Odd Nordstoga (Foto: Morten Andersen)

Songen i fuglens munn

Meininga med musikk er at musikk er meininga med musikk.

Kalender

Monument Festival 2020

12/06/2020 Kl. 16:00

Viken

Opera for kidsa – Mozart og prinsessen

18/06/2020 Kl. 15:00

Innlandet

Legg til arrangement
Se alle

I siste nummer av tidsskriftet Syn og Segn er temaet musikk og krafta i musikken. Ballade er takksam for å ha fått lov til å gjenbruke nokre av tekstane frå utgåva i vårt nettidsskrift. Førre tekst vi publiserte herifrå var Jan Lothe Eriksens «Politikk, sjanger og etnisitet – musikk som naudsyn». No står Odd Nordstogas «Songen i fuglens munn» for tur.

Av Odd Nordstoga

– Og du glid inn i ditt vesens grunn
Eit ope alt, ein gitar
For du er songen i fuglens munn
Ein tone som ein gong var –

Det er lite som kan bli så dumt som å diskutere meininga med musikk, og det er lite som er så ubrukeleg som offentlege debattar om musikkens plass i skulen og i samfunnet. Det skjer fort ut og hamnar i svulstige klisjear om at menneska lever av arbeidet og maten, men for kunsten og kulturen. Eller den andre vegen: at kunsten og kulturens plass kan forsvarast fordi kunst og kultur gjer til at barna blir betre i matte og norsk. Båe delar er … dumt. Ja, ein blir irritert – men merkar fort at det ikkje er lett å finne på noko betre å seia sjølv.

Tenk deg ei verd utan estetiske og åndelege dimensjonar. Kva hadde mennesket vore då?

Ein kan undre seg over kvifor det er slik. Men det har jo å gjera med musikkens vesen, sjølvsagt, eller rettare sagt kunstens vesen. Kunstens vesen er at han kjem frå dei åndelege sidene ved mennesket, og meininga kviler i seg sjølv. Det kan ikkje argumenterast rasjonelt for kunstens vesen, av di det heller ikkje er rasjonelt. Musikken har med dei åndelege dimensjonane i oss, og er vanskeleg å fange i språket. Filosofen Wittgenstein sa visst ein stad at «det ein ikkje kan seia noko om, må ein teia om», og han hadde nok rett i det. Meininga med musikk er at musikk er meininga med musikk. Prøv deg i ein debatt med dette argumentet. Det går ikkje. Då er det betre å snu på det: Tenk deg ei verd utan estetiske og åndelege dimensjonar. Kva hadde mennesket vore då?

Musikk er glede
For meg spelar musikken naturleg nok ei viktig rolle. Ja, det er til og med levebrødet mitt. Men eg kunne aldri levd av musikken om ikkje motivasjonen og suget etter å spela var der av heilt andre grunnar. Og at musikken har ei langt djupare meining. I grunnen kokar det ned til enkle ting. Men enkle ting som rører ved meininga med det heile. Til dømes glede, fellesskap og venleik.

Glede og utfalding er avgjerande for musikkutøvinga mi. Sjølv går eg rundt i eit sjølvmedvite skal, og så hiv eg meg ut i musikken, blir kvitt meg sjølv for ei stund og faldar meg ut «her og no». Ei glede utan atterhald.

Eg hugsar at me som skuleungar i Vinje juniorspelemannslag lærte ein masurka av spelemannen Tarjei Romtveit. Så skulle me spela slåtten på ei tilstelling. Tarjei talde opp, og me sette i gang. Det var eit glimt i augo hans, og eit lurt smil. Og det høyrde til like så visst som tonane. Det var oss, og det var Tarjeis smittande musikkglede. Og ein masurka.

Det er rørande å sjå ein ungdom – der det så tydeleg har byrja å vekse fram ei oppfatning av, og ein trong til å formidle nettopp dette – venleik.

Eg trur det var fyrste gongen eg hadde eit instrument mellom hendene og ikkje grua eg meg heller for å spela feil. Eg veit ikkje om eg forstod det der og då. Men i ettertid har eg tenkt ein del på tilstellinga i Vinje den gongen på 80-talet: å vera i musikken. Du må vera musikken, og musikken må vera deg. Då løyser du ut musikken, og glede fyller rommet, og om du trefte den vrine H-duren med venstrehanda eller ikkje, var ikkje så nøye. Den formidlingsevna synte Tarjei så tydeleg.

Odd Nordstoga med trekkspelet, 11 år gamal (Foto: Morten Andersen)

Musikk er venleik
Ei anna musikalsk drivkraft i meg har med venleik å gjera. Nokre gonger er eg med som forelder på elevkonsertar i kulturskulen. Dei yngste spelar mekanisk det dei har fått i oppgåve: ein liten snutt som er ferdig på eit halvt minutt. Sjenerte og letta bukkar dei djupt og er raske attende på plassen sin.

Seinare, etter nokre år med øving, kjem dei seg vidare med spelet sitt (om dei då i mellomtida ikkje har slutta). Dei har kanskje fått i oppgåve å spela eit litt lengre stykke på piano og har lært seg å bruke pedal. Straks ser og høyrer du at noko har hendt. Jenta eller guten brukar hendene på klaviaturet med ein tanke bak. Dei bryr seg om korleis det let, at det er fint. Eg ser at dei brukar mykje konsentrasjon på å få det til å høyrast fint ut. Pianoet er ikkje lenger eit hakkebrett, men eit instrument til å lokke fram venleiken. Vise fram noko fint.

Det er rørande å sjå ein ungdom – der det så tydeleg har byrja å vekse fram ei oppfatning av, og ein trong til å formidle nettopp dette – venleik.

11-årige Odd Nordstoga og unge slektningar spelte på Karl Johan sommaren 1983. Kjelde: Pressefoto i samband med plata «Mykje lyd» (2017) (Foto: Morten Andersen)

Musikk er fellesskap
Musikk er òg fellesskap, og han skapar fellesskap. Kva hadde alle rørslene i dei førre hundreåra vore utan musikken og songen? Kor mange av oss som har passert førti, har ikkje vore med i ungdomslag, i kor eller gått på folkehøgskule eller anna og avslutta samlingsstundene med å halde einannan i hendene til tonane av «Lev vel så vil eg seia, og så lyfter eg på min hatt»?

I grunnen er det sterke saker.

Glede og venleik høyrest så dumt og naivt ut. Men er det ikkje; det er det som gjer oss til menneske, og som fører oss saman, set ut ljos i verda og gjer oss til dei me er.

Eit ekstremt døme på den slags var eg vitne til på Stade de France i 2017. 80 000 menneske song «Fix you» saman med gruppa Coldplay. Det store med slikt er den enorme krafta eit enkelt kjærleiksbodskap får gjennom ei slik mønstring. Du tenker at her har verdens faenskap lite å stille opp med, og at dette er folk på sitt beste.

Heilt samanliknbart med konsertkvelden i Vinje er det jo ikkje. Medan Coldplay tok privatflyet heim og lo heile vegen til banken, sette leiaren i 4H i Vinje seg i ein oransje Fiat og køyrde heim til Våmartveit utan honorar.

For ei lita stund sidan var eg med på konsert med Bare Egil Spelemannslag i Oslo. Det heile var både artig og tankevekkande. Egil laga ein låt på scenen – nesten på sparket. «Alle mine fine ugler», heitte han. Refrenget var meir eller mindre fast. Men verset var fritt, utan rim, og handla stort sett om ei ugle – som var både her og der, i hatten og jamvel i Paris. Bare Egil Spelemannslag klarte til slutt å få med seg publikum i ein allsong – alt med stor innleving om ugler. Allsong der kvar mann song sin eigen tekst. – Me er alle ulike, men høyrer saman.

Snakk om å tilpasse allsong til notidsindividualisten!

Musikk som danning
Ei viktig oppgåve for musikken er nettopp å bidra til fellesskap. Men musikken i seg sjølv kjem jo ein annan stad ifrå. Til dømes hjå tenåringen bak pianoet. Ho som saumar eller han som skjer i trestykket. Frå det ubendige estetiske behovet vårt.

Menneska er estetiske vesen. Og musikk er eitt av mange uttrykk for dette. Og let seg heller ikkje stoppe, men piplar ut sjølv under dei mest menneskefiendtlege styreformer. For det gjev glede og venleik til livet.

Estetisk danning er eit gode – for heile samfunnet. Og kor er fellesarenaen der det kan skje? Det er i skulen.

Glede og venleik høyrest så dumt og naivt ut. Men er det ikkje; det er det som gjer oss til menneske, og som fører oss saman, set ut ljos i verda og gjer oss til dei me er. Og likevel legg skulevesenet lita vekt på estetiske fag. Kan hende rår ei oppfatning om at framtidige musikarar uansett skal gå på ei musikklinje? Eller at dei estetiske faga uansett berre kjem nokre fåe til del, til dømes dei som skal bli kunstnarar eller musikarar og levere varene mot betaling. Og at det difor ikkje er så nøye med estetisk utfalding hjå dei andre.

Ei slik tenking er ei misforstått tenking om estetikken som fenomen. Dei estetiske faga i skulen er til for å utvikle heile mennesket. Danne oss. Gjera oss til betre borgarar. Estetisk danning er eit gode – for heile samfunnet. Og kor er fellesarenaen der det kan skje? Det er i skulen.

Det handlar ikkje om resultat og måloppnåing (og gjer det kanskje derfor uinteressant for dei som styrer skulen i dag?). Det handlar om å bruke songen og hendene til å utvikle språket og tanken som gjev meining til, ja, skygangen over himmelen, fargane på lauvet om hausten, kjærleiken og venskapen. Livet.

Odd Nordstoga (Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen)

Eg trur ikkje det var noko mindre Anders Vassbotn hadde i tankane då han skreiv «Å leva, det er å elska».

Musikken – eit band mellom alle menneske
Som musikar ynskjer eg å ha det moro, vera med og skapa glede. Så vil ein gjera så godt ein kan for at folk skal ha det fint og få ei god oppleving. Men på vegner av musikken og musikken gjennom alle tider så vil ein vera med på å halde dørene opne inn til den litt gåtefulle djupe staden i menneska. Den som peikar utover tid og rom og oss sjølve.

For musikkens kraft har dette i seg. For det er slik at når ungen din kjem inn døra etter ein lang dag på skulen, nynnande på ein melodi, så er det så tilforlateleg og enkelt, på eit vis. Slik det òg knyter band mellom alt levande på jorda som er og har vore, og spenner opp høge himlar over det heile.

– Og du glid inn i ditt vesens grunn
Eit ope alt, ein gitar
For du er songen i fuglens munn
Ein tone som ein gong var –
(Henta frå teksten «Seglar» av Stein Versto)

Stillinger

Professor/ førsteamanuensis i trombone

Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK)

Pianostemmere/ klaverteknikere

Norges musikkhøgskole (NMH)

Kontrabass og fiolinlærer

Children’s International School Fredrikstad AS

Pianostemmer / pianotekniker

Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK)

Trekkspillpedagog 10 %

Nordre Follo kulturskole

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev