Hopp til innhald

Eit enormt trøkk i Førde

Folkemusikkfestivalen i Førde har selt 2000 fleire billettar i år enn i fjor. Med 31 000 besøkande er dagleg leiar Hilde Bjørkum svært godt nøgd etter fire intense dagar. Samtidig er planlegginga for neste år alt i gang. Då skal Førdefestivalen vere vertskap for den europeiske kringkastingsunionen EBU, som sender 10-15 folkemusikkgrupper frå heile Europa til Førde.

— EBU har valgt ut Førde Internasjonale folkemusikkfestival som vert for «Contemporary folk music festival», eller samtids-folkemusikk, og alle EBU-landa sender ei gruppe kvar til festivalen, seier Hilde Bjørkum. Den europeiske festivalen har berre vore i Norge ein gong før og Bjørkum trur at samarbeidet med EBU vil bli svært nyttig for folkemusikkfestivalen.

— Dette må bety noko for TV-dekninga og eg antar det blir sendingar over EBU-nettet, men mest på radio. Eg veit ikkje enno kor omfattande det blir, men vi må leggje opp til eit nært samarbeide med NRK. Dette er svært spennande for oss og eg trur vi bør kome godt ut av det økonomisk òg, seier Bjørkum, som trur EBU har valgt Førdefestivalen fordi den har eit godt ry og tek godt vare på artistane.

I år kom 250 folkemusikarar frå alle verdsdelar til Førde for å delta på den fire dagar lange festivalen. Bjørkum trur programmet har truffe publikum særskilt godt i år: – Vi har aldri hatt så mange utselde forestillingar før. Elleve konsertar har gått for fulle hus og vi kunne sikkert ha sett opp ekstraframsyningar på fleire arrangement, som Draumkvedet i Førde kyrkje.

Andre populære arrangement var flamenco-forestillingane, folkedansteateret Svik, irske Danu, Norway Now, Black Peru, White cockatoo performing group og Over alle grenser.

— Ein av ambisjonane no blir å vidareutvikle det nyskapande arbeidet innan folkemusikk, saman med andre kulturinstitusjonar, samtidig som vi tek vare på den tradisjonelle folkemusikken, seier Bjørkum.

— Det har vore eit enormt trøkk på festivalkontoret med stor pågang og lange køar, fortel Bjørkum. Det var ikkje seld så mange festivalpass som vanleg i forkant, men på torsdag tok det heilt av og sia opningsdagen har det vore selt 500 festivalpass. Det er mulig vi må auke kapasiteten neste år på både på festivalkontoret og andre stader, men dette er noko vi må sjå på i forhold til økonomien.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement. 240 artistar frå 15 land og 5 kontinent er engasjert til årets festival. Festivalen byr på over 70 programpunkt dei 4 festivaldagane.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

Kulturministeren opnar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opnar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 4. juli. Den 13. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert offisielt opna under forestillinga...

Claes Olsen på Øyafestivalen 2001 (Foto: Kat Borgen)

Gode resultat for musikkfestivalene

I går stilte Ballade spørsmålet om de mange festivalene her hjemme utkonkurrerer hverandre. Men de fleste av de store festivalene...

Majorstuen

Fleire artistar og større program enn nokon gong

«Europeiske stemmer» er valt som tema for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som finner stad 3. – 6. juli. – Med 17...

Kvarts

«Skal – Skal ikkje»: Ny CD med Kvarts

Kvarts er på banen med ein ny CD-produksjon, «Skal-skal ikkje». Dette er musikk komponert av Kvarts for folkemusikalen med same...

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival

Statsbudsjettet 2005: Jubel hos Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Statsbudsjettet 2005 ble et stort løft for Førde , som får tilført over en million kroner mer i året. –...

Hilde Bjørkum, Førde,

Hilde Bjørkum er ny festivaldirektør i Førde

Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005....

Flere saker

Anders Wyller – still fra Det vil ende i tårer

Ballade video: Det vil ende i tårer

På terskelen til mars måned møter vi Vaarin, Anders Wyller, Sweetheart med Nils Petter Molvær, Utan Dom., Henning Andersen, Rule...

Motorpsycho på scenen i stykket Begynnelser Foto: Ole Ekker

BALLADEPODDEN: Musikkvideo spiller teater

Podkastpremiere: Tellef Øgrim og Aslaug Olette Klausen gjør samtalende kritikk av teaterstykket Begynnelser.

Sara Övinge

Ballade klassisk: Övinge, Gardner og Det Norske Kammerorkester

Ballades nye klassiske favoritter: Les hvorfor anmelderen elsker denne plata med musikk av Philip Glass og Kjetil Bjerkestrand.