Mønstringa Arena klassisk hadde 200 søkjarar på sine 20 showcaseplassar. Mykje klassisk musikk vil ut i verda – og på ulike måtar viste musikarane korleis ein skal få lyttaren med inn i musikken.

Cellist Natalia Orlowska frå duoen Natalia Orlowska og Bartosz Sosnowski, © Anderz Døving / Klassisk

Innimellom debattar, foredrag, workshops og landsmøte forrige helg, skulle delegatane på den klassiske musikkens møteplass, Arena klassisk, også høyre musikk. Både nyetablerte og godt etablerte musikarar fekk vist fram utdrag frå sine konsertar, prosjekt og konsept for delegatane beståande av arrangørar og bransjefolk. Dei 20 showcaseinnslaga var fordelt med ti i Forstanderskapssalen på Sentralen laurdag og ti på Operaen Scene 2 søndag.

Med “Etter Rikskonsertene”-debatten friskt i minne, som du kan lese om her, var det naturleg for meg å sjå showcasekonsertane med dette spørsmålet i bakhovudet:

Kva gjer desse musikarane som kan opne musikken for eit nytt publikum?

Repertoar i kontekst
Japanske Mai Goto har i fylgje programheftet budd i Noreg sidan 2012. Ho presenterte to songar med det same temaet: heimlengt. Ein japansk folketone, “Sakura Sakura”, arrangert av Kozaburo Y. Hirai og Edvard Grieg sin «Hjemve». «Sakura Sakura» sluttar abrupt, og Griegs tungsinna A-mollakkord landar og set «Sakura, Sakura» i ny kontekst og meining. Ho koplar musikken saman.

Pianist Mai Goto, © Promo

Håvard Svendsrud og Povilas Syrris-Gelgota på trekkspel, fiolin og song presenterte litauisk folkesong, Bach og tango i løpet av sine tildelte ti minutt på operascena – det heng lydleg naturleg saman. Trioen Taffelpikene, med Lynetta Taylor Hansen på fløyte, Sarah Nordal Strand på klarinett og Corinne Camilla på fagott hadde fått jazzsaksofonist, og fantasikomponist, Eirik Hegdal, til å skrive musikk for den sjeldne besetninga. I alle sjangrar finst det folk som han, som går på tvers av konvensjonar. Kanskje er det dei som best klarer å nå ut til det potensielle publikummet? Dei som vel å sjå vekk i frå sjangrane?

Gjennom slike koplingar i repertoaret, fortel musikken ei historie. Eller det engasjerer lyttaren til å reflektere og høyre musikken frå nye vinklar.

Det sceniske
Det er kanskje ikkje alltid kunstmusikken, om ein skal prøve å samle noko i det omgrepet, er like opptekne av rommet, det visuelle, formidlinga. Og det er av og til heilt greit. Alt skal ikkje vere teater eller show. Men det ligg mykje potensial i det å gjennom subtile visuelle grep trekke lyttaren si merksemd til musikken utan at kunsten naudsynleg blir underhaldning.

Vulkan Quartet, med Sander Tingstad, Kaja Østervold, Maren Nygård og Marit Johansen, har samarbeida med koreograf Kyrre Texnæs. Det var lurt av dei. Dei beveger seg rundt på scena i Arcangelo Corelli sin «Concerto Grosso op 6, nr. 8». Bevegelse som tilfører ein ny dynamikk i musikken, løftar fram ulike stemmer til ulike delar, flyttar lyttaren sitt fokus. I tredjesatsen i Sjostakovitsj «Strykekvartett nr. 7» står bratsjisten i eit hjørne, snudd mot veggen. Det gir musikalsk meining, og akkurat dét er poenget – hovudgrunnen til at det fungerer så godt, er at dei klarer å vere teatralske utan å ha «roller» eller tillegge musikken meining som ikkje er der. Dei lagar ikkje programmusikk av det, men lét heller karakteren i klangen ha hovudrolla.

Å fortelje
Gitarist Runar Kjeldsberg er i gang å spele i det han entrar Forstanderskapssalen. Den kviskrande, mjuke klangen frå barokkgitaren omfamnar oss før vi oppdagar han. “Canarios” av Gaspar Sanz. Kjeldsberg introduserer både instrumentet og songane – «om du høyrer etter, så høyrer du kanskje at…» og «denne har ein litt annan klang enn…». Han gir oss nokre siktepunkt i lyttinga. Slikt kan vere lurt for nye lyttarar, ikkje berre for barn i ein pedagogisk samanheng.

Gitarist Runar Kjeldsberg, © Anderz Døving

Pianist Rune Alver hadde integrert forteljinga i endå større grad. Han fortel historia om Signe Lund, ein gløymd og oversett komponist. Sambygding med både Grieg og Alver. Eg skal ikkje avsløre kva som kan vere grunnen til at ho vart oversett – Alver fortel den historia best. Her er nemleg forteljinga nesten meir det berande elementet enn musikken er det.

Minken Fossheim har opna opp øyrene til ein heil generasjon for klassisk musikk med sine levande lydbøker om Mozart, Grieg, Bach. Der hadde du musikkformidlar, der! Det er mykje å lære av Fossheim uansett kva, eller kven du skal formidle til. Eg trur mange utøvarar oftare kan spørje seg «kva er det eg vil fortelje?» Og det spørsmålet gjeld like mykje for ein som ikkje skal seie eit ord.

Intim Beethoven
Det slår meg at det som er felles for dei fleste vellukka framføringar av klassisk musikk er kor vidt dei klarer å gjere musikken relevant i dag. Eller rettare sagt å framføre den slik at publikum opplever musikken her og no, same kor gamal den er. Anten det er autentiske framføringar av historisk interesse, å kople den eldre musikken med eit nyare stykke, eller å arrangere musikken inn i nye besetningar – slik saksofonkvartetten Current har gjort med sitt «No strings attached». Vi fekk høyre Biber sitt krigsrequiem «Battalia». Opprinneleg skrive for strykeorkester. Andresatsen er heilt vill, og ein kan nesten ikkje tru at det er skrive i 1673. I saksofonkvartett blir den endå villare. Current klarer å opne opp nye dimensjonar i den musikken i 2019 gjennom sin klang.

Saksofonkvartetten Current, © Anderz Døving

Beethovens «Sonate Pathetique, op. 13» – det må vere eit av dei mest spelte, kanskje slitne, pianostykka. Men Christian Grøvlen si framføring var likevel eit av dei mest meiningsfulle innslaga eg høyrde heile helga. Grøvlen spelar kvar tone med intens innleving. Beethoven er full av store kjensler, og Grøvlen får kjenslene til å høyrest menneskelege ut. Intim Beethoven.

Det er heller ikkje slik at gamalt og slitt repertoar er gamalt og slitt for alle. For kjernen kan det kanskje vere slik, men Beethoven vil uansett vere ny og spannande for nye lyttarar, både unge og gamle. Så her er spørsmålet berre kven du vil nå ut til. Grøvlen klarer slik sett å treffe både kjernen og dei utanfor.

Ut på klubbar då, vel?
Det slo meg under Arena klassisk kor mykje av denne musikken eg helst ikkje vil høyre i ei svart boks som eit kulturhus.

Pianist og dirigent Reza Aghamir har vore opprørsk i den norske klassiske musikken sidan nittitalet med mannskoret Gli Scapoli. I fleirfoldige år har han også hatt operapub på Underwater pub i Oslo, fram til puben vart lagt ned for eit par år sidan. På Arena klassisk viste Aghamir, tenor Nils Georg Nilsen og mezzosopran Siv Misund utdrag frå si førestilling, «Operapub til scenen». I dei orda ligg det noko interessant. Kva får den klassiske musikken med seg frå den uformelle puben?

Pianist og dirigent Reza Aghamir, © Promo

Eg vil høyre Runar Kjeldsberg på kafeen ved elva ein fredagskveld, gjerne med impro-gitarist Fredrik Rasten rett etterpå. Eg vil sjå og høyre Vulkan Quartet i den gamle fabrikkbygninga. Christian Grøvlen på Victoria. Current på ein brun pub. Mai Goto på Øya-festivalen. Det finnast så mange uprøvde kontekstar.

Eg nemner ikkje Øya-festivalen tilfeldig. I fjor spelte jazztrommis Hans Hulbækmo og folkemusikkmultiinstrumentalist Anders Røine eit ganske så samtids folkeimpro-sett på ei av dei mindre scenene på festivalen. Det vitnar kanskje om opnare øyrer blant arrangørar og publikum enn det folk trur. Musikarar og arrangørar må tørre å blande. Paradoksalt nok kan ein lettare ta vare på tradisjonar ved å bryte med konvensjonane.

Å ja, vi treng framleis dei store konsertsalane, opera og katedralar. Ja, vi treng stille omgjevnader med perfekt akustikk som inviterer til intens, konsentrert lytting. Slik at ein høyrer Grøvlen sine kjensler i detaljane på Beethoven.

Men vi kan ikkje tvihalde på rammene. Vi må lede folk inn til musikken. Uansett.

 
Arena klassisk arrangeres i samarbeid med Klassisk, CREO, NTO og Norsk Komponistforening. Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Per i dag er NOPA, Norsk Komponistforening og Norsk musikkforleggerforening medlemmer i Foreningen Ballade.

Publisert:

Del: