Hopp til innhald
Norges musikkhøgskole – NMH

Nye styremedlemar til prestisjeskolen.(Foto: Kjetil Alsvik / ConocoPhillips)

Nytt styre ved Musikkhøgskolen henta frå bank, sport, metal og akademia

Astrid Kvalbein skal leie eit styre med Inga Bostad, Stein Bjelland, Svein Tore Samdal – og Monica Larsson og Ivar S. Peersen.

Norges musikkhøgskole (NMH) har det største fagmiljøet i landet i musikk. Kunnskapsdepartementet har nå utpeikt nye styremedlem for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025. Astrid Kvalbein er nyvald rektor og styreleiar.

– Astrid Kvalbein overtar som rektor og styreleiar ved NMH, og eg ser fram til å følgje musikkhøgskolen under hennar leiing. Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke NMHs rolle som ein viktig institusjon i spenningsfeltet mellom konservatorietradisjonen og framtidas musikkarbeidsmarknad, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Inga Bostad, Stein Bjelland, Cecilie Ohm og Svein Tore Samdal blir styremedlem ved Norges musikkhøgskole i neste periode, med varamedlem Monica Larsson og Ivar S. Peersen.

Astrid Kvalbein frå Oslo er songar, musikkpedagog og journalist  med utdanning frå Norges musikkhøgskole. Kvalbein går frå stillinga som forskar og prosjektleiar for NMHs historieprosjekt, til rolla som rektor og styreleiar. 

Les også: Astrid Kvalbein er ny rektor ved NMH

Inga Bostad (Oslo) er professor ved Universitetet i Oslo og har brei leiar- og styreerfaring frå humaniora-feltet og leiing av akademiske miljø.

Stein Bjelland (Stavanger) er sjølvstendig næringsdrivande i musikk og kultur, og har brei styre- og leiarerfaring frå musikkbransjen. Bjelland er kopla til akademia gjennom ei bistilling på Universitetet i Stavanger.

Stein Bjelland (Foto: Kulturrådet / Ilja Hendel)

Cecilie Ohm (Bergen) er prosjektleiar ved Universitetet i Bergen, og har brei erfaring frå ulike administrative leiarstillingar i akademia. Ohm er noverande styremedlem ved NMH, og har også styreerfaring frå Simula og Uninett.

Svein Tore Samdal (Trondheim) er administrerande direktør i BN Bank ASA. Samdal har lang erfaring frå finansielt næringsliv i Midt-Noreg og styreerfaring frå Rosenberg Sport og Rosenborg fotball. Han er tidlegare sjef for kvinnelandslaget i langrenn.

Varaer:
Monica Larsson
(Nesodden) er prosjektleiar for kulturøkonomi i Kulturrådet. Larsson er også styreleiar i Bylarm, og har ei rekkje andre styreverv.

Ivar Peersen, styreleiar i GramArt (Foto: Eva Rose)

Ivar S. Peersen (Bønes) – kjend frå metalbandet Enslaved – er komponist med lang erfaring som musikar. I seinare år har han arbeidd mykje med kommersialisering av musikk. Peersen har også brei styreerfaring, skriv departementet, og er mellom anna styreleiar i interesseorganisasjonen GramArt.

Dei tilsette og studentane ved NMH vel resten av dei 11 styremedlemma.

Dei nye styremedlemma erstatter Stein Olav Henrichsen (Munchmuseet), Kaarlo Hildén (Sibelius-akademiet), Paula Crabtree (Stockholms konstnärliga högskola) og varamedlem Ingvild Aass (Molde kulturskole) og Alexander Refsum Jensenius (Institutt for musikkvitenskap, UiO).

Ledige stillinger

Relaterte saker

Astrid Kvalbein er ny rektor ved Norges musikkhøgskole

Astrid Kvalbein ny rektor ved Norges musikkhøgskole

I dag ble rektorvalget ved Norges musikkhøgskole (NMH) avgjort: Astrid Kvalbein er valgt til rektor og Eyolf Dale til prorektor...

Illustrasjonsbilde

Skvatt da de så kun menn på korpsprogram

12 menn og ingen kvinner skulle snakke på årlig fagsamling for korpsbevegelsen. Samlinga er nå koronaavlyst – likestillingsstemmer i korps...

Pauline Hall, ca

Pauline Hall: Komponist, kritikar og kosmopolitt

I anledning Pride 2020 deler vi denne fine artikkelen om komponist og kritiker Pauline Hall, skrevet av musikkforsker Astrid Kvalbein...

Bokassa 2 Gramart

Ikke burger, men Bendiksen til Bokassa

Stonerpunk-bandet Bokassa legger gjerne opp turnéruta etter gode burgerplasser. Men da de trodde de skulle anmelde gode sommerburgere ble de...

Stein Bjelland

Nytt styre for Music Norway

Kulturdepartementet har oppnevnt nytt styre for Stiftelsen Music Norway for perioden 2021-2024. Stein Bjelland fra Stavanger er oppnevnt som ny...

Flere saker

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum

Jazz i tall 2015

Øte musikererhonorar, stigende kvinneandel og høy kunstnerisk aktivitet, men nedgang i sponsormidler og offentlig støtte, viser Norsk Jazzforums oppsummering av...

Fra Stormen

Den vakre stormen

Forteljinga om Miranda og Ferdinand er ei vellukka musikalsk danningsferd om å bli stor.

Stauts låtskriver har Halldis Moren Vesaas som forbilde

Ballade radio: Fra Halldis Moren Vesaas til forbryteren Frank

Han skriver gjerne for å bevege barka karer – enten de «bare» er tradisjonelle menn med få ord, eller innsatte...