Hopp til innhald
Brørne Kjorstad (Hans, Rasmus), Hans Hulbækmo og Anders Røine.

(Foto: Aanond Versto)

Musikkåret 2025: Reolô best i åpen klasse

Torkjell Hovland melder jazz, eller «jazz» for Ballade. Han gjer det helst analogt.

Eg lyttar alltid til desse platene for første gong med blyant og ark.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no. (Foto: privat)

Eg skriv alltid først slik. Då er det liksom reint, føler eg. Det at du held på blyanten, gjer noko med korleis du lyttar. Du blir aktivert på ein eigen måte. Så om du blir lei av kryssordet – test det!

Favorittstaden for musikk vart mitt eige hovud, skreiv eg då eg såg på november og desember i bakspeilet, her i Ballades spalter. For det har blitt viktigare å kjenne etter. Kjenne etter, og så lage analoge spelelister. Med chat gpt tilgjengelig kan vi sleppe å tenke i det heile. Med Spotify kan vi sleppe å lytte. Det er snart ikkje liv igjen. Å oppsøke alternativ til desse handlar ikkje berre om å seie nei til noko. Det handlar først og fremst om å aktivt fylle livet sitt.

Og her er den plata som ga meg, i mitt eige hovud, dansande drømmer i året som gjekk. Eg meldte ho for Ballade i april:

Reolo – Dystopi Delete (Sheep Chase Records 2025) (Foto: )

Reolô landa som ein slags norsk Tinariwen i 2019. Her er tydelege linjer til korleis tuaregane frå Algerie og Mali nyttar sin tradisjonsmusikk.

Folkemusikk treng det ikkje vere. Altså, det er ikkje viktig. Men dærsken kor mykje rikdom desse folkemusikarane har funne fram opp gjennom åra, så dei kan skape dette her. Ei natt drøymde eg om denne musikken, og at eg dansa til «Purrebæadn» som opnar Dystopi Delete. Det klappet på fjerde-slaget dansa vi med eit enormt hopp.

Og haha – «Preppeskreppa» er jo akkurat den hitten vi treng i dag:

Har du skreppe?
Kan du preppe?
Få den skreppa ferdig preppa!
– Reolô på Dystopi Delete (Sheep Chase Records 2025)

Eg er særleg glad i den mikrotonale synthesizer-bruken på denne plata. Den tilfører liksom ein merkeleg lo-fi-skugge.

Brørne Hans og Rasmus Kjorstad er snart overalt, kjenst det som. Også her, i lag med Anders Røine og Hans Hulbækmo. Dette er folk som dukkar opp overalt, men om eg skulle valgt berre ein av konstellasjonane deira å ta med på ei aude øy, må det bli som gruppa Reolô.

Ledige stillinger

«Dystopi Delete» syng Anders Røine, som ein Groruddalens Stein Torleif Bjella. Berre litt meir aktivistisk, litt merkelegare og mystisk. Er det post-rock gubbane kallar det? Og «Mersus Stalon, Metero Texto» ber om å bli dradd ut i ein lang remix. Eg vil danse til den på Tuvas Blodklubb.

Det er nemleg noko nattleg melankolsk over heile plata, dystopisk nok. La oss berre danse oss gjennom det.

<a href=»https://reolo.bandcamp.com/album/dystopi-delete»>Dystopi Delete by Reolô</a>

Ledige stillinger

Relaterte saker

Dykdypp

Ballade jazz: Over til noko anna

Motto for 2026: Når ferdige svar og automatiske val tek over, blir gleda ved å leite etter noko anna desto...

SoMe LIV8405

Musikkåret 2025: Vi bærer alle kors

Her er Musikkåret 2025, i norsk, nytt, klassisk.

Seven Ways of Floating er et av årets beste norske plater, og mest satt på repeat i redaksjonen.

Musikkåret 2025: Med Tuvaband ned under vannskorpa

2025 ble det store drømmepopåret. Bli med ut å svømme, i Tuvas klang!

Flere saker

Frankågunnar

​​Trondheim Kammermusikkfestival 2022: Kammermusikk i brei stil

Kamfest har igjen levert eit mangfaldig program, med markante topp- og botnpunkt.

JON OLAV i Urørtfinalen Foto: Martin Bremnes

JON OLAV ble Årets Urørt

Vant finalen på Mathallen i Oslo under by:Larm torsdag.

Rosa frå Betlehem, ein norsk moderne klassikar

Full meny og speleliste med Bratland, Kleive, Reiersrud – og Vinnacia

Vår jazzmann vil ha det søtt, søtt, søtt, han vil ha juleshopping og «Hjemme alene». Og kårer den norske juleplata...