Molde Jazzfestival

Kulturmeldinga om musikkfestivalar og lokale arangørar

– Eit rikt konsertliv i heile landet heile året er eit overordna siktemål. Gode vilkår for musikkfestivalar og lokale arrangørar er difor viktig. Det er ei særleg utfordring å styrkja vilkåra for dei mange musikkfestivalane og andre konsertarrangørar landet rundt, heiter det i Kulturmeldinga, som vart lagd fram sist veke. Festspillene i Bergen, Risør Kammermusikkfestival, Ultima, Molde Internasjonale Jazzfestival og Oslo World Music Festival nemnes særskilt.

Kalender

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.4 : Festivalane og dei lokale arrangørane

Festivalar og festspel, etablerte musikkinstitusjonar, små og store spelestader og kulturhus er alle viktige aktørar i formidlinga av eit rikt musikkmangfald til eit breitt publikum. Mykje fungerer godt, men ein del kan verta endå betre gjennom auka samarbeid, meir fleksibel organisering og større differensiering av tilbodet. Ikkje berre gjeld det å nytta heile breidda i den musikken som vert skapt i Noreg; det er òg viktig å formidla viktige produksjonar frå andre land.

7.4.1 Musikkfestivalar
Utviklinga av festivalane er noko av det mest gledelege og nyskapande som er skjedd innanfor musikkfeltet dei seinare åra.

Kreativiteten blømer og mangfaldet er stort landet rundt. Nye festivalar dukkar stadig opp. Fleire festivalar er alt veletablerte, og somme har opparbeidd seg eit internasjonalt omdømme. Innanfor dei ulike sjangrane kan Festspillene i Bergen, Risør Kammermusikkfestival, Ultima, Molde Internasjonale Jazzfestival og Oslo World Music Festival nemnast særskilt.

Det vert arrangert festivalar året rundt, men særleg mange vert avvikla om sommaren og vert på den måten eit verdfullt kulturtilbod i eit tidsrom då dei fleste konsert- og teatersalane er stengde. Festivalane har sterkt lokalt rotfeste, og mange tek friviljug del i arbeidet med å gjennomføra arrangementet. Utan denne innsatsen ville dei fleste festivalbudsjetta ikkje ha gått i hop.

Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, Molde Internasjonale Jazzfestival og Olavsfestdagene i Trondheim har status som knutepunktinstitusjonar. Fast årleg tilskot får òg samtidsmusikkfestivalen Ultima.

Festivalstønadsordninga under Norsk kulturråd har tvillaust vore sterkt medverkande til den gode utviklinga desse arrangementa har hatt. I 2003 er det gjeve tilskot til 40 festivalar med i alt 20,7 mill. kroner. Dei einskilde tilsegnene varierer frå 0,1 til 1,55 mill. kroner og fordeler seg på kategoriane/sjangrane festspel, folkemusikk/viser, jazz, kammermusikk, kyrkjemusikk, populærmusikk og samtidsmusikk.

For å dekkja behova betre enn i dag må ramma for tilskotsordninga aukast monaleg. Tildeling av midlar må tuftast på ei vurdering av kvalitet, oppslutnad og lokalt ankerfeste.

7.4.2 Lokale konsertarrangørar
Den lokale arrangørleden har tre hovudoppgåver: å setja saman eit kunstnarleg program (programmering), marknadsføring/sal og teknisk gjennomføring av konsertar. Alle tre oppgåvene stiller stadig utvida krav både til kompetanse og menneskelege og økonomiske ressursar.

All erfaring tilseier at skal det skapast publikumslojalitet, må programmering med tilhøyrande marknadsføring vera heilskapleg og langsiktig. Samarbeidet mellom til dømes norske kulturhus og Rikskonsertane byggjer i stadig sterkare grad på slik tenking. Ei effektiv vidareføring krev mellom anna at arrangørane får utvikla kompetanse til å gå inn i forpliktande og langsiktig samarbeid med både lokale, regionale og nasjonale produksjonsmiljø.

Samstundes som arrangørleden må styrkjast ressursmessig, er det viktig at dei lokale arrangørane byggjer lokale nettverk som også omfattar interesseorganisasjonar og andre miljø der musikkgleda og den friviljuge innsatsen er ei drivkraft.

Det kan vera tenleg å gjennomføra ulike forsøks- og utviklingsprosjekt i samarbeid mellom landsomfattande arrangørnettverk, sterke organisasjonar og kvalitetsmedvitne produksjonsmiljø, til dømes Norsk Kulturhusnettverk og Norgesnettet, Norsk Jazzforum, Norsk Rockforbund i samarbeid med Rikskonsertane og Norsk kulturråd, for å utvikla kompetanse og erfaring med tanke på ei generell styrking av arrangørleden.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.