Hopp til innhald
Håkon Høgemo (Foto: Norsk Folkemusikkatalog)

Festivalpub på Rytne Gard i Bygstad

Vårens siste festivalpub går av stabelen onsdag 11. mai – i løa på Rytne Gard i Bygstad. Det er trioen Bufaste Tonar, med Håkon Høgemo, Tom Karlsrud og Judith Vestrheim som får æra av å ha første konsert i den nyrestaurerte løa, som ligg ved foten av den kneisande Kvamshesten. Bufaste Tonar er for tida på turné i fylket med folkemusikk frå Sogn og Fjordane.

Bufaste Tonar spelte på festivalen i 2002, og er for tida på turné i fylket med eit repertoar som byggjer på folkemusikk frå Sogn og Fjordane. Før dei kjem til Bygstad har dei mellom anna vore i Jostedalen og i Aurland.

Rytne gard har ei historie som går heilt tilbake til 1100-talet, og løa oppunder fjellet burde vere ei perfekt ramme når trioen med hardingfelemeisteren Håkon Høgemo og trekkspelaren Tom Karlsrud set kvarandre i stemne – og for Judith Vestrheim si tolking av folketonar. Konserten vil spenne frå det vare og lågmælte til den meir heftige og intense slåttemusikk frå fjordane.

— For festivalen er det spennande å kunne legge arrangement litt ut frå Førde. I fjor hadde vi ein svært vellukka utekonsert på Rytna, og vi skal ha utekonsert i Bygstad på sommarens festival også, fortel Torill Gundersen Faleide på festivalkontoret.

– Så når Helge Kårstad og Merete Larsmoen på Rytna tok kontakt for å få eit pub-arrangement i løa deira, slo vi sjølvsagt til. Dette kan fort bli ein tradisjon!

Rytne har som nemd ei lang historie. Garden var kyrkjegods under Apostelkirken i Bergen frå ein gong mellom 1100 og 1300 fram til 1563, og har i over 650 år vore sjølvstendig gardsbruk.

— I dag er husa restaurerte, dei eldste frå 1600-talet. Vi har ynskja å ta vare på det spesielle gardsmiljøet med si historiske atmosfære. Her vil du finne ro, kunne stresse ned og late omgjevnadene gje deg ei heilt spesiell oppleving: Litt saktare, litt sprekare, litt «rikare», og litt meir naturleg, lovar Gundersen Faleiude.

Håkon Høgemo har vore frilans spelemann sidan 1993, og timelærar på Norges Musikkhøgskole sidan ´00, på Ole Bull Akademiet sidan ´93 og Griegakademiet (UiB) ´95-96. Han spelar i fleire grupper, mellom anna Bufaste tonar (sidan ´94), Slåttetrioen (sidan ´95) og UTLA (sidan ´92).

Høgemo har og medverka på CD-utgjevingane «Å fela ho let» (1988), «Mellom vener» (1988), «UTLA» (1992 – og nominert til Spelemannsprisen), «Juv» (1993), «Bufaste tonar» (1994), «Brodd» (1995), «Dans» (1999), «Solo» (2000 – vinnar av Spelemannsprisen), «Marylands» (2001) og «Femstein» (2004).

Meir om Rytne Gard kan du lese på www.kaarstadbruk.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Utla,

Karl Seglem og Utla til Tyskland

Gjennom et drøyt tiår har trioen UTLA blandet folkemusikk og samtids-impulser. Bandet har gitt ut fire CDer, og kommer i...

Berit Opheim

Bryggenspelet – folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

– Dette er det råeste programmet for en folkemusikk-festival i Norge jeg har hørt noen gang, sa Steinar Ofsdal, da...

Karl Seglem

Internasjonal impro og installasjoner uten vei

Måren er en veiløs bygd på Sognefjordens nordside. Det er bratt, det er usannsynlig vakkert, og det stopper én ferge...

Utla

UTLA på Vestlandsturné

Etter fleire turnear i inn og utland inneværande år (m.a England, Færøyane og Bologna), er gruppa UTLA klar for ein...

Fjøgl (foto: Thor Brødreskift)

Folkemusikk og balansekunst

Gabriel Fliflet garanterer en knivskarp ubalanse mellom det sømmelige og det usømmelige, det lyriske og det himmelstormende, det vakre og...

Sigurd Eldegard

Unik plateutgjeving

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD – 40 år etter sin død. Bak...

Flere saker

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum

Kulturbudsjettet 2022: Norsk jazzforum forventer et budsjett som vil styrke feltet

Fravær av satsinger, manglende langtidsperspektiver av pandemiens konsekvenser, beskjeden økning av kunstnerstipend og knappe indeksreguleringer gjør at forslaget til kulturbudsjett...

Regissør Thomas Jackson og komponist Eirik Havnaas på Guldbaggen mandag kveld.

Vind fra vidda ga ham en «svensk Oscar» for beste filmmusikk

Musikken til dokumentarfilmen «Historjá – Stygn för Sápmi» vant gjev pris i Sverige.

Snøhettascenen Tubaloon på Kongsberg

Motsvar til Kongsberg Jazzfestival

Innlegg fra Motvind Kulturlag i debatten om Kongsberg Jazzfestivals samarbeid med Kongsberg Gruppen.