Felespillere

Folkemusikken i Kulturdepartementet

DEBATT: Torsdag var organsisasjonen bak tiltakspakken tradtak hos statssekretær Randi Øverland i Kulturdepartementet. Lekkasjen til blant annet Riksscenen før valget, omhandlende erstatningen for LOK-midlene, ble tatt opp på møtet. Ballade bringer her videre et referat fra møtet, ført i pennen av Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn. - Ein sit også att med eit inntrykk frå møtet at ved å tildele midlar til Riksscena, så har ”heile sektoren fått” – i og med at dei har ei oppfatning av at alle organisasjonane er medeigarar av Riksscena. I så fall skjer det ein frykta på førehand, nemleg at Riksscena vil stikke av med midlane på bekostning av alle andre tiltak.

Folkemusikk

Av Magnar Sundt, daglig leder Landslaget for Spelemenn

Budsjettlekkasjen om erstatning for tapte LOK-midlar, gir ikkje ei ny alternativ tilskotsordning i regi av Riksscena. Dette var eitt av temaene da Folkemusikkorganisasjonane møtte statssekretær Randi Øverland i Kulturdepartementet i går og overleverte tiltakspakken tradtak.no som er ein samla plan for styrka ressursforvaltning for folkemusikk og – dans for 2008 og 2009.

Budsjettlekkasjen om at Riksscena blir tildelt 1 mill kr som eitt av fleire virkemidel for å erstatte bortfallet av LOK-midlane, var ikkje Øverland veldig lysten på å prate om, men på direkte spørsmål svara ho likevel at midlane ikkje var tenkt som ei ny forvaltningsordning for utlyste midlar. 1mill kr er dermed tenkt som ordinære driftsmidlar til Riksscena og formidlingsprosjekt i regi av denne.

Ein sit også att med eit inntrykk frå møtet at ved å tildele midlar til Riksscena, så har ”heile sektoren fått” – i og med at dei har ei oppfatning av at alle organisasjonane er medeigarar av Riksscena. I så fall skjer det ein frykta på førehand, nemleg at Riksscena vil stikke av med midlane på bekostning av alle andre tiltak.

Under møtet med Øverland ble det sterkt presisert av alle at nettopp dette ikkje må bli resultatet.

Samstemte framlegg

I eit elles alt for kort møte inviterte organisasjonane departementet til å kome med noen tilbakemeldingar på korleis ein bør jobbe for å gi departementet best mogleg råd. Tida vart for knapp til å føre ein diskusjon rundt dette temaet, men Øverland rakk å seie nokre ord om at det i alle fall er ein fordel med samstemte framlegg frå ein samla sektor – også samla organisasjonsmessig.

Det er Noregs Ungdomslag, Norsk Folkemusikk og –danselag, Landslaget for Spelemenn og Rådet for folkemusikk og folkedans som står bak denne tiltakspakken tradtak.no

For sent?

Organisasjonane har bedt om eit slikt møte no sidan i vinter for å vere tidsnok ute i forhold til arbeidet med det neste statsbudsjettet som blir lagt fram innan få veker. No kom møtet vel seint i forhold til budsjettprosessen, men Randi Øverland kunne opplyse at det framleis er eit visst handlingsrom i forhold til budsjettet.

Noreg har ratifisert Unescokonvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Dette understrekar eit stort ansvar for uttrykk som nettopp folkemusikk og folkedans. Både den gjeldande kulturmeldinga og Kulturløftet til Regjeringa gir klare signal om behovet for å styrke denne sektoren, men framleis gjenstår at det blir vist konkret vilje til handlingar.

Tradtak.no gir ein samstemt, konkret og nøktern opptrappingsplan. Prioriteringane i planen er sett opp i to satsingssøyler; ei søyle for formidling og ei søyle for folkedans.

Det var etter at Arnestadrapporten vart lagt fram i 2001 at dei fire aktørane sette seg saman og utarbeidde den første felles handlingsplanen som vart lagt fram overfor kulturministeren våren 2002.

Prioriteringer

Tradtak.no inneheld desse spesifiserte tiltaka i tilfeldig rekkefølgje;

Dans; Tiltak for å styrke nybyrjarundervisninga for barn og unge, arenaer for allmenn samværsdans innan organisasjonane, spesialisering og talentutvikling i vidaregåande skule, instruktørutdanning, spesialisert høgare utdanning i folkedans, eiga utøvarutdanning i folkedans gjennom etablering av bachelor i samarbeid mellom Rff og Ole Bull Akademiet, kunstnarleg formidling av folkedans (Bygda dansar og Sans for dans), vern av folkedans som ikkjemateriell kultur, sikring av kontinuitet i kunnskapsformidlinga.

Formidling; Etablering og oppbygging av Riksscena, vidare utvikling av Den norske Folkemusikkscena, etablering av ei ”ad hoc-stønadsordning innan folkemusikk, vidare utvikling av Norsk Folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog, styrking av festivalstøtteordninga, styrking av formidlingsstøtta til Rff, etablering oppbygging av regionane folkemusikksenter, etablering av eit 5-årig utviklingsprosjekt Norwegian Sounds, styrking av innkjøpsordninga for fonogram, auka organisasjonsstøtte.

Saken er tidligere publisert på hjemmesiden til Landslaget for Spelemenn.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio