Frå femtitimarsjam på Kongsberg (Foto: Kongsberg Jazzfestival)

Verdig og vital jubilant

Kongsbergjazz hadde i år alt som skal til for åvere Noregs beste jazzfestival, både for dei som har deltatt i 50 år og dei som var der for fyrste gang.

Kalender

Chansons Internationales

22/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Romantikk og Revolusjon

22/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Romantikk og Revolusjon

22/09/2020 Kl. 21:00

Oslo

Klassisk i Ballsalen

23/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Med liv i gatene og breitt program blei årets Kongsbergjazz særs vellukka. Men eg trur ingen, inkludert festivalleiinga, hadde føresett kva som skulle bli det viktigaste arrangementet.

Jamsuksess
På eit punkt i planlegginga har nokon fått ein vill idé: Ei femtiårsfeiring med femti timar kontinuerlig jam! Eksperimentet er dømt til å mislukkast, skulle ein i alle fall tru. Men nokon var smarte nok til å be ålesundaren Eirik Havnes om å administrere prosjektet. Ikkje mange andre i Jazz-Noreg er sprønok til å ville gjennomføre noko slikt.

Havnes, som truleg var klok av skade frå eit tidlegare mislukka forsøk i heimbyen (då på berre 24 timar), hadde eit smart opplegg for å halde aktiviteten i gang vel over to døgn ved det innleigde, mobile kulturhuset «Naustet«. Om lag 24 musikarar, delt i grupper på to og to, fordelte arbeidet som jamvertar med til saman fire timar kvar. Slik blei det kontinuerlig musikk dag og natt dei første festivaldøgna.

Med Naustet sentralt plassert i festivalgata blei femtitimarsjammen eit naturleg midtpunkt for alt frå skodelystne publikumarar til erfarne jazzmusikarar. Gjennom døgna det varte kunne ein høyre både tradjazz med lokale veteranar, funk frå yngre jazzhåp og støyrock og frijazz med profilerte norske musikarar.

Dugnadsånd
Eit høgdepunkt for mange var nok då mellom andre Paal Nilssen-Love, Jonas Kullhammar, Ingebrigt Håker Flaten (desse to kom forresten rett sin eigen konsert med Chick Corea) og den franske pianisten Eve Risser tok styringa, og nattesøvnen frå dei fleste i sentrumsområdet, med eit infernalsk improstrekk.

Men den viktigaste funksjonen til jammen var eit lågterskeltilbod til unge musikarar som vil prøve seg. Det lot mange av festivalpublikumet oppleve musikk dei elles ikkje ville oppsøkt. Jammen skapte kontakt mellom alle slags grupper på festivalen, på tvers av generasjonar, profesjonelle og amatørar, musikksjangrar og øvrig rolle i festivalbiletet. Det kan neppe overvurderast.

Samhaldet blei ekstra sterkt då musikarane blei samla rundt det felles målet om å halde jammen i gang alle dei femti timane den skulle gå. Det blei ei dugnadsånd rundt dette med større vilje til å bidra enn ein vanlegvis ser på ein jazzjam.

Gjengangarar
Ei utfordring for alle jazzfestivalar må vere å få nok variasjon i programmet. Utover dei store trekkplastra er programmet for jazzentusiastane ved norske festivalar litt for ofte prega av trygge gjengangarar. Årets festival var også prega av slike, som Chick Corea, Dave Holland, Joshua Redman, Arild Andersen og Karin Krog.

Samtidig er slik programmering meir rettferdiggjort når det er jubileum, og Coreas samarbeid med norske musikarar som sidemann i Håkon Mjåset Johansens kvartett, samt Andersens supergruppe er døme på at det går an å gjere noko ekstra ut av desse konsertane òg.

Stadig like leikne
Særleg Andersens kvartett var eit høgdepunkt. Med erfarne utøvarar som Bobo Stenson på piano og Bendik Hofseth på saksofon er det allereie dømt til å bli ei fin oppleving. Men bonusen denne gangen var den amerikanske trommeslagaren Billy Hart.

Hart, som er 74 (!) år og har spelt med legender som Miles Davis, har eit vanvittig leikent og kreativt spel. Dette kjem til dømes fram når han legg på rytmar som minner meir om hiphop over Andersens melankolske og rolege akkordrekker.

Det mest staselege med slike konsertar er den gjennomgåande venlege og lystbetonte stemninga mellom musikarane. Det var smil og latter heile vegen, og improvisasjonen virka lett og lite strevsam. Låtane og samspelet gjekk nærmast av seg sjølv.

I likskap med festivalen som heilskap beviste dei at alder ikkje er ei hindring i jazzen. Så lenge det er genuin samspelsglede og nyfikne over innsatsen ein legger ned blir aktualitet og innovasjon mindre relevant i ein jazzsamanheng. Og nettopp slik held musikken seg evig aktuell.

Nok utfordring?
Men med mange gjengangarar på programmet er det likevel viktig å få inn innslag som forstyrrar det trygge. Ein lakmustest for meg er ofte om festivalprogrammet freistar å presentere noko eg ikkje har høyrt før – noko som utfordrar.

Heldigvis hadde Kongsberg som alltid eit sterkt frijazzprogram, godt lagt opp med sitt eige konsept «særingpasset». Legender som The Thing og ikkje minst triokonserten med Peter Brötzmann, Joe McPhee og Evan Parker sikra sterke opplevingar for dette publikumssegmentet.

Hypnotiserande sologitar
Likevel er desse gruppene også kjent stoff for dei fleste. Den finaste opplevinga for meg i denne delen av festivalen var Kim Myhrs solokonsert ved kunstgalleriet Åkern. Med ein tolvstrengs akustisk gitar pumpa Myhr hypnotiserande og statiske rytmar med langsam framgang gjennom småharmoniske nyanser og variasjonar.

Samspelet blei ikkje mellom Myhr og oss, men mellom gitaren og rommet klangen blei skoten ut, skriv Olav Opsvik

Samspelet blei ikkje mellom Myhr og oss, men mellom gitaren og rommet klangen blei skoten ut, skriv Olav Opsvik (Foto: Kongsberg Jazzfestival)

Med såpass lite teknisk variasjon og konstant kjør, samt mange opne strengar på gitaren, flytta Myhr fokuset vekk frå seg sjølv som utøvar og vi blei heller leia inn i gitarens klanglandskap. Og samspelet blei ikkje mellom Myhr og oss, men mellom gitaren og rommet klangen blei skoten ut i.

Gjennom dei små harmoniske endringane merkar ein korleis heile klangen og vibrasjonane endra seg i gitaren og i rommet elles. Konserten blei ei sterk og mettande oppleving, men ikkje utmattande på samme måte som høglytte støy- og frijazzkonsertar.

Vital festival
Med eit sterkt program og ikkje minst det store trekkplasteret Stevie Wonder (kven likar vel ikkje han?) vil eg allereie kåre Kongsbergjazz til årets jazzfestival i Noreg. Leiinga kunne også melde om 28 000 solgte billettar to dagar ut i festivalen, som også gjer den til årets største. Rett nok ventar vi framleis på Moldejazz, men til trass for ein to dagar lengre festival vil neppe ein jazzfestival med Ylvis som hovudattraksjon kunne møte desse tala.

Det betyr likevel lite for kva som gjer ein slik festival velluka. Det som gjorde Kongsberg magisk i år var det varierte programmet og dei konstante bevisa på korleis leiken og open jazz kan skape kontakt mellom folk trass alle slags sperrer vi konstruerer, anten det er alder eller musikksmak. Eg vonar det blir 51-timars jam neste år.

Kongsberg jazzfestival gjekk føre seg 2.-5. juli. 

 

Stillinger

Forretningsutvikler

Sørf – Sørnorsk kompetansesenter for musikk

Førsteamanuensis i fløyte

Norges musikkhøgskole

Førsteamanuensis i klarinett

Norges musikkhøgskole

Kantor

Ulstein kyrkjelege fellesråd

Direktør kultur og folkehelse

Trøndelag fylkeskommune

Seksjonssjef Den kulturelle skolesekken

Innlandet fylkeskommune Kultur

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev