Nordisk samarbeid om søkelys på kjønn og likestilling i høgare nordisk musikkutdanning.

GENUS-konferansen i Kristiansand 2019. Deltakerne diskuterer, © Nico Hagen

Genus m., n., latin: ‘kjønn, slekt, måte’; opphav: generere (les: produsere, lage barn).
Frå Wikipedia og SNL.

Genus viser til det sosiale kjønnet – altså den konstruerte feminiteten og maskuliniteten i samfunnet, i motsetnad til det biologiske kjønnet, sexus. Dette verkar også å fungere som ein god indikator på GENUS-konferansens misjon og verdiar, visjon og strategiar.

For det er konstruert som er stikkordet her: Gutar speler instrument, medan jenter syng. Og truleg ligg problemet i samfunnsstrukturen – innarbeidd i ubevisst tale- og veremåte. For kan ein seie at gutar er predisponerte for til dømes trommer? Neppe. Her er det meir sannsynleg at trommestikkene blir tildelt guten, medan jenta blir sendt på songtimar av sine foreldre.

Noko av målsetjinga til GENUS-konferansen som fann stad i Kristiansand 13. – 15. mars i år var såleis å finne svar på kvar problema oppstår, kva verktøy ein kan ta i bruk for å motarbeide desse, og korleis ein kan systematisere og tilgjengeleggjere verktøya for alle som er involverte i denne problematikken.

Skandinavisk triologi
Tre nordiske institusjonar har samla troppane for å rette søkelyset mot kjønnsbalanse i høgare musikkutdanning. Universitetet i Agder (NO), The Royal Danish Academy of Music (DK) og Malmö Academy of Music (SE) står som hovudarrangørane av konferansen, som er planlagt å gå føre seg som ein triologi.

Grunnen til at akkurat desse institusjonane inngjekk samarbeid, var eit noko tilfeldig møte mellom studieprogramleiar for rytmisk musikk ved UiA, Hilde Norbakken, studieprogramleiar for musikkpedagogikk ved Malmö Academy of Music, Lars Andersson, og viserektor ved Royal Academy of Music, Keld Hosbond.

De nordiske arrangørene av GENUS-konferansen 2019, © Nico Hagen

Første del vart gjennomført i Kristiansand nyleg, og fungerte som ein introduksjon til, og ei bevisst- og synleggjering av problematikken vi står ovanfor. Dei to neste konferansane vil finne stad i Danmark i 2020 og i Sverige i 2021 – høvesvis med fokus på utdannings- og sosialiseringsstadia før universitetsnivå, og profesjonsstadiet etter fullført utdanning.

Kartlegging av kvinnelege instrumentalistar
I forkant av konferansen utforma arbeidsgruppa ei kartleggingsundersøking av andelen kvinnelege studentar og tilsette på delegatanes institusjonar. Undersøkinga per no er ikkje gyldig, ettersom ho enno ikkje er fullført.

Ho viser likevel tydlege tendensar:

Andelen kvinnelege tilsette og studentar innan rytmiske musikkutdanningsinstitusjonar verkar å ligge mellom ein fjerdedel og ein femtedel. Sjølv om dette er tendensen, ser vi også tal som «to kvinnelege av totalt tjuefem studentar».

Utan å gå for djupt inn i kva instrumentgrupper det er snakk om, veit vi at den største andelen kvinner er vokalistar og/eller pianistar. I dømet med dei “to av tjuefem” har også desse vokal og piano som hovudinstrument.

Kreativ konferansestruktur
Med eit gjennomgåande fokus på delegaten som innhaldsskapar, oppstod det tidleg ei open og varm atmosfære på konferansen. I alt 14 institusjonar, inkludert norske Norges musikkhøgskole (NMH), Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Tromsø (UiT) og Ansgar Teologiske Høgskole, var representerte blant dei 54 deltakarane.

Desse vart igjen plasserte i 10 mindre diskusjonsgrupper, som samarbeida gjennom heile konferansen. I staden for klassiske keynote speakers, la programmet opp til kortare innlegg frå fleire talarar med ulik bakgrunn.

Grunnen til at valet fall på eit konferanseoppsett med fokus på delegatens stemme, var eit tidlegare gjennomført utviklingsprosjekt med same oppsett. Dette var i regi av Malmö Academy of Musics representant, Lars Andersson, og viste seg å vera ein produktiv modell for innhaldsskaping.

Panelsamtale under GENUS-konferansen 2019, © Nico Hagen

Sentrale for konferansens innhald var også Artist in Residence, Hedvig Mollestad Thomassen, og Professor in Residence, Sally-Anne Gross. Deira funksjon, i tillegg til å halde innlegg, var å kommentere innlegga som vart presenterte undervegs samt å ta del i gruppediskusjonane som føregjekk. Dette ga grobotn for fine refleksjonar, og skapte eit dynamisk bindeledd mellom perspektiv på både mikro- og makronivå.

Artist in Residence – Hedvig Mollestad Thomassen
Mollestad er uteksaminert frå Norges musikkhøgskule (NMH), der ho studerte jazzgitar. Mollestad Thomassen markerer seg som ein aktiv utøvar, og var såleis ein naturleg kandidat for AiR-rolla under konferansen.

I 2009 vart ho kåra til «årets unge jazztalent» under Moldejazz, og i år skriv ho Tingingsverket til Vossa Jazz. Ho er målgruppa konferansen diskuterer, og fungerte såleis som ein viktig og riktig bidragsytar.

Som kvinneleg instrumentalist har Mollestad Thomassen ofte blitt konfrontert med kjønnet sitt framfor utøvinga si.

– Eg har noko eige ved spelet mitt som er mykje høgare oppe på lista enn at eg er eit kjønn. Det blir kult når folk skjønar det, når jenter kan bli møtt med same kjønnsfridom som gutar. For faget kjem først, sa ho i eit intervju med Ballade i vinter.

Det var derfor spesielt spennande å sjå Hedvig Mollestad Trio live under konferansen. Eg har diverre sjeldan hatt konsertopplevingar der kvinner utgjer 2/3 av bandet. Det bør kanskje nettopp derfor adresserast at Mollestad, paradoksalt nok, også her vart konfrontert med kjønnet sitt – ved å vera ein representant for kvinnelege instrumentalistar. Valet treng nok likevel ikkje ytterlegare rettferdiggjering, enn å botne i viktigheita av å synleggjera kvinnene vi faktisk har i norsk musikk.

Hedvig Mollestad Trio, her Ellen Brekken og Hedvig Mollestad Thomassen, © Nico Hagen

– Det er svært viktig at aspektet av kjønnsubalanse innan høgare musikkutdanning blir adressert, og at det blir behandla på ein måte som aukar bevisstheita rundt det, også på eit breiare område enn kun dei spesifikke fagfelta innan musikologi og utøvande musikk. For vi treng eit høgare bevisstheitsnivå når det gjeld korleis vi forventar at ulike kjønn skal oppføre seg i samfunnet vårt, sa Mollestad Thomassen sjølv om konferansen.

Professor in Residence – Sally-Anne Gross
I si forsking har Sally-Anne Gross lenge studert kjønnsforskjellar og mangfald. Gjennom dette arbeidet har ho også vore ei sentral drivkraft innan feltet. Innan akademia er Gross leiar for masterstudiet i Music Business samt professor i Music Management ved Universitetet i Westminster.

I tillegg til sitt virke som professor har ho også ei lang og vidfamnande merittliste. I godt over 25 år har Gross jobba som manager, direktør i plateselskap, A&R manager ved Mercury Records og som International Business Affairs Manager. Ho har også vore involvert i fem plateproduksjonar som så langt har solgt over ein million eksemplar.

På spørsmålet om kva ho tek med seg vidare frå konferansen, svarte ho følgjande:
– Eg trur vi har vore heldige med å ha opne diskusjonar, og eg vil ta med meg nokre av dei praktiske løysningane folk allereie har starta å jobbe med (under konferansen). Til dømes var det veldig spennande med “kun jenter”-kursa (Lipstick Music i Bergen, LOUD i Kristiansand, og Jenteprosjektet komposisjon ved NMH i Oslo, journ. anm.). Det var veldig, veldig fint å sjå korleis små initiativ kan vera så effektive når det gjeld endringa i musikkens kjønnsdynamikk.

