Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

Norsk kulturråds ærespris for 2005 går som kjend til folkemusikaren Agnes Buen Garnås. Sjølve utdelinga finner stad i Oslo konserthus, Lille sal, måndag 12. desember kl 20. Under overrekkinga medverkar skodespelaren Anne Marit Jacobsen, kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. Leiar i Norsk kulturråd, Vigdis Moe Skarstein, deler ut prisen.

Folkemusikk

Agnes Buen Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.

Agnes Buen Garnås har i alt vunne Landskappleiken seks gonger og har medverka på meir enn tjue plateinnspelingar. Dei dekkjer eit stort kunstnarleg spenn: frå tradisjonell solokveding og gruppesong over til meir eksperimentelle og sjangerovergripande musikkformer.

Garnås har vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år og undervist konservatorie- og universitetsstudentar, samstundes som ho har halde talrike kurs i regi av folkemusikkorganisasjonane. Ho har drive utstrakt konsertverksemd i inn- og utland og samarbeidt med musikarar innanfor eit breidt spekter av musikksjangrar.

Agnes Buen Garnås vaks opp med folkemusikk og folkesong i heimen, og byrja tidleg å kvede. Ho har sjølv vore sentral i arbeidet med folkemusikk for born og unge. Gjennom innspelingar, arbeid i skulen, turnering med Rikskonsertane og tverrkunstnarleg samarbeid har ho formidla vidare folkemusikktradisjonane til dei minste.

— Agnes Buen Garnås er framfor alt kjenneteikna av eit stort personleg engasjement og kjærleik til det stoffet ho formidlar og ei sterk interesse for dei mange ho møter, skreiv Norsk kulturråd i si grunngjeving av Æresprisen tidligare i haust.

Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 300 000 kroner. Agnes Buen Garnås vil òg motta ei bronseløve av Elena Engelsen.

Norsk kulturråd har sidan 1968 delt ut sin årlege ærespris. Lista over prisvinnerane inneheld ei rekkje kjende namn frå norsk kulturliv, mellom anna Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark og Edith Roger.

Æresprisen gjekk i fjor til jazzmusikaren Jan Garbarek.

Agnes Buen Garnås skreiv i Ballade i sommar artikkelen [link id=60887 title=»Turistar i eige landskap samlar sumarminne»], der ho mellom anna tok opp vernet til utøverane i samband med konsert- og festivalopptak.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Samtidsmusikken tok rommet under Spellemann

Samtidsmusikken tok rommet under Spellemann

Rørende og berørende anerkjennelser under Spellemann torsdag kveld, med Hedersprisen til Maj Britt Andersen og tildelinger i flere klasser til Kristine Tjøgersen og Vilde Frang.

Ballade video: Fristeder og intergalaktisk dans

Ballade video: Fristeder og intergalaktisk dans

Vi deler et romskip med Vegar Vårdal, Rebekka Karijord, Ora The Molecule, Don Juan Dracula, Gunerius & Verdensveven, Rimmslimm, Simon Moholt, Chris Eriksen, De Press og Statsmenn.

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer

KI-innblanding i musikkproduksjon? Spotifys fordelingsmodell? Spellemannprisen? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen

Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk

Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio