Pauline Hall, ca 1935 (Foto: Arkiv)

Pauline Hall: Komponist, kritikar og kosmopolitt

I anledning Pride 2020 deler vi denne fine artikkelen om komponist og kritiker Pauline Hall, skrevet av musikkforsker Astrid Kvalbein for tidsskriftet MELKs musikkutgave. Takk for at vi får dele, og Happy Pride! 🏳️‍🌈

Kalender

Fiolinens gullalder

26/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Knut Vaage: multiMORF remix vol 1

26/09/2020 Kl. 20:00

Vestland

Ghazal- og qawwali-kveld

26/09/2020 Kl. 18:00

Oslo

Høstlandskap

26/09/2020 Kl. 16:00

Oslo

Ballade er glad for å ha fått lov til å dele tidsskriftet MELKs fine artikkel om Pauline Hall, komponist, musiker, kritiker og en av grunnleggerne og leder av foreningen Ny musikk. Artikkelen er skrevet av musikkforsker Astrid Kvalbein,som skrev sin dokotoravhandling om Hall: Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Hall blir ofte omtalt som «samtidsmusikkens grand old lady». Artikkelen ble først trykket i tidsskriftet MELKs musikkutgave.

«Hukommelsen er ikke hva den var. Men jeg husker, jeg husker så meget. Også min beste venninne i livet – komponisten og musikkritikeren Pauline Hall. Vi holdt sammen i mange år.» – Caro Olden, 1977 ❤️

Av Astrid Kvalbein

10. juni 1953 smilte ei sliten og glad Pauline Hall mot lesarane av Dagbladet. Over ei heilside får ho store delar av æra for at ”et nytt musikksyn holder på å skapes” i landet og at ”menneskene har overvunnet angsten for nye klanger”.

Bakgrunnen for euforien til dei som flankerer henne – fiolinist Ernst Glaser, dirigent Øivind Fjeldstad og styreleiar i TONO, Erling Kjellsby – er ei mønstring av ny musikk frå store delar av verda veka før. Som leiar for Ny Musikk, den norske seksjonen av International Society for Contemporary Music (ISCM) har Hall vore vert for den årlege verdsmusikkfesten til organisasjonen. Resultatet i Oslo er så vellykka at det blir omtalt som eit vendepunkt også i utanlandske media.

Oppslaga i norske aviser vitnar om den posisjonen Hall har fått sidan ho stifta Ny Musikk på hotell Continental i 1938, med 17 medlemmar – som samtidsmusikkens ”grand old lady” – ein posisjonen ho også har hatt sidan.

Kven var denne driftige, frittalande og framtidsretta kvinna, komponisten og kritikaren som også levde i eit ope forhold med journalist Caro Olden?

Apotekardotter med musikktalent
Pauline Hall var født inn i ein apotekarfamilie på Hamar i 1890, inn i ”et hjem med klaver,” og omgitt av slektningar som var aktive i musikk- og kulturlivet der dei budde. Seinare i livet la ho vekt på kor viktig dette var. Til Programbladet sa ho i 1950 (nr. 31):

Mor spilte klaver og far cello, så jeg hørte en hel del musikk. Far hadde 5 brødre som var flinke til å spille alle sammen, og når de en gang imellom kom sammen var det musisering til langt på natt. Jeg er vokst opp med musikk omkring meg og verdien av det kan ikke måles høyt nok – det er i barneårene en mottar de aller sterkeste inntrykkene.

Som 14-åring starta Pauline ved latinlinja på Hamar katedralskole. I arkiva til Gymnasiastlaget Fram finst spor etter ei aktiv jente i ein samfunnsengasjert flokk: laget arrangerer diskusjonskveldar og teaterframsyningar, og Pauline tar del i det meste, anten dei diskuterer unionsoppløysinga, målsaka, eller ”Sladderen og den skade den gør” som er tittelen på eit innlegg frå frk. Hall. Ho tar også del i livet på skolen frå pianokrakken, med fiolin og som pianist under teaterframsyningar i regi av Fram.

Ikkje lenge etter eksamen artium in 1907 gjekk ferda til Kristiania, der Pauline Hall som mange i sin musikargenerasjon studerte med Catharinus Elling, Han gav ei relativt tradisjonell skolering i komposisjonsfaget, med røter i tysk musikk, og knytte samtidig forventingar til Halls talent og «egenartede fantasi og eiendommelig farvede lyriske temperament», som han skreiv i ein attest. Pauline Hall var også fast bestemt på å bli komponist. I ein søknad til Tollkasserer Schäffers legat i 1912, strekar ho bokstavleg talt under at det er utelukkande komposisjon ho vil fordjupe seg i, om ho får stipend til eit opphald i Berlin.

Ho fekk ikkje stipend og reiste heller ikkje til Berlin, men med støtte frå familien i ryggen gjekk ferda til kontinentet hausten 1912 – til Paris. I denne byen, som var ein smeltedigel av ”orientalsk” inspirasjon, russisk ballett og storslått tysk opera, og dessutan hadde fått sin nye nasjonalkomponist i Claude Debussy, fekk 22-åringen det ho sidan har omtalt som «sjokkartede opplevelser»: våren 1913 var ho på den første produksjonen av Igor Stravinskij og Sergej Diaghilevs skandaleombruste Vårofferet, ho gjekk på konsertar, teater og opera, og blei overvelda av Debussys Pelleas og Melisande. Modest Mussorgskijs Boris Godunov og mykje meir.

Impulsane frå utanlandsopphaldet – som også inkluderte eit halvt år i Dresden våren 1914 – kom til uttrykk på fleire vis. Alt hausten 1914, mens verda var på veg inn i ein ny storkrig, skreiv Hall ein artikkel i Norsk Musikerblad om spenningane i mellom fransk og tysk kultur, som også var å høre i musikken. På debutkonserten hennar i 1917 merkte også mange av kritikarane seg inspirasjonen frå Paris. Særleg fiolinsonatinen, “øiensynlig blit til under Frankrikes Sol” (som Ulrik Mørk skreiv i Musikbladet), var slåande påverka av Debussy – og ikkje heilt vellykka, meinte kritikarane. Dei fleste likte best dei tysk-inspirerte songane, i ein romantisk, meir velkjent – og meir arketypisk ”feminin” – stil.

At ei kvinne debuterte med berre eigne komposisjonar i Kristiania 1917, vekte likevel oppsikt, mest positiv. Sjølv om det ikkje var uvanleg at kvinner skreiv songar, klaverstykke og annan musikk i ”huslege” format på denne tida, var det ikkje like vanleg å stå fram offentleg under yrkestittelen komponist. Hall gjekk slik inn i ei rekkje av eksepsjonelle «komponistinder» då ho blei omtalt som den mest lovande sidan Agathe Backer Grøndahl (1847-1907), eller kanskje Signe Skabo (seinare Lund, 1868-1950).

Ein ”faens kar”
Utover på 1920-talet overvann Hall endå fleire tradisjonelle barrierar, ved å skrive og få framført satsar for fullt symfoniorkester. I 1928 var ein suite med fire satsar inspirert av dikt av Paul Verlaine klar. Men Filharmonisk Selskaps Orkester i Oslo takka nei til å framføre verket på sitt eige program. Løysinga blei å alliere seg med to kollegaer, Arne Eggen og Ludvig Irgens-Jensen, og leige orkesteret for 1000 kr. (Hall pruta prisen ned frå 1200).

Konserten, som også inkluderte Eggens Symfoni i g-moll og Irgens-Jensens Passacaglia, blei ein suksess på mange plan – om ikkje økonomisk (billettinntektene blei berre 398 kr.). Særleg Hall og Irgens-Jensen imponerte med ungt, moderne og internasjonalt orientert stoff som samtidig ikkje var altfor radikalt. Kritikarane verka dessutan langt meir opne for det ”franske” enn i 1917. I Verlaine-suite slår dette også ut i full blomst, i satsar som skildrar vag lengting, livlege marknader og andre kontinentale stemningar. I teksten til satsen ”Nocturne Parisienne” heiter det (Halls omsetjing):

hvor skjønt for en drømmer å krype ned fra sin hule
og stå der ved broen til la Cité,
under Notre-Dame, og drømme
med hjertet og luggen flagrende i vinden!


I og med denne konserten ser det også ut til at Hall har tatt steget frå å vere ein dyktig ”komponistinde” som meistra dei intime formata, til å bli ”ein av gutta”. I eit intervju dagen før konserten svarer i alle fall Arne Eggen journalisten i Dagbladet slik (17.01.1929):
– Er der noen likhet mellem dere tre som gjør det naturlig at –
– Ikke noen annen enn at vi alle hver for oss synes vi er noen faens karer.

Kan hende er utsegna berre jovial og sleivete om ein kvinneleg kollega. På den andre sida det ikkje heilt søkt å spekulere i at Eggen, på eitt eller anna plan, “visste” at den 39 år gamle, ugifte og barnlause Pauline Hall var lesbisk, og dermed kunne stå fram på linje med ”kara” dei på ein annan måte enn andre kvinner.

Hall har ikkje etterlate seg mange private kjelder frå denne tida. Ikkje frå Paris, og ikkje frå Berlin, der ho hadde base i åra 1926 til 1932. Det finst ikkje brev eller dagbøker som fortel om livet ho levde «på byen» – kven ho møtte, kor ho vanka eller kva ho lengta etter. Dette er sjølvsagt eit sakn for oss som forskar på henne og tida ho levde i. Samtidig teiknar artiklane ho skreiv heim til Dagbladet om teater, opera og meir i Berlin eit nokså tydeleg bilde av ein politisk (venstre)radikal kulturperson. Hall skriv rett fram om teater som tar opp abort, krig og lesbisk kjærleik og ho hånar det borgarlege operapublikummet som berre vil flykte inn i ei romantisk, nostalgisk verd i standardrepertoaret eller Richard Wagners overdådige verk. Det aktuelle, det verdsopne og gjerne provoserande, er viktigare.

Kabaret og kvinnesak‍
Noko av det Hall verkeleg får sansen for i Berlin, er Kurt Weill og Bertolt Brechts politisk engasjerte, jazzinspirerte og politisk beiske operaer. På premieren til Aufstieg und Fall der Stadt Magahonny (byen Mahagonnys vekst og fall) frydar ho seg over skildringane av «det kapitalistiske helvetes dyp» (20.06.1930) og storsuksessen Dreigroschenoper var det ho som, på invitasjon frå teatersjefen, tok med heim til Centralteatret i Oslo. Tolvskillingsoperaen blei framført i 1930, 1938, 1947 og 1955 i Halls versjon – og ho stod ikkje berre for den musikalske leiinga: ho hadde også omsett stykket til norsk, og tok regien.

Barthold Halle, som seinare blei skodespelar og regissør, var med som ung mann då Tolvskillingsoperaen blei gjort på Studioteatret i 1947, har fortalt (i intervju med meg) om ei Hall som ikkje la skjul opp på at ho hadde vanka i miljøa rundt dei politisk radikale, litterære kabaretane i Berlin. Ho syntes nok også at dei norske skodespelarane var noko for uskuldige. Den sleske storskurken, helten Mackie med Kniven, som sprang etter damene, kunne dessutan like gjerne gått til sengs med ein mann, formidla ho. Halle huska òg at han var heime på besøk hos Pauline – og Caro, som ho budde saman med.

Caro Olden, født i 1887, var trønder og journalist, med erfaring frå Adresseavisa og Stavanger Aftenblad, pluss nokre år med rapportering frå Berlin, London og Paris. Frå 1923 var ho stasjonert i Oslo, i Arbeiderbladet og som frilansar, mellom anna som redaktør i bladet Film. Olden redigerte også Yrkeskvinnen for Norges Yrkeskvinners landsforbund. Her var ho både leiar av lokalavdelinga – Oslo Yrkeskvinners klubb (YKK)– og aktiv i den internasjonale organisasjonen International Federation of Business and Professional Women.

Kva tid Pauline og Caro møttes, er usikkert. Men dei kjente truleg til kvarandre frå pressemiljøa på 1920-talet. Utover på 1930-talet var også Hall aktiv i YKK, i fleire periodar som nestformann. Ho var òg krumtapp då klubben i 1932 laga marknad med eigen kabaret på Bøndenes hus – Hall komponerte musikken og fekk musikarar frå Tolvskillingsoperaen til å spele.

Protokollane til YKK gir innblikk i eit engasjert miljø. I medlemslistene er eit breitt spekter av yrke representert – frå ”kontordame” og ”sykepleierske” via ”sangpedagog” og ”danserinde” til ”arkitekt”, ”komponist” og ”lege.” Dei arrangerer møte med føredrag om tema frå bustadsproblem og barnetrygd via industrialisering og krig til nye skodespel og musikk. I 1936 står Olden i spissen for ein nordisk sommarleir på Hundorp, og i Urd rapporterer Lise Lindbæk både om aktuelle kvinnesakstema og song, sol, god mat og mykje latter. Klubben arrangerer studiesirklar i fransk og startar ein dramatisk klubb – det siste i regi av Caro Olden. Då ho fyller 50 hausten 1937 feirar klubben med ”en stilfull fest for henne på Continental”.

Det vanlegaste er likevel øl- og pølsefestar. Frå ein fest i mars 1938 blir det referert at Daggmar Matthiasen song ”under stor begeistring akkompagnert av Pauline Hall, det var fellessang (y.k.k-sangen og andre muntre sanger) og festen varte til i 1-tiden da man brøt op etter en i alle deler vellykket aften.”Året etter er journalist Lindbæk tilbake, då for å fortelje om ”Den siste fasen i den spanske borgerkrig” som ho har følgt frå fronten. I 1939 går Olden av som formann med ein tale der ho peikar med uro på den spente situasjonen i verda.

‍Yrkeskvinner i krig og kvardagar
Andre verdskrig greip direkte inn i dei liva til Pauline Hall og Caro Olden. I 1942 måtte Hall gå frå det som sidan 1934 hadde vore ein fast post som musikkritikar i Dagbladet, ho var ikkje «tyskvenleg» nok. Også bladet Yrkeskvinnen gjekk inn same år. Dessutan blei husværet til Pauline rekvirert av tyskarane, så ho blei tvungen til å flytte. Alt dette var tungt, ikkje minst økonomisk. Men i brev til ein ven i Bergen (Øivind Bolstad) understrekar ho at situasjonen også har «sine lyse sider»:

Jeg flyttet 1. juni til en gammel og god venninne som er så noenlunde i samme båten og håper vi fortsatt får lov til å bo. Adressen er Munkedamsveien 75 (25. juni 1942)

Den omtalte venninna var Caro. Men gleda over sambuarskapen blei kort for motstandskvinnene. I mai 1943 blei Caro sendt til Grini for ”flyktningetransport”. I desember 1943 blei så heimen deira råka då eit lager med 1200 tonn ammunisjon tok til å brenne på Filipstadkaia. Hall måtte flytte ut ei tid, men var tilbake i høveleg orden då Caro blei sett fri i mai 1944.

Sidan heldt dei to fram med å bu på same adresse – med tida fekk dei kvar si leilegheit vegg i vegg – og med å jobbe side om side.

Kritikk, teatermusikk og reiser
For Pauline Hall blei aldri komponistkarrieren det ho hadde sett føre seg. Trass suksessen med Verlaine-suite i 1929, blei det for tøft å leve av å komponere utover på 1930-talet. Ho jobba også som arrangør og oversetjar, skribent og mykje anna, og frå rundt 1935 takka ho ja til fleire og fleire oppdrag som teaterkomponist. Om ikkje dette hadde like høg prestisje som å skrive symfoniar og annan ”konsertmusikk”, var det likevel eit arbeid ho treivst godt med, ikkje minst på grunn av samarbeid med regissørar som Agnes Mowinckel og Hans Jacob Nielsen – og på film: Tancred Ibsen og Astrid Henning-Jensen. Hall skreiv med tida musikk til over tretti teaterstykke og fire filmar, mellom dei Shakespeares Ein midsumarnattsdraum, Julius Cæsar og As you like it (av musikken til dei to siste laga ho òg suitar til konsertbruk) og kinoversjonen av Cora Sandels Kranes konditori.

Samtidig etablerte Hall seg frå 1934 i rolla som mange vil huske henne for i dag. Fram til 1964 var Hall ein frykta og respektert musikkritikar i Dagbladet.

Både som komponist og musikkformidlar i mange kanaler var Hall opptatt av skikkeleg handverk og ujålete språk, og hadde lite til overs for svermeriske idear om komponister som ”bare sitter på sitt kammers og venter på ildtungen som skal dale ned.” (Nationen 14.11.1935). Samtidig hadde ho tru på musikken som kraft i samfunnet, ei kraft som måtte brukast til å skape band mellom folk – ikkje til å styrke det ho gjerne kalla ”nasjonalistiske isolasjonstendenser”.

Både i mellom- og etterkrigstida stod det nasjonal(istisk)e tankegodset sterkt i norske musikkmiljø, der kosmopolittar som Hall var i mindretal. Då ho skipa Ny Musikk i 1938, var det truleg både for å fremje moderne musikk i Noreg og å bli del i eit større nettverk. For Hall førte vervet som leiar av den norske seksjonen i International Society for Contemporary Music med seg mange kampar om pengar til å arrangere konsertar heime, og årlege reiser til festivalar og generalforsamlingar rundt om i verda. Rapportane til Dagbladet om ISCM-festane vitnar om eit sterkt engasjement – som toppa seg då Hall inviterte til musikkfest i Oslo i 1953. På den tida var organisasjonen inne i ei krise, og nær ved å bli lagt ned, kort sagt fordi dei demokratiske prinsippa om at alle land burde bli representert på festivalprogramma, gav middelmåtige resultat, kunstnarisk sett. I tillegg var økonomien i kaos, så i året 1952-1953 ville ingen ta vervet som president i ISCM.

I denne situasjonen stilte altså Pauline Hall opp som øvstkommanderande for ein festival som blei så god at organisasjonen kom seg på fote igjen. At ho – som i 1929 – fekk til dette utan eigentleg økonomisk ryggdekning, er ei anna historie. Underskotet blei til slutt dekt inn, og effekten på norsk musikkliv var varig.

Gjennom alt dette ser Caro ut til å ha stått last og brast med Pauline. Ser vi nærare på artikkelen som konstaterer at ”et nytt musikksyn er i ferd med å skapes” i 1953, oppdagar vi til og med at den er underteikna med ein ”c.” – Oldens signatur.

Men dei to skriveføre, radikale og opne kvinnene har likevel sett spor. Kan hende har dei også hjelpt menneske til ”å overvinne angsten for nye klanger” i meir enn musikalsk tyding?

Frå dei siste åra dei delte har Olden etterlate seg ein del kort og brev – mange frå Pauline på reise i utlandet elles om likt og ulikt – og ei dagbok frå ei ferietur sommaren 1960. Det året meldte Hall for første gong avbod til ein ISCM-festival og reiste i staden til Nord-Noreg med kjærasten. Her er notatar om folk dei møtte, om slekt, vener og kjente frå musikklivet frå Trondheim til Tromsø, om maten og pjolteren på lugaren om kvelden, stikk til tyske turistar og ein raus dose humor.

Pliktskuldig sjokkerande
Dei to kulturelt og politisk engasjerte, internasjonalt orienterte kvinnene hørte begge til ein generasjon som var vaksen gjennom to verdskrigar, dei var mellom dei første kvinnene som fekk stemme ved Stortingsval, dei vaks ut av 1800-talet, var med i dei første radiosendingane og vidare med inn i TV-alderen.

Eit av dei mest karakteristiske fjernsynsintervjua med Pauline Hall, er når ho i 1964 må stå til rette for at performanceartisten Nam Jun Paik i 1961 har laga skandale med badekarbading, rå egg, slipsklipping og pianoknusing på ”konsert” hos Ny Musikk. Hall nektar å ”forsvare” hendinga; Ny Musikk gjorde jo berre si plikt: å formidle det som skjedde på avantgardescenene ute i verda. (”Tonekunst og unoter” 15.01.1964).

Då Pauline Hall døde i 1969, var det etter eige ønske med ein globus ved sidan av sjukehussenga. Caro Olden levde til 1981. Til 90-årsdagen gjorde Adresseavisa stas på den første kvinna i redaksjonen med eit stort intervju, der ho seier:

– Hukommelsen er ikke hva den var. Men jeg husker, jeg husker så meget. Også min beste venninne i livet – komponisten og musikkritikeren Pauline Hall. Vi holdt sammen i mange år. (14.09.1977),

Mykje av det Pauline Hall og Caro Olden hadde i lag er gløymt og borte. Men dei to skriveføre, radikale og opne kvinnene har likevel sett spor. Kan hende har dei også hjelpt menneske til ”å overvinne angsten for nye klanger” i meir enn musikalsk tyding?

Stillinger

Direktør

Fond for utøvende kunstnere

Markedskoordinator

Det Norske Blåseensemble (DNBE)

Forretningsutvikler

Sørf – Sørnorsk kompetansesenter for musikk

Førsteamanuensis i fløyte

Norges musikkhøgskole

Førsteamanuensis i klarinett

Norges musikkhøgskole

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev