Hopp til innhald
Chirag Patel, Karpe Diem

(Foto: Espen A. Eik)

Klubb-Oslo ynskjer meir merksemd

Måndag 13. desember kl. 18.00 inviterer arrangørforeininga Musikkbyen Oslo til paneldebatt på Mono.

Musikkbyen Oslo vil med denne debatten prøve å finne ut korleis det eigentleg står til i Klubb-Oslo. I panelet sit Terje Bontveit (Mono, Garage Oslo), Håkon Pettersen (Dattera til Hagen, Gloria Flames) og Sigurd Reinton (Soria Moria). Saman med innleiar Ivar Mykland og ordstyrar Runar Eggesvik, vil dei sjå på kva verdiar dei kulturrelaterte klubbane tilfører Oslo, samt korleis ein kan synleggjere desse verdiane når politikarar og media oftast fokuserer på rasisme, overskjenking og vald.

Eit fantastisk musikkliv

Runar Eggesvik frå Musikkbyen Oslo viser til høge tal frå Tono, og spør kven som skal fortelje den positive historia om klubbverksemda i Oslo

— Tal frå Tono seier at det vert arrangert om lag 5500 konsertar i Oslo årleg. Lagt saman med dei konsertane som ikkje vert meldt inn til Tono, må ein rekne med at om lag 6000 konsertar finn stad i Oslo årleg. Måndag skal vi diskutere korleis offentlege myndigheiter skal kunne forstå kor attraktivt dette musikklivet gjer Oslo som by. Vi lurer på kven som skal fortelje historia om det fantastiske musikklivet i denne byen, og vi har berre ein veg å gå. Vi treng omdømme og profesjonalisering.

— Er eigentleg talet på konsertar i Oslo større enn andre byar i Skandinavia?

— Det er sagt at det er om lag dobbelt så mykje konsertverksemd i Oslo som i dei resterande skandinaviske byane. Hovudgrunnen til dette er at Oslo har ekstremt mange kulturproduserande klubbar som lagar mykje arrangement, samt ei rekkje gode festivalar. Klubbane vert likevel i liten grad støtta av det offentlege, så det er interessant å sjå korleis dette fungerar. Det finnast i alle høve eit godt samarbeid mellom klubbverksemda i Oslo og festivalane i Oslo. Dømer på dette er By:larm, Musikkfest og Øya.

Gåve til turistnæringa

I tillegg til politikarane, håpar også Musikkbyen Oslo at turistnæringa vil komme på bana. Runar Eggesvik meiner dei ville få mykje att for dette, om dei berre endra litt fokus.

— Vi har prøvd å få til ein dialog med Visit-oslo. I fjor var dei veldig opptatt av Eurovision, og i år er det VM på ski som gjeld. Vanskeleg å sei kva dei vil være opptatt av til neste år, men det hadde vore fint for omdømmet til Oslo om dei gjekk inn i denne materien. Musikkbyen Oslo er eigentleg ei gåve som berre ligg å ventar på dei. Men elles har vi hatt ein glimrande dialog med Oslo Teknopol, som er dei einaste innan stat og kommune som har forstått verdien av den store kulturproduksjonen klubbar og festivalar står for. Dei har bidrege sterkt tilvi har laga saman med by:Larm, ”A Poor Man’s Connisseur Guide to Happy Living in One of the Most Expensive Cities in the World”. Denne er no spreidd rundt i heile verda, og fortel historia om ein morosam by på ein morosam måte.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sondre Sommerfelt og Runar Eggesvik ved lanseringen av «OSLO. A Poor Mans Guide to Happy Living in One of the Most Expensive Cities in the World»

Fattig guide til rik by

Hvorfor kommer den beste osloguiden ut av byens musikkmiljø?

Flere saker

Cezinando avsluttet Øya 2018 Foto: Aslaug Olette Klausen

Øyafestivalen og Sigrid kan vinne europeisk festivalpris

Festivalen er nominert i kategorien beste mellomstore festival, mens Sigrid står på listen over årets nykommere under European Festival Awards.

ISÁK på konsert under Oslo World i 2018, på klubben Blå.

Lihkku beivviin! Læhkoeh biejjine! Vuorbbe biejvijn!

Ballade markerer samenes nasjonaldag med en fersk musikkvideo fra den nye spillefilmen «Ellos eatnu – La elva leve», som hadde...

Detah By Unga Bung på Blårollinger på Parkteateret Foto: Periskop

Retrorock for voksne, tran for de små

Death By Unga Bunga åpner Parkteaterets Blårollinger i år. Musikken er solid og fengende for de voksne, men fungerer som...