Agnes Buen Garnås (Foto: Birte Ulveseth)

– Skal folkemusikken ofrast og bunaden droppast?

INNLEGG: Reklamen rår, om ein sel margarin eller musikk. Salgsteknikk blir priorietert fyre fagkunne. Alt må vere nytt! Om det er det er ein annan sak, skriver Agnes Buen Garnås.

Folkemusikk

Mange kjenner ikkje folkemusikken som sin. Dei trur at folkemusikk solo er kopier frå generasjon til generasjon.Oppfatninga får lite motmæle, for folkemusikkfolk er fåmælte.
Byråkratar, festivalansatte og journalistar pøser på med sine oppfatningar: Folkemusikken må bli ny! Om dei lyttar til folkemusikk, er det det som er det fine! Same melodi kan ha mange former skapt av musikerar, som så får namnet sitt knytt til sin form. Difor seier og skriv vi i form etter..
Det blir ein deil av namnet på melodien. «Tradisjonalistar» blir vi kalt vi som spelar og syng også solistisk. Dårleg ordbruk etter mitt syn. Det er da tradisjon i å spele i ensamble og gruppe også?
Reklamen rår, om ein sel margarin eller musikk. Salgsteknikk blir priorietert fyre fagkunne. Alt må vere nytt! Om det er det er ein annan sak.
Ei fri gruppe – som har hatt fleire TV opptredenar i program som alle ser på, er lysglimt! Halling har i dei siste 10-15 år blitt meir og meir populært, og fleir og fleir er meisterar.
Frikar blir valgt til å danse ved Andreas Rybak sin melodiframføring i Grand Prix. Andreas vann, og dei blir internasjonalt lansert på TV.
Alle jublar da dette er god musikk, god musikar og god dans. Folkemusikk er også populært, men ikkje alle får oppleve den..
Ved løyving av statlege midlar til Unionsoppløysnings-jubileet, blei folkemusikken utelatt. Det blei sagt at dei ville prioritere dagens musikk.
Daverande kulturredaktøren i Klassekampen, Kari Haugen hadde ein ytring i artikkelen «Grenser for toleranse» (i Spelemannsbladet, red.anm) :
«Stadig flere ser ut til å være klare til å ofre norsk folkemusikk og droppe bunaden, i multikulturalismens navn. Dette er et paradoks. For det flerkulturelle bør selvsagt også inkludere den norske folkekulturen. Og man baner ikke veien for andres kultur ved å gjemme bort sin egen. Fellestrekket er at de urbane kommer enten fra byen eller har flyttet dit- og er mer opptatt av å markere seg selv som frisinnede og flerkulturelle enn det å legge til rette for at andre kan være det. Men urbanistenes intolerante posisjonering trenger man ikke tåle.»
Kari Haugen har etter mitt syn rett i sine påstandar.
På årsmøte i NFD (Norsk Folkemusikk- og Danselag, red.anm) for nokre år sidan var fyrste gong på fleire år eg høyrde det ga dårleg inntrykk når folkemusikerar gjekk i bunad. På årsmøte i LFS året etter, var det oppsatt som eige sak. Det er ikkje noko plikt å ha bunad, men å ta det opp som noko som kan vere negativt, eller gje musikaren eit inntrykk som ikkje er bra, er utruleg ”formanande” og etter mitt syn feilvurdert.
NRK- ansatte hevdar at folk flest vil ikkje høyre felemusikk! ” Nå har dere Alltid folkemusikk.no”, seier dei i riks- og distrikt radio, når nokon spør kvifor ikkje det spelast folkemusikk i NRK.
Folkemusikk burde spelast i dei kanalar som folk flest høyrer på – og ikkje der og – på eigen kanal!
Om NRK sine ansatte ikkje likar folkemusikk burde ikkje det stå i vegen. Ein ventar programfolk og styresmakter i NRK ikkje synsar, men kan om all musikk, også musikk som ikkje går ut på dato.
Folkemusikk bør presenterast på arenaer der annan musikk blir spela og ikkje på Pakkbua slik dei presenterer den i felebygda Bø der Telemarkfestivalen er arrangør.
Eigne kanalar, eigne scenar, eigne hus, og enda fleire eigne scenar på eigne stader, er det særleg inkluderande?
Dette er på arbeidsplanar, skapt av Oslo-byråkratar, styrande organisasjonar og råd og skrive i planar utarbeidd av folk som heller ikkje kjenner musikken så alt for godt.
Mange kjenner ikkje folkemusikken som sin. Folkemusikkfolk er fåmælte.
Agnes Buen Garnås er kvedar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio