Hopp til innhald
BANDROM i Bergen 2009 2/Foto: Snorre Hvamen

Har samtidsmusikken kritisk kraft?

Laurdag vart programmet for Happy Nordic Music Days lansert i Bergen. Norden er tema, og festivalen undersøkjer mellom anna nordisk luksus, den nordiske musikkens identitet, samt samtidsmusikken sin (manglande) kritiske posisjon.

Av Ida Habbestad

Foto: Snorre Hvamen

Happy Nordic Music Days er ei samanslåing av dei tradisjonsrike Nordic Music Days og den yngre Happy Days Sound Festival.

Dei konsept-tenkjande kunstnarlege leiarane, Lars Petter Hagen og Trond Reinholdtsen, står bak programleggjinga samt tematikken: Norden og nordisk luksus.

Denne veka lanserte dei det fullstendige programmet gjennom ei festivalavis, der tematikken er utdjupa gjennom artiklar, mellom anna om finanskrisa som fenomen i Skandinavia. Samt spørsmålstillingar, som: Kven er den nordiske komponisten og kva held vedkomande eigentleg på med i dag? Finst der ein nordisk musikalsk identitet?

Folk, tradisjon og samtid

Ved lanseringa her i Bergen fekk tilfeldige forbipasserande ein smakebit på noko av det ein kan venta seg, då Øyvind Torvund sitt BANDROM – for tida sentrert kring ei campingvogn – utspelte seg på ulike arenaer i festspelbyen. (Bilete frå BANDROM finn du her).

Denne folkelege (og noko tilårskomne) campingvogna seier i seg mykje om nordisk kultur, og står seg soleis godt i lys av Hagen sitt utsegn i festivalavisa: «Vi er oppriktig interessert i Norden! Og kanskje først og fremst den offisielle historien om hvem vi er og hvor vi kommer fra».

Meir komplekst vert identitets-spelet når campingvogna er pryda med ei blanding av rosemåling og tagging, som inviterer til eit møte mellom den kanoniserte tradisjonen og vår eiga tid. Likeeins musikken, som nettopp fangar i seg det nye, det tradisjonelle og det folkelege i møtet mellom samtidsmusikarar, folkemusikarar samt ein rånebil.

Spørsmål med brodd

Ledige stillinger

Men òg andre, dels ubehagelege, spørsmål står i fokus når Happy Nordic Music Days går av stabelen i august. I samtale med Marit Paasche spør Reinholdtsen til dømes: «Er vi som nordiske komponister i stand til å innta en kritisk posisjon, eller er vi rett og slett for sausa inn i et velferdssamfunn der politiske motsetninger og visjonær tankegang er totalt fraværende?»

I same samtalen undrar Hagen på om det at fleire nordiske komponistar har forlete den kompromisslause avantgarden kan vera «et melankolsk trekk hos nordiske komponister, der resignasjon er mer nærliggende enn revolusjon?

Tematisk undersøkjing

Problemstillingane vert belyst gjennom fire dagar – frå ulike perspektiv og arenaer. Luksus-temaet er kanskje særleg i fokus under dag ein i Gamle Logen, med overskrifta «Luksuriøse omgivelser«. Under dag to stiller festivalen med eigen valbod på Egertorget, medan dei den tredje dagen er opptekne av framsyninga, med program i Operaen og på teaterbåten MS Innvik.

Og til sist det historiske aspektet. »Nordisk musikkarkiv/Tradisjonell nordisk samtidsmusikk« er tittel for programmet på Norsk Folkemuseum, der nordiske komponistar skal reflektera over modernitet og identitet.

Kan henda har me etter endt festival gjort oss opp ei meining om samtidsmusikken sin posisjon i dag. Er den meir eller mindre viktig, trass i at rolla den ein gong spelte i det offentlege var større?

Medan me ventar på prosjektet som kan gje svar, er det i Bergen det skjer. Der har festspeldirektøren lansert sitt standpunkt, med utsegnet «Kunst utvider politikkens virkeområde».

Happy Nordic Music Days finn stad 19.-22. August. Programdetaljar finn du her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ny Musikk Norgeskart

Happy Nordic Music Days – To festivaler i én i august

Nordiske Musikkdager og Happy Days slås sammen til én festival, og Ny Musikk står bak arrangementet. Programmet slippes nå.

Maja Ratkje live (Foto: Maarit Kytöharju)

– Tankeløs programmering

INTERVJU: Happy Days møter kritikk for kjønnsfordelingen ved årets festival. Komponist og musiker Maja Ratkje og pianist Else Olsen Storesund...

Whitehouse (Foto: promo/blaaoslo.no)

Støyende sinne – eller nettopp motsatsen til absolutt alt

INTERVJU: I dette intervjuet med kurator og kunstkritiker Tommy Olsson, kretser Parergon-redaktør Emil Bernhardt rundt sinne som er tema for...

Happy Days 2006/Foto: Jan Erik Svendsen

Periferi

Det nærmer tid for Happy Days, og i sin leder til årets festivalavis skriver Trond Reinholdtsen mer om festivalen. Årets...

Moby Dick (Jackson Pollock)

Happy Days med perifert tema og åpne hjem

Happy Days Sound Festival 5-9 april vil i år satse på å vise færre, men større verker av norske og...

Happy Days 2007 poster

Verk og Kontekst på nye eventyr

ANMELDELSE: Fra Parergon har vi også fått publiseren denne omtalen av Happy Days 2007, skrevet under pseudonymet Verk og Kontekst....

Flere saker

Wendi Pendeza Kazonza og Mia Hallesby i GILT

Bygger forlag låt for låt

Fremtidens musikkforleggere trenger både entusiasme og tålmodighet, i hvert fall hvis vi skal tro de to gründerne bak forlaget GILT...

Grunde Kreken Almeland

Kulturkomiteens leder (V): – Bare tull at kulturministeren måtte spare

Venstre mener kulturministeren har varslet kutt unødvendig. Et pausebudsjett, kaller Venstre – og flere i kulturfeltet – Trettebergstuens økonomiske plan for...

Kulturrådet, NMH/utøvere og konsertarrangører møtte til debatt. Øyvind Skjerven Larsen ledet debatten (nest lengst t.h.), musikkstudent Sverker Rundquist initierte

– Sett klimakutt på rideren

Vinjerockfestivalen, professor i musikk Are Sandbakken og musikkstudentene mener det er en felles plikt å kutte egne flyreiser.