Hopp til innhald

Manger Musikklag med ny norsk musikk

Manger Musikklag er eit av noregs leiande brassband. No er dei igang med eit nytt stort samtidsmusikkprosjekt, der dei skal spele inn bestillingsverka «Graffiti» av Knut Vaage og «Divergence» av Jostein Stalheim. Plata, som kjem til våren, inneheld også verk av Torstein Aagaard-Nilsen, Ketil Hvoslef, Kaare Dyvik Husby og Marcus Paus. 7. oktober vert det ein forsmak på repertoaret på Manger ungdomsskule.

Manger Musikklag er no igang med eit nytt stort prosjekt med ny, norsk samtidsmusikk. MML har heilt sidan 80-talet vore i front når det gjeld å bestilla nye verk og har urframført verk av m.a. Yngve Slettholm, Terje Rypdal, Ruth Bakke og Torstein Aagaard-Nilsen. I fjor deltok MML på Atunnalefestivalen i Bergen med eit program som utelukkande inneheldt norsk samtidsmusikk.

12.-14.oktober skal MML i studio og gjere CD-innspeling med ny norsk musikk med dirigent Bjørn Sagstad. MML har gjort to nye bestillingsverk, «Graffiti» av Knut Vaage og «Divergence» av Jostein Stalheim. I tillegg vil CD-plata innehalde verk av Torstein Aagaard-Nilsen, Ketil Hvoslef, Kaare Dyvik Husby og Marcus Paus. Til våren blir det CD-slepp med stor konsert i Bergen, og med urframføring av «»Graffiti»» og «»Divergence».

MML er inni ein hektisk øvingsperiode, og søndag 7.oktober ynskjer dei alle velkomen til ein forsmak på CD-plata med huskonsert på Manger ungdomsskule kl.16.00.

Bjørn Sagstad kjem frå Meland kommune og har sjølv bakgrunn som kornettist i Manger Musikklag. Han har studert direksjon ved Bergen Musikkonservatorium og Royal Nothern College of Music i Manchester, og har dirigert ei rekkje brassband, millitærkorps og andre ensemble på høgt nivå. Sagstad har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale konkurransar, og har også hatt engasjement i m.a. Bergen Filharmoniske Orkester og Trondheim Symfoniorkester.

Manger Musikklag blei skipa i 1922. Heimesida deira finn du her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Manger Musikklag spelar ny norsk musikk i Logen

Søndag 12. november skal Manger Musikklag spele i Logen som ein del av programmet ved Autunnale Festivalen for samtidsmusikk i...

Manger Musikklag

Korpsbevegelsen på fremmarsj

For første gang på ti år hadde Norges Musikkorps Forbund i 2001 en økning i medlemsmassen. Denne helgen var det...

Manger Musikklag

Manger Musikklag lanserer ny CD på Carte Blanche

For fyrste gong på 7 år gjev no Manger Musikklag ut ei ny CD-plate. Plata heiter «Graffiti» og inneheld utelukkande...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Ny Musikk med Forsvarets Stabsmusikkorps

Fredag 11. april holder Forsvarets Stabsmusikkorps konsert i Ridehuset i Akershus festning. På programmet står verker av Edgar Varese, Giacinto...

Torstein Aagaard Nilsen

Trondheim Symfoniorkester fremfører Aagaard-Nilsen

En splitter ny konsert for tuba og orkester komponert av Torstein Aagaard-Nilsen blir urfremført i Trondheim 25. april med Trondheim...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Edvardpris til komponisten Knut Vaage

Under Europamesterskapet for brassband i Bergen 3. mai delte TONO ut årets første Edvard-pris. Vinneren var Bergenskomponisten Knut Vaage. Vaage...

Flere saker

Harald Otterstad på Popsenteret nov 23 – foredrag om Aunt Mary

Hall of Fame-debatten: Hva er det dere driver med, Rockheim-folk?

Selv en blind høne må kunne se Aunt Marys store betydning som nyskaper i norsk musikk og inspirasjon til senere...

Lars Martin Myhre

Audun Tyldens Minnepris tildelt Lars Martin Myhre

Årets pris tildelt en ujålete og sosial brobygger, melder juryen.

Bildet er tatt av Norges musikkhøgskole under et tidligere arrangement i prosjektet «Musikk i fengsel»

Rørende og sterkt møte med Musikk i fengsel

Hva betyr det for innsatte som har begått alvorlige forbrytelser og soner lange fengselsstraffer å få oppleve samspill, musikkglede og...