Hopp til innhald

Ballongar og disige avenyar

Mørket og tåka prega Berlin under opningen av Magma – i seg sjølv eit fint syn, med lange disige avenyar kring konserthuset. Dagslyset dagen derpå fekk fram den spesielle konturen kring festivalen. Dette området er nemleg ein arkitektonisk galla – med digre avenyar som gjorde til og med Føraren glad. Heldigvis er dèt lenge sidan. No har me på ny ei tid kor Noreg kan ha same høve til Berlin som før nazihelvetet – då alskens kunstnarar berre måtte hit. På Magmadag nummer to stilte mellom andre ballongens svar på Ole Bull opp . Då framførde Rolf Wallin nemleg sitt legendariske stykke for raud ballong – og det varma alle norske hjarte i Berlinerfilharmonien.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Magmafestivalen har trass digre avenyar og bygg fått eit konsentrert preg. Konsertane er posisjonert i forskjellige bygg ikkje så langt frå einannan. Ikkje berre finn ein filharmonien her – også Statsbiblioteket og salen der var ein fin venue. Der spelte Ardittikvartetten eit totalnordisk program seinare på opningskvelden m.a. med verk av nordmannen i Paris, Sven Lyder Kahrs.

Konserten var prega av den stringente ‘Ardittisounden’ som mange elsker og nokre få hatar. Denne sounden har ei sterk innflyting på musikken. Ein sound som kanskje blei litt vel tørr i biblioteksalen. Kahrs sitt stykke var komplekst og innehaldt i kompleksiteten fleire intense nesten-melodiske utspel som såvidt fekk spele ut. Atli Ingolfsons stykke HZH viste ei nyskapande instrumentell og motivisk handsemd av kvartettinstrumentariet.

Særleg var faktisk dei repeterande minimalistiske sekvensane velgjerande (endeleg litt minimalisme som ikkje liknar på Salinen eller Reich). Dei punktmusikalske periodane undervegs gjekk opp i større einskapar etter korte eller lengre forløp. Bent Sørensen sitt verk treng berre eit motto: «Angel’s music».

Medan opningskonserten laurdag fann stad i storsalen i filharmonien spelte storbandet til Berlinerfilharmonikarane i litlesalen på søndag. Scharoun-ensemblet spelte opp med eit heilt anna nordisk program. Ein heilt annan sal – og framleis med ein lydhøyr kronprins tilstades (og færre pressefolk). Dette vart på ny like mykje ei auditiv oppleving som glede over god akustikk.

Det åtte- eller sekskanta (kom ut or teljinga) rommet består av ei sær terrasseordning. Det heng dessutan karakteristiske djevlerokke-liknande akustiske demparane i taket. Desse gjev rommet til saman ei rar form. Ikkje minst blei formen forsterka av den lyse mjuke gullfargen som også finn på utsida av bygget. Musikalsk merka ein raskt at Scharoun består av musikarar som kjenner rommet betre enn sin eigen fiolinkasse. Dei hadde også gjort eit godt førearbeid i innstuderinga – både Wallin og Nordheim framførd. Alt vart kyndig dirigert av Magmakaptein Rolf Gupta.

At berlinarane kjende si besøkelsestid i helga kan ein også takke Gupta for. Saman med sine medsamansvorne i musikkinformasjonen og komponistforeningen har han gjort ein stor jobb for å få dette til. Kronprinsen har allereie fått sin dose takk. Ifølge kjelder i den berlinske kultursfæren har skribleria i tysk-berlinsk presse vore storarta. Det vitna også dei ganske godt fylde salane i helga om. Ein annan ting ein la merke til var at det var eit ungt publikum – ikkje berre var Haakon M. i denne klassen. Ein såg i tillegg fleire andre unge anlet frå Noreg.

Andre kjende anlet hang på veggane i foajeen i Berlinerfilharmonien. Der hadde dei nordiske musikkinformasjonssentra – og særleg det norske – kurert ei informativ og vellaga utstilling. Den dreide seg om våre nordiske komponistar. Denne vart opna – nok ein gong med kronprinsen tilstades og ein opplagt Rolf Wallin med nyoppblåste ballongar og reine fingrar. Ballongens svar på Ole Bull spelte nemleg sitt legendariske stykke for raud ballong – og det varma alle norske hjarte i Berlinerfilharmonien.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Gunda Djupvik

Glødende samtidsmusikk-møte i Berlin

I november inntar nordiske komponister Berlin med ni dager fylt med samtidsmusikk, nordisk kulturhistorie og sirkus. Berlin har i de...

Konserthuset i Berlin

Royalfotogén opnings-tone

Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TV-team og fotografar på ein samtidsmusikkonsert...

Manuskript

Signal om nordisk alkymi

«Som eit alkymistisk manuskript frå dei skjulte gemakkene i eit avsidesliggjande nederlandsk kloster. «Det er eit før-første-inntrykk Ballade sin utsending...

Christain Eggen

«Objects of desire» – Oslo Sinfonietta med fire solister

Tirsdag 19. november kan du få en snikpremiere på MAGMA 2002, når Oslo Sinfonietta og dirigent Christian Eggen spiller sitt...

Nordiske Komponister – gruppebilde fra

MAGMA 2002 – med blikket mot Europa

MAGMA 2002 er en ny variant av Nordiske Musikkdager, som med sine 114 år er det eldste eksisterende nordiske samarbeidstiltak...

Cikada Quartet

Kammerteknikk med Cikadakvartetten

– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid...

Flere saker

Musikkhjemmekontoret.no

Nettressurs for musikkfelt i krise

Musikkhjemmekontoret heter portalen spesielt tilrettelagt for musikkfeltet under koronapandemien. Her finner du konkrete svar og ressurser, og veier videre til...

Ole Henrik Antonsen

Ekstraordinært TONO-årsmøte om ny avregningsmodell i august

Etter at forslaget til ny avregningsmodell ble nedstemt under TONOs årsmøte 11. juni kaller styret inn til ekstraordinært årsmøte 28....

Siri Haugan Holden

Kulturfeltet med opprop mot oljeleting

Klima- og naturkrisen er en trussel mot kunstnernes og kulturfeltets livsvilkår i Norge og resten av verden, heter det i...