Hopp til innhald
Aslak Brimi

Musikar, komponist, barnebokforfattar, pedagog. Allsidige Aslak Brimi er no også ny dagleg leiar av FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans. (Foto: Johannes Selvaag)

Aslak Brimi er ny leiar i FolkOrg

Felespelaren frå Lom tiltrer i slutten av august.

– Aslak kjenner organisasjonen godt, både som aktiv utøvar og som tidlegare styremedlem, og vi er svært nøgd med å få ein så allsidig og kompetent dagleg leiar i FolkOrg, seier styreleiar Hilde Reitan i ei pressemelding frå organisasjonen. Brimi vart formelt tilsett i stillinga torsdag 4. mai.

Musikaren og komponisten er ein engasjert debattant og meiningsytrar innan folkemusikkfeltet. Sidan barndommen har han arbeidd med tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen, og folkemusikkutdanninga har han frå Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland. I tillegg er han utdanna kjemikar frå NTNU i Trondheim. Nå bur og arbeider han i Oslo som lektor og avdelingsleiar ved Mailand vidaregående skule, i tillegg til å vere utøvande og skapande musikar.

Brimi er nyskapar og komponist både i folkemusikk- og visesjangeren, fortel organisasjonen for folkemusikk og folkedans. Han har gjeve ut fleire album som soloartist og i samarbeid med andre artistar, i tillegg til barnebøker og CD-ar.

Han har vunne Folkelarmprisen to gonger, og blei Årets folkemusikar i 2016. I år var han nominert til Spellemann med barneplata Teleskopter og andre usynlege ting. Brimi har òg vunne Landskappleiken fem gongar.

Aslak Brimi tek over stillinga som dagleg leiar etter Linda Dyrnes, som leia organisasjonen frå 2010 til i år.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ann Helen Erichsen Belinda Bjørnestad Egeland

Ann Helen Erichsen skal leie 100-årsjubileet til FolkOrg

I 2023 er det 100 år sidan Landslaget for spelemenn, no FolkOrg, vart stifta, og Ann Helen Erichsen skal leie...

Norsksvenske Ævestaden, her på en scene i Norge. Trioen spilte da chowcasesamarbeidet mellom skotske arrangører, Music Norway, FolkOrg og norsk diplomati ble annonsert i helga.

Skal vise fram norsk folkemusikk i Skottland

Norge er plukket ut som partnerland under Showcase Scotland i Glasgow.

Synnøve Brøndbo Plassen

Synnøve Brøndbo Plassen og Per Anders Buen Garnås utløste gjeve ord fra Folkelarmjuryene

Gjeve folkemusikkpriser ble delt ut på Folkelarm.

Bygdelagssamskipnaden folkedans

Folkemusikk- og folkedansmiljøet tar grenseoverskridande åtferd på alvor: – Vi løyser ikkje eit slikt problem åleine

Følgjer opp #metoo-opprop fra folkemusikk- og folkedansmiljøet med spørjeundersøking, Balansekunsts merkeordning og kampanjearbeid.

Flere saker

Ties (1)

Hvor ble det av dannelsen?

Bredden i de humanistiske fagene svekkes, og de praktisk-estetiske fagene i skoleverket er like lite prioritert som før, skriver Hans...

Kitchen Orchestra Foto: Krzysztof Daniel Janicki

Kjøkkenveien til fortiden

Jukeboksen er et viktig popkulturelt fenomen som ga mennesker fellesopplevelser gjennom musikk. Er det relevant å snakke om lignende fellesopplevelser...

Stillbilde fra Auroras Cure For Me

Ballade video CI: Ingen kur for kjærlighet

Ballade video er tilbake! Og det med en virkelig fin sensommermeny, bestående av Kate Havnevik, Cocktail Slippers, Aurora, Astrosaur, Bendik...