Manglande førebilete
Som i dei fleste minoritetsproblematikkar ser vi at mange av vanskane stammar frå manglande førebilete og rollemodellar. Dette kom også fram som eit sentralt poeng i intervjuet med bassist og utvekslingsstudent ved Universitetet i Agder, Emilia Lindblom. Lindblom fortalde om sine rollemodellar gjennom oppveksten:

– Vel, eg kjem frå ein musikalsk familie med ei mor som spelar og underviser cello, og ein far som utøver bass profesjonelt, så eg antar at det starta heime.

GENUS-konferansen 2019: Intervju fra scenen, © Nico Hagen

– Vi hadde ein veldig god lærar på barneskulen, som fekk elevane til å prøve alle instrument – det var ei superfin tilnærming til bandundervisning. Så, frå alderen 13-16 år, hadde vi ein kvinneleg lærar som spelte gitar. Ho var veldig inspirerande, og også ho hadde den same tilnærminga til undervisning, ved å la alle få prøve alt. Ho visste at eg studerte bass, så ho oppmoda meg til å fortsette. Ho fekk meg til å spele.

– Hovudproblemet har likevel vore å ikkje ha noko band å spele med utanom skulen. Gutane hadde fleire band saman, og eg sat heime og spelte bass til ulike plater. På den tida skulle eg ønske at eg hadde folk å spele med. Heldigvis har eg funne det gjennom studia på høgare nivå.

Normdanning og nyansering
Det kan vera lett å kimse av ein slik problematikk. Ikkje fordi den ikkje er reell, men fordi Norden allereie ligg i teten innan likestillingsarbeid.

Jamfør World Economic Forum sine tal for 2018, finn vi Island, Norge, Sverige og Finland som høgst rangert på den globale indeksen over likeverd.

Hittil har ikkje noko land oppnådd fullstendig paritet, men Norden ligg altså nærast ei realisering med 82,1 – 85,8% likestilling. Til samanlikning ligg det globale gjennomsnittet på 68%.

Generelt sett har altså Norden jobba seg opp på eit nivå der ein i staden for å føre binære diskusjonar for og mot, no også kan nyansere og forme det som kan bli eit faktisk likestilt miljø. Det handlar om at alle kjønn skal bli presenterte for den same fridomen.

Og slik er det ikkje i dag. Gjennom eksisterande normer og strukturar har det blitt konstruert ein skeiv plattform, der enkelte moglegheiter ikkje er reelt tilgjengelege for omlag 50 % av befolkninga.

Ei verktøykasse for framtida
Konferansen fungerte altså som ein møteplass for institusjonar og organisasjonar som vil ha ei endring. For faktisk å få til denne endringa, utan å la ord bli kun med ord, var konferansens overordna mål å skape ein “toolbox”.

Tanken er at denne skal kunne nyttast på alle nivå, av alle studentar og tilsette innan feltet. Som kulturskulelærar skal ein til dømes kunne klikke seg inn på konkrete tiltak for å behalde kvinnelege instrumentalistar i kulturskulen, og på same måte skal ein kunne orientere seg om førebyggande tiltak på det nivået ein underviser.

Ved å diskutere god og dårleg praksis, feilskjer og positive gjennombrot under konferansen, samt å skape ei digital verktøykasse, presenterer den endelege visjonen seg som ei endring i tal og tendensar. Dette er ein reell visjon og misjon.

Ein veit likevel at det ikkje vil vera verktøya spesifikt som vil utgjera balanse i ubalansen, men ei normdanning, noko som nødvendigvis vil skje over fleire år.

Med i alt 18 høgst engasjerte studentar som forlot konferansen etter siste programpost verka uansett GENUS å ha nådd sitt viktigaste mål: Auka bevisstheit, synlegheit og engasjement for neste generasjons musikkprofessorar.

Publisert:

Del: