
Ny direktør i Rff
Frå 1. september er Marit Stranden direktør for Rådet for folkemusikk og folkedans
Marit Stranden (38) overtek stillinga som direktør då noverande direktør, Egil Bakka, går då av med pensjon etter å ha leia og bygd ut institusjonen frå starten av.
Stranden har ein allsidig bakgrunn med doktorgrad i biologi og grunnutdanning i folkedans. Ho har erfaring frå internasjonal forsking, undervisning og utdanningskoordinering frå høgskule og universitet. Ho er folkedansutøvar og har nær kjennskap til organisasjonsmiljøa.
Stranden kjem frå stillinga som undervisningsleiar i folkedans ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret).
Stranden legg vekt på at ho ønskjer å styrke formidlinga av den høge aktiviteten ved sentret. Den immaterielle kulturarven i arkivet blir brukt aktivt i forsking og formidling nasjonalt og internasjonalt, m.a. i Bygda Dansar og kunstnarleg utviklingsarbeid. Det tette samarbeidet med NTNU om undervisning i folkedans er viktig for profesjonalisering av feltet. Dei frivillige organisasjonane er sentrale samarbeidspartar i arbeidet med å fremje, verne og vidareføre mangfaldet innan musikk- og dansetradisjonane.













