Det er tverrpolitisk semje om at musikkterapi bør ha ein større plass i helsevesenet, men ikkje semje om kva ein eigentleg snakkar om, skriv Brynjulf Stige, professor i musikkterapi.

Illustrasjon: Berlioz / Wikimedia Commons

Helse- og omsorgskomiteen har levert si innstilling til representantforslag frå stortingsrepresentantane Anne Tingelstad Wøien og Kjersti Toppe om å implementere musikkterapi i helsetenesta og å auke den nasjonale utdanningskapasiteten. Det er tverrpolitisk semje om at musikkterapi bør ha ein større plass i helsevesenet enn i dag, men førebels ikkje semje om kva dei politiske verkemidla som kan fremje dette målet er. Det er heller ikkje semje om kva ein eigentleg snakkar om. Fleirtalet i komiteen skil i merknadene sine ikkje mellom musikkterapi og annan musikkaktivitet i sektoren. Det gjer debatten uklar og reduserer sjansane for at brukarane får tilbod i tråd med eigne behov og nasjonale faglege retningslinjer. Stortinget gjer vedtak i saka 19. juni.

Det aktuelle representantforslaget inneber at Stortinget ber regjeringa om å 1) sette krav om tiltak som stimulerer til kunnskapsbasert implementering av musikkterapi i tenestene, 2) opprette ei tilskotsordning til kommunar og helseføretak som etablerer nye musikkterapistillingar i tenestene, 3) sikre ressursar til følgjeforsking, og 4) auke den nasjonale utdanningskapasiteten i musikkterapiutdanninga. Dette grunngjev representantane Wøien og Toppe slik:

Musikkterapi vert no tilrådd som behandlingsform i fleire nasjonale faglege retningslinjer på helse- og omsorgsfeltet, blant anna innan psykiatri, rusbehandling, palliasjon og for personar med demens. Musikkterapi representerer ei tilnærming til helsearbeid som fremmer ressursar, motivasjon, brukarmedverknad og deltaking i eigen tilfriskningsprosess. Musikkterapi er legemiddelfri behandling og eit helsefag med ein etablert forskingstradisjon for dokumentasjon av effektar. Samstundes er det eit musikkfag, der oppleving, meining, meistring og fellesskap står sentralt (Dokument 8:97 S (2016-2017)).

I si innstilling til representantforslaget skriv ein samrøystes komité at dei er einige med forslagsstillarane i at musikkterapi er viktig. Likevel kjem ikkje komiteen til semje om politiske verkemiddel i saka. Forslaget om å stimulere implementering av musikkterapi i helsetenesta og å auke nasjonal utdanningskapasitet får ikkje støtte i denne omgangen, der komitéfleirtalet av regjerings- og støttepartia m.a. skriv:

Flertallet er enig i forslagsstillernes intensjon om å benytte musikkterapi som en mer integrert del av tjenestene, og viser til at studier viser at når ansatte får mulighet til å bruke sang eller musikk terapeutisk, fungerer det mot uro og depresjon ved demens, og mot utagering ved stell og daglige aktiviteter (Innst. 449 S (2016-2017)).

Les også: Musikk: ein ressurs for barn og unge i barnevernet?

Her går fleirtalet i komiteen seg vill språkleg, og det faglege grunnlaget for politisk vurdering vert difor uklart. At helsefagarbeidarar og sjukepleiarar får kurs og opplæring i bruk av musikk kan vere ein fin ting, men det var ikkje det forslaget handla om. Argumentet kan samanliknast med å vise til tiltak for fysisk aktivitet som respons på eit forslag om utvikling av fysioterapitenester. Ingen kan argumentere for at det ikkje er viktig med fysisk aktivitet, men det er ikkje det same som fysioterapitenester. Ein kvar meiningsfull diskusjon av prioriteringar og satsingar føreset ryddig bruk av omgrep, der det i dette tilfellet vert viktig å skilje mellom musikkterapi, musikkbasert miljøbehandling og musikk som kulturtilbod (sjølv om det siste ikkje er under debatt denne gongen). I det første tilfellet er det snakk om behandlingstilbod baserte på ein spesialisert kompetanse som fordrar fem års utdanning på universitetsnivå. I det andre tilfellet er det snakk om miljøtilbod initierte av helsepersonell med kortare kurs eller tilleggsutdanning i bruk av musikk. I det tredje tilfellet er det t.d. snakk om tilbod i regi av Den kulturelle spaserstokken, gjennomførte av profesjonelle musikarar.

Dei to norske masterutdanningane i musikkterapi ligg ved Norges musikkhøgskole i Oslo og ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og det er ikkje tilfeldig at utdanningane ligg ved to av dei mest sentrale musikkutdanningsinstitusjonane i landet. Er ikkje musikken god, er vanlegvis heller ikkje den terapeutiske effekten det. Akkurat kva «god musikk» tyder, kan rett nok variere frå person til person og situasjon til situasjon, men i musikkterapien er det i stor grad slik at musikkens bruksverdi ikkje er uavhengig av musikkens eigenverdi. Det er ikkje først og fremst snakk om å bruke musikk som stimulering eller sedering, men om å invitere til eit musikalsk samspel som kan skape engasjement og aktivere ressursar for deltaking. Profesjonell praksis føreset då høg musikalsk kompetanse kombinert med mellommenneskeleg og helsefagleg kompetanse.

Det feltet innan musikkterapien som er kome lengst når det gjeld forsking på helsefaglege effektar, nemleg musikkterapi med pasientar med psykoselidingar, kan illustrere dette. Her finst det ei rekkje randomiserte kontrollerte studiar internasjonalt, der ein metaanalyse som forskarar ved Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) har publisert, viser at musikkterapi har signifikante effektar på pasientane sin motivasjon, kontakt med eigne emosjonar, og evne til å engasjere seg i sosial samhandling. Dei utfordringane pasientar med psykoselidingar kan ha på desse områda vert ofte kalla «negative symptom», og dette er symptom som ikkje kan behandlast effektivt med medisin. Det er dessutan slik at retten til å velje medisinfri behandling er styrkt i Noreg i seinare tid. Då er det viktig – som tidlegare forsking også viser – at musikkterapeutane har kompetanse til å bruke musikkens kommunikative potensial. Musikkterapi er då også gitt ei sterk tilråding i nasjonal fagleg retningslinje for behandling av pasientar med psykoselidingar, der Helsedirektoratet presiserer at behandling må utførast av terapeut med godkjend utdanning i musikkterapi.

Eg finn det difor oppsiktsvekkjande at komitéfleirtalet ikkje skil mellom musikkterapi og andre musikkpraksisar, og at Helse- og omsorgsdepartementet i eit brev i saka heller ikkje gjer det. Kontrasten til språkbruken som elles dominerer helsevesenet og helsepolitikken er slåande, der ein i andre samanhengar legg stor vekt på presisjon, kvalitet og kompetanse. At musikk og musikkterapi slik ikkje vert tatt heilt alvorleg, er noko fagmiljøa ved Norges musikkhøgskole og Griegakademiet nok kan irritere seg over. Verre er det at det fører til at pasientar og brukarar ikkje vert tatt på alvor.

Det er eit problem at musikkterapi i dag berre er tilgjengeleg for nokre få pasientar i nokre få kommunar og helseføretak i nokre få delar av landet. Med dagens implementeringstempo vil det ta 50 til 100 år før musikkterapi – som dokumentert og tilrådd behandling – er tilgjengeleg for aktuelle brukarar nasjonalt. Samstundes veit vi at brukarar og brukarorganisasjoner ønskjer musikkterapitilbod som kan fremme ressursar og brukarmedverknad i helsetenesta.

Brynjulf Stige, professor i musikkterapi, Griegakademiet, UiB

Publisert:

Del: