Hopp til innhald

Invitasjon til å søke medlemskap i Riksscenerådet

Interimsstyret for ei Riksscene for folkemusikk og folkedan inviterer no alle aktuelle folkemusikk- og folkedansorganisasjonar til å søke om å bli medlemmer av Riksscenerådet innan 20. februar. Skipingsmøtet vert avvikla i Oslo fredag 16. mars. – For å lykkast med Riksscenen, er vi heilt avhengige av brei oppslutnad frå alle aktuelle organisasjonar, seier interimsstyret i brevet til organisasjonane.

Interimsstyret består av Tarjei Haugen (leiar), Randi Skeie og Nils Mathis Sara.

Utvalet som har arbeidd med etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans, innkalla den 14. desember 2006 stiftarane av Riksscenen til møte i Oslo.

På dette møtet la utvalet fram si endelege innstilling, og det vart valt eit interimstyret som skal fungere fram til skipingsmøtet. Norsk folkemusikkformidling held førebels fram som sekretariat for Riksscena.

Interimstyret har laga framdriftsplan for etableringa, der det blir lagt opp til skipingsmøte i Oslo fredag 16. mars.

Før dette går no interimsstyret ut og ber alle aktuelle folkemusikk- og folkedansorganisasjonar å søke om å bli medlemmer av Riksscenerådet, og også sende inn eventuelle forslag til endringar i utkastet til vedtekter frå Rikssceneutvalet.

Dette må skje innan innan 20. februar. Innan den same tidsfristen ynskjer også interimsstyret forslag til styremedlemmer i stiftinga.

Innkalling til skipingsmøte vert sendt ut 26. februar. Alle som har søkt om å bli medlemmer av Riksscenerådet, får innkalling til skipingsmøtet. Sakliste for møtet er tatt inn i framdriftsplanen.
.
— For å lykkast med Riksscenen, er vi heilt avhengige av brei oppslutnad frå alle aktuelle organisasjonar, seier interimsstyret i brevet til organisasjonane.

På denne sida hos folk og dans.no kan interesserte lese brevet frå interimsstyret, framdriftsplanen, vedtektsutkastet – og instillinga frå Rikssceneutvalet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Andreas Ljones

Folkemusikkens Hus: Balanse mellom vern og dialog

– Det er samarbeidet mellom folkemusikkorganisasjonene som har brakt oss dit vi er i dag, sa leder i Norsk Folkemusikk-...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Idédugnad for Riksscene for folkemusikk og folkedans

Norsk Folkemusikk- og Danselag, i samarbeid med Forum for folkemusikk og folkedans, inviterer til åpent møte om Riksscene for folkemusikk...

Kulturløftet

Støtter initiativet til nasjonal scene for folkemusikk og folkedans

Stortingets kulturkomité har nå avgitt sin innstilling til Kulturmeldingen, og støtter enstemmig initiativet til å få i gang en nasjonal...

Schous senteret, fasaden

Byrådet i Oslo sikrer Kulturbryggeriet

Forrige uke uken la byrådet i Oslo frem sitt budsjettforslag for 2007. Her legges det opp til å sikre det...

Åshild Vetrhus 2 (Foto: Yina Chan)

Åshild Vetrhus: – To organisasjonar får til meir enn ein

Åshild Vetrhus, ny styreleder i Norsk Folkemusikk- og Danselag, er klar til å ta fatt på styreledervervet. – Eg ønskjer...

Schous kvartalet: 3D kart

Riksscenen for folkemusikk: – Vi vil lytte til hele musikklivet

1,5 millioner statlige kroner venter nå på en splitter ny Riksscene for Folkemusikk og –Folkedans, som også skal bygge to...

Flere saker

Anette Trettebergstuen

Nasjonal strategi for kulturfrivilligheten lansert: – Vi må leggje til rette for kulturlivet

Kulturfrivilligheita har aldri blitt løfta fram som eiget politikkområde slik til dømes idretten har, seier kultur- og likestillingsminister Trettebergstuen. I...

Bokassa på Union Scene

Bokassa skal varme opp for Metallica

Trioen fra Trondheim skal være med på den fire måneder lange Europaturneen neste år.

Echo Klassik

Tysk pris til Henning Kraggerud og Det Norske Kammerorkester

Mottok Echo Klassisk-prisen for beste konsertinnspilling i Hamburg søndag kveld.