Hopp til innhald
ODD OG LAILA dobbel Telemark

AGNES OG DAGNE OG ELLEN: Songliner heiter programposten der folkesongarar møtast. Ingvill Marit Buen Garnås og Odd Nordstoga speler. Og syng.

Mødrene gav dei songen

Ny konsertserie på Telemarkfestivalen: Kjende norske songarar feirar andre norske songarar, som også var mødrene deira.

Dei kjende musikarane og songarane Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Marit Buen Garnås hyller eigne mødrer – og songen – i Telemark i august.

Laurdag 8. august møtest dei i Bø til ei særskild konsertoppleving – og eit felles minneprogram for mødrene deira, som alle gjekk bort i 2024. Songliner er ein ny programpost mynta på møte mellom folkesongarar og tradisjonar. Namnet peikar mot korleis songen kan vandre i liner mellom generasjonar, familiar, folk, land og kulturar – og korleis musikken bind menneske saman over tid og stad.

– Årets konsert markerer starten på eit langsiktig arbeid, der Songliner skal utviklast vidare. På sikt vil konseptet òg romme møte mellom folkesongarar frå ulike tradisjonar og land, skriv festivalsjef Kristoffer Mosfjeld til redaksjonen.

– I den første Songliner-konserten møtest fire utøvarar med sterke røter i den vokale folkemusikken i Telemark. Konserten blir samstundes eit felles minneprogram for mødrene deira: Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren og Ellen Bojer Nordstoga – som alle vandra hen i 2024. Kvar av dei hadde eit sterkt engasjement for å halde kvedartradisjonen levande og føre han vidare til nye generasjonar. Nettopp denne arven og det musikalske påskuvet heimanfrå gjer møtet mellom desse fire særleg meiningsfullt, skriv festivalen.

Telemarkfestivalen 2026 finn stad mellom 6. og 9. august med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark. Festivalen siterer ein kjend spelemann i sin epost:
– «Å ta vare på er å ta i bruk», som Knut Buen pleier å seie. På Telemarkfestivalen lovar me eit alltid like spennande møte mellom då og no; mellom fortid og framtid, fordi me trur at tradisjonen skal både nyttast og brukast.

Aasmund Nordstoga foto Gudrun Semons
Aasmund Nordstoga minnest mor og songen han og broren fekk i gåve, heiter det i konsertprogrammet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Per Harald Nilsson, styreleder i Norske kulturarrangører reagerer kraftig på nye regler påført NKA medlemmene.

– Tono bidrar til frykt blant konsertarrangører

Arrangørene om betaling for konserter: – Tono veit ikke hvordan de skal sette vedtaket sitt ut i live. Det bidrar...

Tigingsverket «Haugebonden» med Ruth Wilhelmine Meyer, Tuva Syvertsen, Espen Leite, Per Anders Buen Garnås og ei rekkje unge talent frå Telemark

Telemarkfestivalen feirar

– Me har stor tru på den samlande krafta i musikken, seier Telemarkfestivalen, som feirar 30 år denne helga.

Odd Nordstoga

Songen i fuglens munn

Meininga med musikk er at musikk er meininga med musikk.

André Previn (Foto: Lilian Birnbaum / DGG (2001))

Dagne Groven Myhren: – Norsk musikk må holdes i hevd

– De utvilsomt gode utenlandske dirigentene i senere år har tydeligvis kjent vårt musikalske kulturlandskap for dårlig, skriver folkemusiker Dagne...

Agnes Buen Garnås (Foto: Birte Ulveseth)

– Skal folkemusikken ofrast og bunaden droppast?

INNLEGG: Reklamen rår, om ein sel margarin eller musikk. Salgsteknikk blir priorietert fyre fagkunne. Alt må vere nytt! Om det...

Lillebjørn Nilsen og Andy Irvine under konserten på Telemarkfestivalen i 1994.

Lillebjørn Nilsen og Andy Irvine: Live in Telemark 94

Lillebjørn Nilsen og den irske visesangeren Andy Irvine holdt en sjelden konsert sammen på Telemarkfestivalen i 1994. Konserten ble tatt...

Flere saker

Edvard Erdal, Luiz Coelho, Ragnhild Kyvik Bauge, Joakim Røbergshagen, Walter Küssner, Michael Grolid, Øyvind Gimse og Mirjam Kammler.

Talent Norge inn i talentprogrammet KonstKnet

Vil støtte satsingen på unge orkestermusikere med 900 000 over tre år.

Ailu Valle Sámirai digital cover

Samuraibeskyttelse i ny samisk rap

«Samiraien» i Ailu Valles låt kjemper for bevaring av naturområder.

Sanger Hege Høisæter er en av de nominerte til Opus Klassik pris. Bildet er fra forestillingen Dømte Dronninger

Mange norske nominerte til tysk hederspris

Opus Klassik heter prisen som hedrer utøverne, verkene, innspillingene og opphaverne på det klassiske feltet. I år er det en...