Kirsten Bråten Berg (Foto: Geir Dokken)

Den sterke songen

Kva som vert spelt i media er eit større problem for folkemusikken enn balansen mellom kjønn, trur kvedar og visesongar Kirsten Bråten Berg. Fredag opptrer ho ved Førdefestivalens Women’s World.

Kalender

OPUS13: Debutkonsert

25/01/2022 Kl. 19.00

Oslo

Operapub på Røverstaden

26/01/2022 Kl. 19:00

Oslo

Glogerfestspillene: åpningskonsert

26/01/2022 Kl. 19:30

Viken

Svært mange nordmenn har eit tilhøve til Kirsten Bråten Berg si stemme. Sidan 70-tallet har ho sunge for oss: stev, balladar og viser, gamalt som nytt tradisjonsmateriale. Truleg har mange fått eit tilhøve til desse songane nettopp på grunn av henne.

Denne særeigne plassen mellom folkesongarane deler ho med få andre, som kvedardronninga Agnes Buen Garnås. Saman har dei vore viktige inspirasjonskjelder for generasjonane etter seg, og kanskje aller mest for unge kvinner: Til stallen av mannlege folkesongarar har ikkje tilfanget vore like aukande.

try {MusicNodes.addNode(«7fa88ede-6e5f-4984-a37e-347fb1215745», true);} catch (err) {}

Kvedarar på kammerset
Denne stoda vert aktualisert når Førdefestivalen dette året har valt som tema «Women’s World». Rett nok har overskrifta ei rekkje moglege innfallsvinklar, ikkje minst kva gjeld kvinna sine høve i eit internasjonalt perspektiv. Men kvinnene fyller altså den norske folkemusikkscena, på område som tidlegare var mannsdominert.

Les også: [link id=66723 title=»Førdefestivalen ser på damene«]

Då Berg flytte til Setesdal i 1973 for å læra sølvsmedfaget og verta tettare kjend med folkemusikalske tradisjonen herifrå, var tilhøva annleis. Dei mannlege kvedarane var mange, og det var overvekt av mannlege spelemenn.

— Særleg i Telemark var det mange utøvande mannfolk, Bjarne Øvrebø var ein av dei. Og her i Setesdal er mange menn dokumentert i arkivet. Tarjei Brokke kan særleg nemnast, seier Berg.

Ho legg til:

— Det er ikkje det at mannfolket ikkje syng i dag. Men du finn nok dei fleste gode mannlege kvedarane på kammerset, mange av dei er kring dei 70 år. Så har du Kim André Rysstad, som jo er frå Setesdal, men som ikkje først og fremst har fordjupa seg i stevtradisjonen herifrå. Balansen er uansett heilt annleis enn før.

Les også: [link id=66772 title=»Gutteband, syngemenn og andre gode ord«]

Godt teken i mot
Òg når det gjeld kvinnelege spelemenn er stoda radikalt endra. Dagens ensembleleiarar kan heita Annbjørg Lien eller Camilla Granlien. Jamvel finn ein reine kvinnekonstellasjonar, som Dei beste damene.

Då Berg starta opp, arbeidde ho i hovudsak med mannlege utøvarar. Mellom anna i gruppa Slinkombas, som var mellom dei første konstellasjonane som aktivt arbeidde med arrangert folkemusikk.

— Har du nokon gong funne det vanskeleg å hevda deg som kvinne i miljøet?

— Ikkje i det heile tatt. Og det var ikkje eit problem å komma frå Arendal og inn i miljøet heller. Rett nok hadde eg kjensla av å vera dristig som gav meg i kast med dette, i byrjinga var det mykje å læra. Men så var eg svært heldig, og kom inn i ei tid der det var viktig at nokon kom utanfrå. Eg vart godt teken i mot, seier Berg.

Musikken som relasjon
Ho fortel om Gro som «kvo» på kafeen, og om korleis ein gjerne stengde kafeen om det kom ein spelemann, så ein kunne spela i lag. Musikken var eit kvardagsfenomen, ikkje formalisert, men viktig i relasjonen mellom menneske, lokalt.

— Det var ingen som trudde då eg byrja ta fatt i dette materialet, at det skulle hamna kring om i verda. Og nettopp det at eg kom utanfrå mogleggjorde nok mykje av det som fann stad. Til dømes samarbeidet med Arild Andersen (bassist, sammen lagde de bestillingsverkene Sagn og Arv, red. anm.), som vart eit vendepunkt i min karriere. Eg hadde høyrt mykje jazz, så det var ein draumesituasjon for meg å få arbeida med han og andre jazzmusikarar. Samstundes var det skremmande og mykje nytt. Musikarane kunne seia til meg at eg skulle venta i fire takter. Kor langt er det då, undrast eg. Men eg fekk mykje hjelp, og etablerte nok ei slags tryggleik frå dette.

Open tilnærming
Det er ikkje berre den særeigne stemma hennar som har gjort Berg til ein av våre mest folkekjære utøvarar. Den opne tilnærminga ho har til songane – med kombinasjonar av sjangrar samt nytt og eldre stoff – har òg sett spor.

For Berg har det falle like naturleg å gjera solistiske framføringar av stev frå Setesdal, som å setja dei i samanheng med jazz og folkemusikk frå andre land. Og ho har ikkje berre arbeidd med folkemusikk. Berg er mellom utøvarar som har gjort songar av Leonard Cohen på norsk. Norske viser er dessutan ein viktig del av repertoaret hennar – materiale som gjerne er nyare enn balladar og stev, men som like fullt er del av tradisjonen vår.

try {MusicNodes.addNode(«3d62cc0d-4b71-4d8d-b5ab-4fb8028643bf», true);} catch (err) {}

Forsvunne allkunne?
Det er det siste som er utgangspunkt for eitt av dei nyaste prosjekta hennar, som ho konserterer med i Førde. Prosjektet har namnet Songen, og spring ut av eit ynske om å halda liv i songane. Songar som var allkunne i hennar generasjon, men er langt frå like kjent stoff for dagens unge.

Også på denne plata finn ein blandinga som er typisk for Berg: Her er viser, ein ballade og små bånsullar. Somme er tolka solistisk, somme i reinslege arrangement, medan versjonane av «Anne Knutsdotter» og «Blåmann, Blåmann bukken min» kjem i kvar si amerikansk-inspirerte tonedrakt. Motivasjonen er uansett klar: At materialet skal få leva vidare.

— Når eg har framført desse songane på aldersheimar, har demente sunge med. Det er tankevekkande: Dette er ein kunnskap som dei fleste gamle tileigna seg i skulen, og som lever med dei gjennom livet. Det er felles kunnskap som eg meiner er viktig at me har, seier ho.

Truverdig i mannsrepertoar
Med henne i Førde er Leiv Solberg (gitar, torader og mandola), Johanne Flottorp (fele) og Rune Klakegg (trekkspel og piano). Bandet skulle soleis vera likestilt, men frontfiguren gjev uttrykk for ein mangel:

— Eg ville gjerne hatt med ein mannleg kvedar, aller helst Åsmund Nordstoga, men me fekk ikkje timeplanane til å gå saman. Då gjeld det at ei dame i 60-åra kan synga truverdig om då eg var «bygdas den sælaste gut», eller at «eg heiter Håvard Hedde», seier Berg.

Slitesterkt solistisk stoff
Når ein først er inne på dette med likestilling: Deler av tradisjonen vert betre bevart enn andre, meiner songaren.

— Eg meiner det er talande at det sporet frå denne plata som eg høyrer spelt på radio er «Anne Knutsdotter» i countrystil. Det eg gjer åleine (som potpurriet «Besta syng barneviser», red. anm.) – og som kanskje er det kjæraste for meg – vert ikkje spelt, seier Berg, som fortel at ho held fleire konsertar åleine no.

Les også: [link id=66569 title=»Hva er god folkemusikk?«]

— Det handlar mellom anna om at det er viktig for meg å syna at det å synga heilt åleine har stor verdi. Eg er motstandar av at ting alltid må ha innpakking: Det solistiske stoffet er slitesterkt og har overlevd i generasjonar.

— Er du redd for at denne delen av tradisjonen vil forsvinna?

— Materialet forsvinn nok ikkje, det er godt dokumentert i arkiva. Eg er meir redd for at folk ikkje skal synast om forma, at dei ikkje får oppleva den. Me har heldigvis gode representantar, utøvarar som Sigrid Moldestad og Unni Boksasp og mange fleire, som har band og grupper, men som òg er klåre i synet på at det å spela ein slått eller synga ein ballade a capella kan vera sterkt nok uttrykk i seg sjølv.

Saknar breidde
— Du nemnde du høyrer musikken din sjeldan spelt: Tykkjer du det er eit generelt problem at det vert spelt for lite folkemusikk?

— Det blir vel helst spelt meir enn før, talet aktive utøvarar er jo svært auka – og det er bra. Men eg saknar nok at kulturredaksjonar i større grad torer å presentera heile breidda av det som går føre seg innan folkemusikken.

— Viktigast av alt er at eg så gjerne vil at flest mogleg skal få høyra folkemusikk, at folk vil ha eit tilhøve til tradisjonen og vera stolte av den. Eit slikt tilhøve startar med skulen og utdanninga – og er noko av motivasjonen for Songen, avsluttar Berg.

Kirsten Bråten Berg deltek på opningskonserten «Womens World» under Førdefestivalen torsdag 7. juli. Fredag finn konserten «Songen» stad, medan ho samarbeider med den svenske folkesongaren Susanne Rosenberg i konserten «Tett på» søndag.

Stillinger

Festivalsjef/ kunstnerisk leder

Riddu Riddu Festivála

Universitetslektor i gehørtrening

Norges musikkhøgskole (NMH)

Country Manager

Musikkundervisning Norge AS

Generalsekretær

Noregs Ungdomslag

Seksjonssjef for økonomi, personal og arkiv

Norges musikkhøgskole (NMH)

PR & Markedsansvarlig

Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene

Solo OBO Bodø

Arktisk Filharmoni

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this