Sist helg gjekk Arena Klassisk av stabelen for andre gong. Første gong var i 2017, men frå og med i år blir dette ei årleg samling der musikarar, arrangørar, festivalar, produsentar, agentar og media møtast – eit bransjetreff for det klassiske feltet. Arena Klassisk blir arrangert i samarbeid med Klassisk, CREO, NTO og Norsk Komponistforening.
Fredag 10. mai husa Gamle Raadhus Scene i Oslo debatten “Etter nedleggelsen av Rikskonsertene – hva ble konsekvensene?”. Panelet bestod av Rina Mariann Hansen (byråd for kultur, idrett og frivillighet i Oslo, AP), Jennie Vilhelmsson (enhetsleder Kultur i Väst, Sverige), Hans Ole Rian (forbundsleiar i Creo), Ingrid Elisabeth Handeland (direktør i Norsk publikumsutvikling, NPU), Morten Walderhaug (leiar i Bærum Kulturhus) og Anne Aavatsmark (dagleg leiar for Ungdomssymfonikerne og bookingagent for Oslo Strykekvartett). Moderator var dagleg leiar i Klassisk, Anderz Døving.

Panelet i Gamle Raadhus Scene (Foto: Tommy Søreide Kjær)
Rikskonsertane si avdeling for offentlege konsertar vart lagt ned i 2012 etter 50 års drift, og all musikkproduksjon som gjekk føre seg i Rikskonsertane sine lokaler i Nydalen i Oslo vart avvikla. I 2016 vart Kulturtanken oppretta som eit resultat av eit politisk vedtak i 2015 om å gje Rikskonsertane eit nytt og utvida mandat som nasjonal eining for alle kunstuttrykka i Den kulturelle skolesekken.
Les også: Rikskonsertene blir Kulturtanken
Klassisk sin påstand er at ein etter nedlegginga av Rikskonsertane i 2012 såg ein kraftig nedgang i konsertar med klassisk/samtidsmusikk landet rundt. Dei nøyaktige tala var det ein viss diskusjon rundt i panelet, uansett er det som fleire påpeika endå tidleg å talfeste dei konkrete konsekvensane av nedlegginga. Det trengs ei grundig undersøking, og foreininga Klassisk er allereie er i gang med ei konsertregistrering i samarbeid med Norske Konsertarrangører.
Men Hans Ole Rian kunne under debatten fortelje at musikarmedlemmane i Creo sine tilbakemeldingar er at det er færre oppdrag i dag.
– I mandatet (til Kulturtanken, journ.anm.) frå Kulturdepartementet står det at dei andre kunstartane skal vektast opp. Det står ikkje at musikk skal vektast ned, men når budsjettmidlane skal fordelast på same nivå, må fylgjeleg noko gi når noko anna får.

Hans Ole Rian i Creo (Foto: Tommy Søreide Kjær)
– Men at Rikskonsertane forsvann utan at det låg føre eit alternativ som skulle ivareta dei funksjonane Rikskonsertene hadde hatt, var, for å seie det snilt, dårleg politisk handverk.
Regionalt kompetansesenter for klassisk musikk
Foreininga Klassisk ser eit behov for eit slikt alternativ, og lanserte i februar i år tiltaket “Klassisk for alle”. I dag har vi regionale kompetansesenter for rytmisk musikk, jazz, folkemusikk. Desse sentera fungerer som bindeledd mellom musikarar og arrangørar i regionane, bidreg med støtte og hjelp til medlemmane, og organiserer i somme tilfelle turnear.
Tilsvarande senter for det klassiske musikkfeltet finst ikkje.
Klassisk meiner ein bør opprette ein organisasjon som har mandat og midlar til å “sette opp turnéer for musikere og ensembler. Tilby arrangører, kulturhus og egnede konsertlokaler konserter med klassisk og samtidsmusikk” (frå “Klassisk for alle”).

Anne Aavatsmark (Foto: Tommy Søreide Kjær)
– Det er litt av eit lappeteppe å skulle legge opp turnear, seier Anne Aavatsmark, leiar i Ungdomssymfonikerne. Ho påpeikar også at fleire av dei musikarane ho har kontakt med, spesielt dei som er nyutdanna, ynskjer seg ein stad å henvende seg for råd og hjelp til å generere fleire spelejobbar, for eksempel. Slik dei regionale ressurssentera for jazz og folkemusikk fungerer i dag.
Men Ingrid Elisabeth Handeland frå Norsk publikumsutvikling åtvarar mot ei unødvendig byråkratisering, og påpeikar dessutan at:
– Om det er sysselsetting av musikarar vi er opptekne av, så er vi på feil spor.
Handeland poengterer at vi ikkje berre kan sende ting ut og forvente at publikum då kjem av seg sjølv. Vi må dessutan først gjere analyser av konsertar og publikum:
– Veit vi kor mange som var der? Kven som var der?

Ingrid Handeland (Foto: Tommy Søreide Kjær)
Som Rian tidlegare nemnde er ikkje Creo utelukkande opptekne av musikarane sine vilkår, men samfunnsoppdraget som ligg i å få ut musikken.
Men dette botnar kanskje i at publikumsbygging, samfunnsoppdraget i å få kunsten ut og sysselsetting av musikarar heng i hop?
Tilbake til Rikskonsertane?
No er ikkje alle med på å sørge over nedlegginga av Rikskonsertane. Vil vi tilbake til dei? Rikskonsertane produserte forholdsvis kostbare produksjonar til ein sterkt redusert pris. Ein gåvepakke for arrangørar, på eit vis.
Men leiar i Bærum Kulturhus, Morten Walderhaug, er i utgangspunktet svært kritisk til at institusjonar skal bestemme kva som skal programmerast av arrangørane, og valde å ikkje programmere produksjonane frå Rikskonsertene.
– Rett og slett fordi vi ikkje synst dei var gode nok. Paradokset var at dei leverte dyre produksjonar, opp mot 150/200 000 per arrangement, som ein arrangør kunne betale 15 000 kr for. Då var det så billeg at ein slapp å bry seg. Ein kunne berre takke ja, og så hadde ein sjekka av på den boksen. Men det var ikkje noko engasjement for å selje det, for å bygge opp interesse osv, og derfor døydde også Rikskonsertane, sa Walderhaug, før han la til:
– Eg vil mykje heller ha eit ærleg konsertliv, som byggjer på responsen ein klarer å utvikle i forhold til publikum – ein interaksjon mellom publikum og scene.

Morten Walderhaug (Foto: Tommy Søreide Kjær)
Etter å ha nærlest Rikskonsertane si rapport for 2012, påpeika Walderhaug at talet på offentlege, klassiske konsertar var rundt 22 i 2012.
– Eg kan garantere at kulturhus rundt om i landet leverer det ti-dobbelte klassiske produksjonar i dag, til ein brøkdel av kostnadane.
Men, som sagt, var det litt ulike syn på dette talet.
Bærum kulturhus er tross alt kanskje i ei særstilling i landet, påpeikar Rina Mariann Hansen.
– Eg trur at det bør fins pakkar ein kan tilby, som ein har råd til uavhengig av om ein har det publikumsgrunnlaget for å kunne programmere sjølv. Heile landet har ikkje det same publikumsgrunnlaget som Bærum.
Hansen er oppteken nettopp av publikumsutvikling, og av det å få “ting ut til fler”.
– Det vi ser i alle kulturbruksundersøkingar gjort av SSB syner at det er ekstremt skeivt når det gjeld kven som brukar dei ulike kulturinstitusjonane i Noreg. Det er ekstremt skeivt når det gjeld kjønn, inntekt, og kvar ein bur i landet.
Men det interessante er at ei undersøking Norsk publikumsutvikling har gjort for Oslo kommune gir eit litt anna perspektiv.
– Denne undersøkinga på barns kulturbruk viste at interessa for, og ønsket om, å oppdage ulike kulturuttrykk er mye jamnare fordelt i befolkninga uavhengig av innvandringsbakgrunn, kjønn, inntekt, geografi. Så interessa gjenspeiler ikkje faktisk kulturbruk. Og det i ein by som Oslo, som i teorien har overflod av stader å besøkje.
– Det fortel at det offentlege må lage nokre strukturar som faktisk møter ynskjet til enkeltmennesket med tilbod.
Før ho legg til at ho heller ikkje trur at Rikskonsertane var svaret.
Så kva er svaret?
Men kvar er det det stangar? Noreg har ei heil horv med musikarar på høgt nivå, med sterke musikalske prosjekt dei vil dele med eit større publikum. 200 meldte seg på Arena Klassisk sine 20 showcase-plassar. I tillegg finst det folk som vil på konsert landet over. Eller?
Handeland i Norsk publikumsutvikling presenterte nokre tal:
– Halvparten av Noregs befolkning vil på konsert, 25 % av dei vil på klassisk konsert, 3 % av dei vil på samtidsmusikkkonsert. Dette er tal frå regionale undersøkingar vi gjer – desse tala var frå Vestfold. Det vil seie at det ikkje er så mykje publikum der ute, eigentleg. Det er ikkje gitt at ein ved å sende produksjonar ut der, så vil dei tala der blomstre.
Der Handeland tilsynelatande fortel dette for å vise at det er marginal interesse for denne musikken, ser moderator Døving det positive: – Er det verkeleg 25 % (av 50 %, i Vestfold) som kunne vere interessert i å sjekke ut meir klassisk musikk?
Så kva er det som vippar desse over frå å vere interessert i å sjekke ut, til å faktisk sjekke det ut? Handeland trekk fram formatet.
– Ynskjer ein å bygge publikum for klassisk musikk må ein byrje i ein annan ende enn å telle konsertar.
Vi må tørre å tenkje meir kreativ når det gjeld formatet, meiner Handeland. – Eg vil påstå at det finst mange fleire format å oppleve klassisk musikk i.
Kanskje er Lassen inne på noko i sin låtkronikk “Kulturrus (Aldri mer kulturhus)”? Og sjølvsagt finst det initiativ i det klassiske miljøet for å presentere musikken i nye format. Eit eksempel er konsertserien Klassisk på Victoria, operapub, for ikkje å snakke om dei ulike kammermusikkfestivalane rundt om i landet som tek med seg strykekvartettar og kor opp bratte fjellsider og inn i naust.
Men ligg det også eit pedagogisk oppdrag her? Rian trekk fram nedprioriteringa av estetiske fag i skulen. Den klassiske musikken treng ikkje berre vere ein del av skulen. Aavatsmark trekk fram eit samarbeid Ungdomssymfonikerne har hatt med gaming-miljøet og spel-messa “The Gathering” på Hamar, der dei ynskjer å løfte fram musikkbruken i desse spela. Fleire orkester har også hatt spelmusikk på repertoaret.
Men det pedagogiske gjeld kanskje ikkje berre hjå barn? I desse algoritmetider er det freistande å spørje: Veit vi alltid kva folk vil ha? Veit dei det sjølv? Er det kanskje slik at folk vil ha det dei ikkje visste dei ville ha? I konsertserien Sofar Sounds er artistane hemmelege til konsertstart. Dei er utseld kvar gong.
Er vi, i desse tider med valfridom i høgsetet, underernært på at folk vel for oss?
Om folk ikkje blir eksponert for klassisk musikk, døyr iallefall interessa. Jennie Wilhelmson fortalde om tettstedet Sala i Sverige:
– Det vart sagt om Sala at ingen der var interessert i klassisk musikk. Ok? Då sette vi opp ein kammermusikkonsert der – og 150 kom. Det er som 3-400 på ein kammermusikkonsert i Västerås.

Jennie Vilhelmson (Foto: Tommy Søreide Kjær)
Først og fremst vart denna journalisten sitjande igjen med ei rekkje spørsmål etter debatten, og då har Agenda Klassisk oppnådd det dei ville. Har vi lyst til å ende opp med ein infrastruktur som er endå meir sjangerdelt? Eit anna spørsmål er om denne sjangerdelinga kan stå i vegen for publikumsutviklinga. Mykje av problematikken det klassiske musikkfeltet har gjeld også for sjangrar som jazz og folkemusikk. Er det fleire strukturar som må brytast ned? Og kva strukturar trengs i staden? Køyr debatt!
Før ho måtte gå, sa Rina Mariann Hansen:
– Vi må finne nøkkelen – vi må sjå kva dei gjer, dei som får det til.
Det er iallefall ein stad å starte.
Arena:klassisk arrangeres i samarbeid med Klassisk, CREO, NTO og Norsk Komponistforening. Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Per i dag er NOPA, Norsk Komponistforening og Norsk musikkforleggerforening medlemmer i Foreningen Ballade.

Ujevn og uklar "Terminus"
Tekst og musikk trekker i hver sin retning, kryssende agendaer gjør resultatet dels for anmassende, dels for sprikende, midt i den gode viljen, skriver kritiker Erling E. Guldbrandsen om kammeroperaen "Terminus".

Om søyler, sari og svevende skip
Ballade klassisk tar for seg fire nye kunstmusikkplater, og kritikeren gleder seg over det han får oppleve.

Hvor brenner det, Erica Leypoldt og Lars Tefre Baade?
Vi må snakke om PROMO. Fungerer utstillingsvinduene i dag, og hvordan promoterer artister seg best i 2025? Hvem vil pressen egentlig snakke med? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Jørgen Karlstrøm til svenske Bonus Copyright Access
Karlstrøm blir administrerende direktør i svensk opphavsrettsorganisasjon.

Salt i Oslo kan bli nødt til å stenge dørene
Myndighetene varsler full stopp av aktivitet innen 1. juli.

Derfor bør vi lære norsk folkemusikk og folkedans på voksenopplæringen
Det burde være flere arenaer for formidling av norsk folkemusikk og -dans i voksenopplæringen. Det er en super inngang til å lære språk, historie, kroppsspråk og sosiale koder – samtidig som det bygger fellesskap, skriver Ely Navarro i Stiftinga Hilmar Alexandersen.