Hopp til innhald
Side Brok 2 (foto: Turid Rogne)

Side Brok, kvalitet, Svisj og syting

Har Side Brok blitt klemt ut fra Svisj fordi deres siste video er for dårlig, eller fordi de ligger utenfor hovedstadsmiljøet? Da gruppen fikk beskjed om at de ikke kom inn på Svisj-listene, sendte de ut en pressemelding, som senere ble omtalt som «syting» av Dagbladets Sigrid Hvidsten. I dette innlegget tar pinaDgreitt Records oppgjør med kritikken: – Ei uttrykt bekymring for at Noregs viktigaste kanal for vising av musikkvideoar er i ferd med å flate heilt ut, og verte ein rein kommersiell arena, er ikkje syting. Dersom det er på kvalitet Svisj vel sine videoar, hadde det vore interessant å sjå kva kriterium som ligg til grunn. Må alle norske videoar følgje malen frå USA? Må alle hiphop-videoar ha med alle de obligatoriske mengdene med hud, hotpants, bling bling og sjølvhøgtidelige sæggebukser?, spør Ulstein.

Av Hans Petter Ulstein, pinaDgreitt Records

Side Brok kjem i februar med ny plate. I samband med dette har vi no gitt ut singelen og videoen Din likkje drit. Då videoen vart refusert og stempla som for dårleg av Svisj-redaksjonen i NRK, sendte Side Brok ut ei pressemelding som kommenterer avslaget og samtidig informerer om at dei som likevel ville sjå videoen kunne finne den på sidebrok.no

Sigrid Hvidsten taler Svisj si sak og stemplar denne pressemeldinga i Dagbladet 13.12 som syting. I pressemeldinga uttrykker artisten undring og ueinigheit over at ein video har blitt refusert av NRK Svisj. Redaksjonen meiner at videoen ikkje er av høg nok kvalitet i forhold andre norske musikkvideoar. Samtidig kjem videoar frå diverse nesten-idol rett inn på lista. Kor vidt desse videoane og låtane er av høgare kvalitet skal vere usagt, men at dei gir mange inntektsbringande sms er i alle fall heilt sikkert. Det er ikkje syting å påpeike at NRK Svisj ikkje tek sitt ansvar som allmennkringkastar noko særlig tungt. Ei uttrykt bekymring for at Noregs viktigaste kanal for vising av musikkvideoar er i ferd med å flate heilt ut, og verte ein rein kommersiell arena, er ikkje syting. Det er heller ikkje syting å forsøke å opplyse publikum gjennom pressemelding at dei heller kan sjå videoen på sidebrok.no i staden for på Svisj.

Til pinaDgreitt Records seier Svisj at dei ikkje kan la seg styre av stemmegiving og kva sjåarane vil ha. – Då blir det berre Crazy Frog videoer, hevder Janne Sandstad i Svisj. Det er alltid eit komplement å bli samanlikna med galne froskar, men avstanden frå galen frosk til Side Brok er ganske så stor sjølv om ikkje alle evnar å sjå det.

Svisj er interaktivt tv, der sjåarane bidreg og bestemmer innhald gjennom meldingar og videoønsker. Argumentet med at «Svisj ikkje let seg styre av »stemmer« synes å vere rimeleg merkeleg.

Hvidtsten hevdar at videoen »Din likkje Drit« held 2003 kvalitet og at den ikkje held mål i 2005. Men det er ikkje slik at kvalitet alltid heng saman med årstalet for produksjon. Sist vi sendte inn video til Svisj gjekk det 3 mnd før at den vart lagt på lista. Videoen til 1,2,3, fyre var ikkje bra nok i følgje Svisj redaksjonen. Men når Side Brok gjorde reint bord på By:larm i Bergen og låta gikk inn på topp 20, vart videoen plutselig mykje betre. Rart. Men det var no i 2004 ikkje i 2005, og alt er som kjent annleis no. Dette viser nok ein gong at smakspolitiet og dørvaktene er meir opptatt av kva som er inn eller ut i staden for kva som er bra eller dårlig. Form blir ofte viktigare enn innhald. Sauer går som regel i flokk, og resultatet vert at den reelle variasjon i i norsk musikkliv kjem ikkje til syne. Sjølv ikkje hjå allmennkringkastaren.

Det er ikkje tvil om at det finns myke bra i norsk musikk anno 2005. Alle ser at det vert produsert stadig fleire gode norske musikkvideoar, derfor blir det stadig vanskelegare å komme seg inn på Svisj-lista. Så langt er alle einige. Men Side Brok er eit av Noregs største hip-hop band, spesielt i strøka utanfor Ring 3. Kva som er inn eller ut i eit lite miljø i hovudstaden er ikkje det einaste som er relevant. Redaksjonen i Svisj bør evne å sjå det store bildet i norsk musikk. Innsikt gir ofte oversikt, men ikkje når ein trur innsikt betyr å stikke hovudet opp i eige rauhol. NRK har eit langt større ansvar i sin rolle som allmennkringkastar enn andre kommersielle aktørar som ZTV, MTV, The Voice osv…

Dersom det er på kvalitet Svisj vel sine videoar, hadde det vore interessant å sjå kva kriterium som ligg til grunn. Må alle norske videoar følgje malen frå USA? Må alle hiphop-videoar ha med alle de obligatoriske mengdene med hud, hotpants, bling bling og sjølvhøgtidelige sæggebukser?

Side Brok er ein del av mangfaldet i norsk populærmusikk og ikkje minst norsk musikksmak. Side Brok er annleis, og det er det mange som likar og ikkje likar. At mange likar Side Brok viser både platesal, konsertoppmøte, Svisj-stemmer i Side Brok sin historie og talet på nedlastingar av den nye videoen frå sidebrok.no.

Men ein ting er i alle fall sikkert. Vi som likar Side Brok skal kose oss i jula med det samme som dei med hovudet opp i eige rauhol. Din likkje drit!

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Radio

Historieløst i Store Studio?

Ikke alle er alltid like fornøyde med hvordan NRK velger sine «eksperter». I dette innlegget fra musikkskribent Tor Harald Bergsrud,...

Side Brok 1 (foto: Turid Rogne)

Svisj er blitt et nåløye

For to år siden var NRK Svisj en våt drøm for alle norske band som klarte å skramle sammen en...

Radio

Kan P3 heve seg over turbulensen rundt kanalen?

– Som leder av én av de to store redaksjonene som lager P3, blant annet Urørt, har jeg fulgt debatten...

Erlend Mogård Larsen (Foto: Anders Martinsen, NRK.no)

by:Larm dumper Petre, velger Kanal 24

Etter syv år har by:Larm nå valgt å avslutte samarbeidet med Nrk Petre. Fra og med by:Larm i Tromsø 2006...

Kirsti Thisland Eggum og Patrizia Mazzuoccolo,

«Tinitus»: Nytt metal-program på NRK

Petre har måtte tåle uvanlig mye kjeft de siste par ukene, men onsdag forelå i hvert fall en gladmelding for...

Gro Narvestad (Foto: nrk.no)

Himmel og helvete – livet som P3-frilanser

– Uttalelsen fra Nils Heldal om at Petre skulle «spille musikk ingen visste at de likte» har gått i glemmeboka...

Flere saker

Et særdeles utvidet Bergen Filharmoniske Orkester, med avtroppende dirigent Edward Gardner i spissen, fremførte Mahlers åttende symfoni under festspillene i 2024.

Bergen Filharmoniske Orkester nominert til prestisjefylt internasjonal pris

Seks ensembler er nominert til den anerkjente prisen Orchestra of the Year 2025, utdelt av det britiske magasinet Gramophone.

Nordic Voices og NoXaS Foto: Thor Brødreskift

Opphøyde klanger

Religiøs musikk har fått mye plass under Festspillene i Bergen i år. Det funker.

– Jeg vil heller være en geriljaaktør

Hver gang Bendik Hofseth nærmer seg suksess, mister han interessen. Nå er han blitt ridder av St. Olavs Orden, men...