Hopp til innhald

Eg, ein Spellemann-sponsor

Eg såg fram til ein Oslo-tur der eg kunne treffe resten av juryen, nominerte og kollegaer. I staden viste det seg at eg hadde brukt arbeidskrafta mi til å sponse festen for den i hovudsak Oslo-baserte musikkbransjen, skriv Idar Lind.

Det hadde vore hyggelig å vera med på utdelinga av Spellemannprisen 25. februar, særlig etter å ha lagt ned rundt rekna 150 arbeidstimar i juryarbeid. Dessverre får eg nok ikkje brukt dei to gratisbillettane. Som 80 % uføretrygda kunstnar med adresse 50 mil nord for Oslo Konserthus, kan eg ikkje koste på meg å betale reise og opphald.

Debatten om honorering av juryarbeidet, eller rettare: manglande honorering av juryarbeidet har dukka opp med ujamne mellomrom. I ein Ballade-artikkel 6.2.2017 var dette ei av fleire sider ved Spellemannprisen som det vart retta kritikk mot. Tradisjonen tru var responsen frå styreleiar Marte Torsby at honorering «har vi dessverre ikke økonomi til».

I eit udatert blogginnlegg skriv Arild Rønsen: «det har aldri falt meg inn å spørre om [honorar]. Jeg har tvert i mot oppfatta det som et ærefullt oppdrag». Langt på veg kan eg vera einig, viss ikkje hadde eg takka nei til oppdraget og æra. Samtidig forstår eg dei som er kritiske. Reint prinsipielt meiner eg at profesjonelt arbeid skal betalast.

Profesjonell frivillighet
Det er eit aldri så lite paradoks at eit arrangement i regi av ein bransje der omsetninga for innspelt musikk var på 1,007 milliardar i 2016, delvis skal basere seg på dugnad, det som på nyare norsk blir kalla «frivillighet». Særlig når fleirtalet av dei frivillige sannsynligvis er profesjonelle kunstnarar i den same bransjen. Folk i administrative og praktiske funksjonar arbeider neppe gratis, og eg reknar med at styret for Spellemann AS får ordinære møtehonorar – om ikkje innsatsen blir finansiert av den faste arbeidsgivaren. Det er ingen grunn til å tru at desse Oslo-baserte bransjefolka måtte dekke reise og opphald frå eigen konto i dei åra prisen vart delt ut i Stavanger.

Les også: Derfor sa mange nei til å sitte i Spellemannsjury

I oktober aksepterte eg med opne auga premissane: «Det utbetales ikke honorar for jobben som jurymedlem, men du inviteres – med følge – til Spellemannprisen 2017 som avholdes i Oslo Konserthus søndag 25. februar 2018.» Der og da kunne det ikkje falle meg inn at dette betydde noko så smålig som «du får to gratisbilletter, men må betale alle utgifter selv».

Det hende at eg angra gjennom to og ein halv månad med lytting og vurdering. Arbeidsmengda vart dobbelt så stor som forventa, mange av bidraga høyrde ikkje heime i visekategorien, og nokre få var det ei plage å høyre på. I slike tunge stunder låg det likevel ein liten motivasjon i at eg i det minste skulle få ein Oslo-tur der eg kunne treffe resten av juryen, dei nominerte og kollegaer, vennar og kjente frå bransjen.

FØLG DEBATTEN: @BalladeNO på Twitter og BalladeNO på Facebook

Slik gjekk det altså ikkje. I staden viste det seg at eg hadde brukt arbeidskrafta mi til å sponse festen for den i hovudsak Oslo-baserte musikkbransjen. Om denne utblåsinga skulle legge ein dempar på stemninga, må eg berre seie meg lei og sitere frå e-posten der Spellemann AS forklarer situasjonen: «Beklager frustrasjonen.»

PS: Fram til 25. februar er det konfidensielt at eg er jurymedlem. Når eg no går ut offentlig med dette, har Spellemann AS ingen andre mulige sanksjonstiltak enn å ta frå meg dei to gratisbillettane verd kr 1290,- per stk. som eg uansett ikkje har råd til å bruke.

Ledige stillinger

Idar Lind er forfattar

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arets takk

Ny publikumspris på Spellemann

Prisen har fått navnet «Årets takk» og skal gå til en organisasjon, gruppe eller enkeltperson som jobber for et gryende...

Erlend Apneseth er nominert for to ulike album til Spellemannprisen

Disse kan vinne Spellemann 2017

Her er oversikten over alle nominerte til årets Spellemannspris.

Spellemann1

Uenig i utvidelse av Spellemanns Country-kategori

Norsk Americana Forum skriver i en kommentar at Spellemann må finne en annen kategori for de åtte påmeldte i Dansband.

Anne Nørdsti vinner pris i kategorien Danseband under Spellemann 2007. Foto: Spellemann AS

Ingen pris til Dansband under årets Spellemann

Få påmeldinger i kategorien gjør at styret har vedtatt å trekke kategorien fra Spellemann 2017.

Noter – pixabay

Prisen for Årets talentutvikler går til:

Uten musikkutdanning hadde vi neppe sett eksplosjonen av norsk musikkeksport som vi ser nå, skriver Audun Molde, som oppfordrer Spellemann...

Hornorsk

NOPA og Spellemann lanserer kampanjen #hørnorsk

Skal løfte frem norsk musikk på radio og konsertscener i uka før Spellmannsprisutdelingen.

Flere saker

Jørgen Karlstrøm, ny styreleder i TONO, og Ingrid Kindem, avtroppende styreleder

Jørgen Karlstrøm ny styreleder i TONO

Karlstrøm ble valgt til ny styreleder under TONOs årsmøte i ettermiddag. Kai Robøle ble valgt til ny nestleder i styret.

MUSIKKSTUDENTER: Fra semesteråpning 2022 i Majorstuakrysset.

Reagerer når Norge innskrenker muligheter for internasjonale kunststudenter: – Skammelig

En studieplass på Norges musikkhøgskole prises til nær fire hundre tusen kroner i året – for dem som ikke kommer...

To som feirar folkemusikk i helga: Hennar Majestet Dronning Sonja og spelemann Knut Buen.

Organisert folkemusikk i 100 år

Feirar 100 år med krona og ukrona heltar i norsk folkemusikk.