Hopp til innhald
Bell, Gytri, Skrede. Foto: Førdefestivalen

Nye folkemusikktalent ut i verda

Folkemusikkgruppa Tindra har nett kome att frå ei spennande reise til Vietnam. No vender ei ny gruppe unge tradisjonsmusikarar nasen ut i verda, denne gongen mot Malawi i Søraust-Afrika. Arngunn Bell, Vidar Skrede og Linda Gytri er sendt ut av Førdefestivalen for å treffe folkemusikarar frå andre kulturar. I Malawi deltar dei på Music Crossroads, som er ein musikkfestival for ungdom.

Tindra med Jorun Marie Kvernberg, Åshild Vetrhus og Irene Tillung spelte konsertar i Hanoi førre veke. Dei møtte igjen musikarane frå India og Vietnam som dei laga konsert med i Førde i fjor sommar. Konsertane i Vietnam fekk svært god respons hjå publikum. På musikkonservatoriet fekk Åshild Vetrhus spontan applaus då ho sang solo – på vietnamesisk. Dei spelte óg livekonsert for vietnamesisk radio med eit engasjert publikum i salen. Besøket i Vietnam vart gjennomført i samarbeid med Rikskonsertane i Norge og Vietnamese Institut for Musicology.

Denne veka er det Arngunn Timenes Bell frå Viksdalen, Vidar Skrede frå Haugesund og Linda Gytri frå Olden som er dei heldige. Dei tre utgjer den norske delen av festivalen sitt talentprosjekt i året vi er inne i. Med reisa til Afrika får dei ein spesiell start på talentåret sitt når dei i Malawi skal delta på Music Crossroads, som er ein musikkfestival for ungdom.

I tillegg skal dei tre ha konsert for Kronprinsesse Mette Marit. Ho er i landet som eit ledd i at ho er engasjert i arbeidet mot AIDS.

Frå november og fram til i dag har Arngunn, Linda og Vidar hatt det hektisk med å setje saman eit repertoar og «finne tonen». Når dei til vanlet har Bergen og Vågå som adresse, seier det seg sjølv at ei reise til Afrika er ein kjærkomen sjanse til å øve og spele seg saman som trio. At dei også får med seg mange nye spennande inntrykk og eksotiske opplevingar, er det ikkje tvil om.

Arngunn Timenes Bell (22) har spelt hardingfele i 15 år. Ho deltek på kappleikar, spelar til dans og driv som instruktør. Sidan 1997 har ho vore kunstnarisk leiar i Gaular spelemannslag. Haugesundaren Vidar Skrede har fele, hardingfele og gitar som sine instrument. Han spelar i gruppene Folk og Fente og Geitungen (har gjeve ut CD’en Vaniljesaus). Linda Gytri er trekkspelar med bakgrunn frå ulike sjangrar. No er ho student ved Ole Bull Akademiet på Voss og det er folkemusikken som står i sentrum. Ho har spelt med mange musikarar, både norske og utanlandske.
Til det vesle landet Malawi i det sørlege Afrika reiser også festivaldirektør Lene Furuli.

– Eg gler meg sjølvsagt til å sjå dei tre talenta våre i aksjon saman med andre unge musikarar under musikkfestivalen, seier Furuli. – Men det blir også veldig spennande å sjå om vi kan finne tre unge musikarar som kan komme til Førde i sommar og delta i talentprosjektet vårt. Det hadde vore ekstra moro om vi kunne møte dei under dette opphaldet!

Ledige stillinger

Relaterte saker

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

Norsk folkemusikkformidling minner om fristen for å melde seg på prøvespill til INTRO-folk, som er 7. januar 2005. Rikskonsertene presenterte...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

INTRO-folk er et helt nytt lanseringsprogram for unge lovende folkemusikere der det overordnede målet er å styrke norsk og samisk...

Karl Seglem: Femstein cover

Womex 2004: – Dette er sjansen folkemusikkmiljøet har til å komme ut i verden

Årets Womex-stevne ble arrengert fra 27. til 31. oktober. I denne rapporten fra Tomas Lauvland Pettersen kan du lese om...

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival

Statsbudsjettet 2005: Jubel hos Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Statsbudsjettet 2005 ble et stort løft for Førde , som får tilført over en million kroner mer i året. –...

Andreas Ljones

Folkemusikkens Hus: Balanse mellom vern og dialog

– Det er samarbeidet mellom folkemusikkorganisasjonene som har brakt oss dit vi er i dag, sa leder i Norsk Folkemusikk-...

Unni Løvlid på Balladefest

Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

Sist vinter møtte kvedaren Unni Løvlid Dong-musikken i landsbyen Tang’An i Kina. Her traff ho unge tradisjonsbærarar frå ein sterk...

Flere saker

Bilde fra forestillingen Underkastelse(r) på Teater Ibsen, regissert av Tore Vagn Lid. Forestillingen benytter seg av fire profesjonelle skuespillere fra Teater Ibsen, og seks elever fra Skien videregående skole, som utgjør kor og band

Frydefull forvirring og ekstrem ambivalens

Med «Underkastelse(r)» tar Teater Ibsen løpefart og stuper uti en smørje av fundamentalisme, porno, kvinnehat og selvforakt.

Utan Dom cover

Ballade video spesial: Utan Dom.

Tredje album med svensk inderlighet fra Sarpsborgbandet.

3109

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester svarer om ny operasjef

Svar til Norsk Operasangforbund (NOSF), ved forbundets leder Mette B Pedersen.