisk er tilbake med syv aktuelle plater som en start på det klassiske musikkåret 2026.

Klovnefisken var en viktig del av Jessie Marino sitt stykke: Foto: Magdalena Pasternak

Darmstadt 2018 – en slags stemningsrapport

Som utøver på festival har man sjelden tid til å få med seg mer enn konsertene man selv spiller på....