Hopp til innhald

Kompromisslaust

MELDING: Sjostakovitsj sin andre klavertrio er mellom dei mest smertefulle, intense og samstundes livsbejaande stykke eg veit. Rachlin, Golan og Maisky held inntrykket i hevd.

Av Ida Habbestad

Pressebenkene er ikkje lenger like fulle, tempoet ikkje lenger like høgt. Mandag og tirsdag under festspela ber preg av å vera eit intermezzo; eit slags stille før stormen. Truleg av det gode for både publikum, organisasjon og medverkande, i festivalen som no er vorten to veker lang.

Ikkje desto mindre er der mange gode tilbod også i starten av veka. Programmet er tettpakka meir enn i fjor, og tru om ikkje eit høgdepunkt fekk utspela seg mandag kveld i Grieghallen?

Programmet var av dei meir konservative. Utøvarane har me òg fått høyra før – i tråd med festspeldirektøren sitt tidlegare utsegn om at publikum skal få tid til å verta kjende med store namn. Dette er han dels kritisert for å ha trekt for langt. Og likevel: I møtet med og mellom Julian Rachlin, Itamar Golan og Mischa Maisky er der stadig aktualitet. I hendene deira vert Sjostakovitsj sine klavertrioar alt anna enn forgange materiale.

#gallery-10 {
margin: auto;
}
#gallery-10 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-10 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-10 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Mischa Maisky

Insisterande verk – og utøvarar

Den russiske komponisten komponerte trioane med omlag 20 års mellomrom. Den første, det einsatsige verket i c-moll, skreiv han som syttenåring, kort etter farens død. I følgje Sjostakovitsj sjølv var det i arbeidet med dette verket at han bestemte seg for å via livet til musikken. Og med det utsegnet i mente, er det kan henda ikkje så rart at ein let seg fengsla av det inderleg, nærast insisterande ved verket?

Eller like gjerne av korleis det tidlege verket kan bera preg av komponisten si særeigne stemme, med spennet mellom melankolske element, heftige utbrot og inntrengjande dissonansar, til dei snart etter meir mjuke og lyriske parti.

Ledige stillinger

Endå meir særeige er uttrykket i trioen i e-moll. Også den vart skriven etter at eit menneske som sto han nær var gått bort – og nok ein gong virkar det vera livet sjølv som er forsøkt fanga. Innleiinga med overjordisk vakre lyse flageolettar vekkjer merksemda, og vidare vert der presentert eit vell av emosjonelle kontrastar; som gjer trioen til eitt av dei mest smertefulle, intense og samstundes livsbejaande stykke eg kjenner.

Særleg i ei tolking som denne, der alt frå den lyse, men sorgtung opninga til den distinkte utlegninga av artige, lett makabre steningar i fjerde sats – samt alt som kjem i mellom – er kompromisslaust gjennomført av dei utøvande. Når musikken groovar, er det vanskeleg å sitja stille. Dei melankolske parti vert måla på grensa til det likegyldige. Medan Golan sin dramatiske opning av tredjesatsen er mørkare, meir mystisk enn ein trudde var mogleg.

(Eitt mogleg inntrykk av 3. satsen finst med American Piano Trio på Youtube).

#gallery-11 {
margin: auto;
}
#gallery-11 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-11 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-11 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Itamar Golan

Nytenkjande?

Rachlin er etterkvart blitt eit like sjølvsagt innslag på Festspillene som Leif Ove Andsnes og Truls Mørk er det. Der eg saknar at Rachlin ikkje har teke steget like langt som den førstnemnde kollegaen – og i større grad fått henta inn nyare verk – er Festspillene unekteleg heldige som kan presentera ei framføring som denne. Og der eg stadig saknar at programmeringa deira av store namn er meir nytenkjande enn oppskrifta frå året før; av store songarar, pianistar og fiolinistar – virkar balansen totalt sett betre. Ikkje minst sidan der er mogleg å følgja ei meir variert festspelsrute. Aner me ein institusjon på veg mot eit vidare perspektiv?

Julian Rachlin

Konsert

Grieghallen 25. mai kl 19.30

Med: Julian Rachlin (fiolin), Mischa Maisky (cello), Itamar Golan (klaver)

I tillegg til klavertrioane av Sjostakovitsj sto òg Tsjaikovskijs Klavertrio i a-moll på programmet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tilfeldige møte – med samanheng

Kva har «Andvake», Ganesh-fest og Matmos felles?

Kunst, politikk og risiko

Skapar kunst politikk? Eller må kunsten vera tilpassa rammene me tillet den? Kritikerlaget sin debatt i Bergen tok utgangspunkt i...

BANDROM i Bergen 2009 2/Foto: Snorre Hvamen

Har samtidsmusikken kritisk kraft?

Laurdag vart programmet for Happy Nordic Music Days lansert i Bergen. Norden er tema, og festivalen undersøkjer mellom anna nordisk...

Anne Sofie von Otter

Tekst og kontekst

Med arier av Bach og Händel på progrmmet baud Anne Sofie von Otter på konsert samen med Concerto Copenhagen torsdag....

Per Boye Hansen 2008 (Foto: Eirik Brekke)

Flere gjensyn med gamle utøvere

Festspilldirektør Per Boye Hansen antydet under sin festivaloppsummering onsdag at det også i fremtiden vil bli gjensyn med utøvere som...

Festspillene i Bergen 07 bryggen/Foto: Helge Skodvin

På rutinen?

KOMMENTAR: Med friske satsingar som opning og avslutning og med ei rekkje framragande utøvarar og verk, baud Festspillene i Bergen...

Flere saker

Maksym kaharlytskyi 8gUxmeNO9j4 unsplash scaled c026b45986

Derfor blir det bråk når man fyller konsertsalen med luft

Hvordan telle luftmennesker? 230 millioner stimuleringskroner er delt ut, og mer kommer. Ballades journalist oppsummerer høstens store dilemmaer knytta til...

Noen av de heldige utvalgte, Bylarm

Bylarm: her er demoartistene

Fra Daufødt til Death Throne … og 20 andre navn: Disse nye, norske har Bylarm troa på.

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene.

Nyansert om musikk og tilhørighet

Hva skjer når man tar kjente sanger fra de største innvandrede musikkulturene i Norge, arrangerer dem for fire norske vokalister...