Hopp til innhald

Kulturministeren opnar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opnar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 4. juli. Den 13. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert offisielt opna under forestillinga «Møtestad Førde» i storstova i Førdehuset torsdag 4. juli.

På opningsforestillinga som set startskotet for den innhaldsrike festivalen fyrste helga i juli får publikum møte musikarar og dansarar frå alle verdshjørne.

— Vi er svært nøgde med at Kulturministeren har takka ja til å opne festivalen, seier dagleg leiar Hilde Bjørkum. – Det er viktig for oss å kunne vise toppleiinga i Kulturdepartementet noko av det kulturelle mangfaldet festivalen representerer.

Opningsforestillinga fungerer nærmast som ein smaksprøve av festivalmenyen, fortel Bjørkum. – Vi presenterer ofte artistar som er godt kjende på den internasjonale verdensmusikkscena, men likevel heilt ukjende for fleirtalet av det norske publikummet. Under opningskonserten får publikum små smakebitar frå fleire av gruppene, og mange nyttar dette høvet til å finne ut kva dei vidare vil ta med seg av dei mange festivalkonsertane i løpet av den tettpakka festivalhelga.

Festivalen er snart i mål med programplanlegginga for årets festival. – Artistar og programdetaljar er i ferd med å falle på plass, og vi planlegg å offentleggjere årets tema og tema-artistar i midten av mars, seier Bjørkum.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største festival for «verdensmusikk» med 80 programpunkt og 250 artistar frå eit 20-tals land på programmet kvart år.

Festivalens internettsider finn du på www.fordefestival.no

Ledige stillinger

Relaterte saker

Claes Olsen på Øyafestivalen 2001 (Foto: Kat Borgen)

Gode resultat for musikkfestivalene

I går stilte Ballade spørsmålet om de mange festivalene her hjemme utkonkurrerer hverandre. Men de fleste av de store festivalene...

Ønsker enklere visumregler for artister

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Festspillene i Bergen og Rikskonsertene har bedt myndighetene om å forenkle innreisereglene for inviterte artister.

Eit enormt trøkk i Førde

Folkemusikkfestivalen i Førde har selt 2000 fleire billettar i år enn i fjor. Med 31 000 besøkande er dagleg leiar...

Majorstuen

Fleire artistar og større program enn nokon gong

«Europeiske stemmer» er valt som tema for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som finner stad 3. – 6. juli. – Med 17...

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival

Statsbudsjettet 2005: Jubel hos Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Statsbudsjettet 2005 ble et stort løft for Førde , som får tilført over en million kroner mer i året. –...

Flere saker

Ihnebilder Kneecap Pala

Da Øya ble del av Superstruct – og åpna døra for å boikottes i 2025

Musikkfestivalen søkte internasjonal kapital og ryggdekning. Endte opp med bånd til israelsk bosetterøkonomi.

Witch Club Satan – still fra videoen til Fresh Blood, Fresh Pussy

Ballade video: 18-årsgrense!

Med Witch Club Satan, Stina Stjern, Sondre Lerche, Villskudd med Kjartan Kristiansen, Damokles, Oldenborre, SoftSun og Gisle Nataas.

Aftrfest

Starter ny sjangerløs festival i Oslo

AFTR Fest vil gå over tre dager på utestedene Blå, Ingensteds og Revolver.