Hopp til innhald
Hilde Bjørkum, Førde,

Hilde Bjørkum er ny festivaldirektør i Førde

Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005. – Eg gler meg til å starte opp att etter eit år med delvis permisjon frå festivalen, seier Hilde Bjørkum. Ho er óg glad for at Lene Furuli held fram i festivalleiinga.

Hilde Bjørkum overtek som festivaldirektør i Førde frå 1. september 2005.

Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005.

Lene Furuli, som har vikariert som direktør for festivalen i 2005, går over i ny stilling som arrangementssjef.

— Eg gler meg til å starte opp att etter eit år med delvis permisjon frå festivalen, seier Hilde Bjørkum. Det siste året har Hilde Bjørkum hatt ei 40% stilling som kunstnarleg rådgjevar. Ho har vore med i festivalleiinga med nokre få avbrot sidan festivalen starta i 1989.

At Lene Furuli held fram i festivalleiinga seier ho seg svært glad for.

– Vi har dei siste åra sett at staben har trengt ei styrking. Med Lene Furuli med på laget er det mogleg for oss å ta tak i mange nye utfordringar. Vi skal mellom anna jobbe med konseptutvikling og vidareutvikle marknadsarbeidet.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement, med rundt 250 artistar frå heile verda. Kvart år går omtrent 80 store og små programpunkt av stabelen i løpet av dei fire hektiske festivaldagane i juli .

Årets festivalprogram omfatta namn som Mory Kanté, Majorstuen, Deaf Shepherd, Yves Lambert & Co, Alim Qasimov og Sudha Ragunathan.

Neste års festival i Førde går av stabelen 6.-9. juli.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Fra Dong provinsen (Foto: Riksantikvaren.no)

Stort Kina-fokus på norsk folkemusikk

Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli vil 30. juni opptre direkte, i beste sendetid på CCTV, Kinas statlege TV-kanal....

Kaizers Orchestra live

Jakten på den perfekte festival – Del 3

Sommer er festivaltid, og tilbudene er uoversiktlig mangfoldige. For å hjelpe våre musikkelskende lesere med å finne frem i festivaljungelen,...

Struts

Valgets festival-kval: Politikk eller Pepsi?

Erica Berthelsen, som for tiden er på permisjon fra daglig leder-stillingen ved Oslo-klubben Blå, har blitt SVs nye «kulturattaché» i...

Bell, Gytri, Skrede. Foto: Førdefestivalen

Nye folkemusikktalent ut i verda

Folkemusikkgruppa Tindra har nett kome att frå ei spennande reise til Vietnam. No vender ei ny gruppe unge tradisjonsmusikarar nasen...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

INTRO-folk er et helt nytt lanseringsprogram for unge lovende folkemusikere der det overordnede målet er å styrke norsk og samisk...

Karl Seglem: Femstein cover

Womex 2004: – Dette er sjansen folkemusikkmiljøet har til å komme ut i verden

Årets Womex-stevne ble arrengert fra 27. til 31. oktober. I denne rapporten fra Tomas Lauvland Pettersen kan du lese om...

Flere saker

Kobe NattJazz

Nattjazz 2022: Spente buer, taktskifter og nytt, mørkt materiale

Nattjazz i Bergen har vært en arena for nye artister og superstjerner fra hele verden i 50 år, og er...

Bendik Giske på Blå Foto: Martine Lund / Bylarm

Derfor er det verdt å se Bendik Giske i mer enn to akter

Ballades anmelder lot seg begeistre av elektronika-saksofonistens konserter under Bylarm.

Inga Moen Danielsen og Espen Pedersen

Ballade, Syn og Segn og Norsk Barneblad i punktskrift

Et nytt samarbeid skal gjøre norske kulturtidsskrifter tilgjengelige for blinde og svaksynte lesere, og Ballade, Syn og Segn og Norsk...